Skriving i musikk

Finn ein artikkel på Framtida junior om ein artist eller ei musikkgruppe. Bruk den som utgangspunkt for å skrive ein liknande artikkel om enten ein artist som læraren vel ut, eller om ein du sjølv likar. Fortel om musikken og kvifor du likar/ikkje likar musikken. Å skildre kvifor ein likar musikk er ikkje alltid så enkelt, men du kan bruke desse startsetningane:
- Musikken handlar om …
- Songane gjer meg glad …
- Eg får lyst til å danse …
- Stemma hans/hennar er ….
- Rytmen i musikken gjer at eg får lyst til å …
- Tempoet er høgt/sakte …
- Stemninga i musikken er …
Presenter artisten for klassen og spel ein song eller utdrag frå ein song i klassen. Slike omtalar kan også sendast til Framtida junior. Kanskje får du sjå han på trykk eller i nettavisa?