17. mai
I denne ressursen finn du aktivitetar som kan vere engasjerande å halde på med i samband med 17. mai. Opplegget passar for elevar på barnetrinnet og er innom både norsk, musikk, kroppsøving, samfunnsfag og kunst og handverk.
Nokre stader finn du forslag til tilpassingar alt etter alder på elevane. Her finn du både stasjonsoppgåver med 17. mai-tema og skriveoppgåver. De kan bruke alle stasjonsoppgåvene eller plukke ut dei som passar best for di gruppe.
Vi har også samla eit utval nynorske songar som passar godt å bruke i arbeidet med nasjonaldagen.
Går vi til LK20, ser vi at eit av kjerneelementa i musikkfaget er «kulturforståing». 17. mai og songane vi brukar på denne dagen, handlar om å forstå den nasjonale kulturen og tradisjonane. Ser vi vidare i LK20, ser vi at det å synge og spele er viktig for å få ei slik forståing.
«Kjerneelementet kulturforståing handlar om korleis songen og musikken elevane utøver, lager og opplever, er forankra og har betydning i kulturen det spring ut av» (LK20).
Sidan 17. mai også er ein viktig dag for kongefamilien, har vi funne nokre tekstar om kongen, samt nokre bøker som handlar om prinsesser.
Felles samtale i klassen
- Snakk om orda demokrati og monarki. Kva tyder dei? (Demokrati = folkestyre. Monarki = styreform i ein sjølvstendig stat med ein konge som øvste representant).
- Folkestyre heiter «demokrati». Kva heiter det når den som styrer landet, bestemmer alt, og folket har lite dei skal ha sagt? (Diktatur)
- I eit monarki går det i arv å vere den øvste leiaren. Kva heiter styreforma der ein folkevald president er øvste leiar? (republikk)
Her kan du lese meir om kva eit monarki er: https://framtidajunior.no/2022/01/21/3-av-4-unge-synest-bor-halda-fram-med-ha-ein-kongefamilie-noreg/
Skriveoppgåve
17. mai er viktig også for kongefamilien, og dei feirar i lag med heile landet. Dei helsar på barnetoget på Skaugum, der kronprinsfamilien bur, og dei står og vinkar til barnetoget frå slottsbalkongen.
Konge for ein dag!
Tenk deg at du høyrer til i kongefamilien, og at det er 17. mai. Korleis trur du det hadde vore? Korleis er det å stå og vinke i fleire timar på slottsbalkongen, trur du? Fortel om korleis 17. mai-feiringa di hadde vore dersom du var konge, dronning, (kron)prins eller (kron)prinsesse.
- Les gjerne denne teksten for å lære endå meir om kong Harald: https://framtida.no/2020/09/28/ni-gongar-kongen-var-konge
Stasjonsoppgåver
Desse stasjonsoppgåvene krev plass til å bevege seg, og det kan vere lurt å gjennomføre dei i ein gymsal eller eit anna rom med stor golvplass. Dei kan også gjennomførast ute, men då kan det vere lurt å ha skriveunderlag tilgjengeleg.
Det er ein fordel om elevane er delt inn i partalsgrupper.
-
Kaste på blink: 17. mai-ord
Utstyr
- post-it-lappar
- skrivebok/papir og skrivesaker
- rockeringar eller hoppetau (fem stykk)
- erteposar
Førebuing
- Vel ut nokre av orda frå lista og skriv dei på post-it-lappar (eitt ord på kvar lapp).
- Legg fire av rockeringane utover golvet. De kan også bruke hoppetau og forme dei til sirklar.
- Plasser den femte rockeringen eit stykke frå dei andre. (Som ein «startstrek»/«kaste-ring».)
- Plasser tre post-it-lappar i kvar rockering.
- Legg elevane sine skrivebøker / skrivepapir og blyantar i nærleiken av rockeringane.
- Tilpassing: Dersom opplegget skal brukast til eldre elevar, brukar de lista med setningar som de finn nedanfor.
Gjennomføring
- Elevane får utdelt ein ertepose kvar, og ein og ein elev stiller seg i «kaste-ringen».
- Elevane skal etter tur kaste erteposen og prøve å treffe ein av rockeringane med post-it-lappar.
- Når erteposen landar i ein av rockeringane, finn elevane arket eller boka si, skriv ned dei tre orda som står på lappane i ringen, og stiller seg i kø att.
Liste med ord
is
bunad
flagg
kvitveis
bjørk
tog
song
pølse
leikar
ballong
ringspel
hurra
demokrati
nasjonaldag
Eidsvoll
Noreg
russ
fridom
nasjonalsong
Henrik Wergeland
Bjørnstjerne Bjørnson
mangfald
barnetog
Liste med setningar
Eg et mykje is.
Mange har på seg bunad.
Flagga er heisa på 17. mai.
Kvitveisen står og blømer i skogen.
Bjørka har fått grøne lauv.
Barn og vaksne går i tog på 17. mai.
Vi syng songar om landet vårt.
Mange likar å ete pølse med brød på 17. mai.
Barna kan vere med på leikar.
Det er populært med ballongar.
Ringspel er ein av leikane som ein kan halde på med på 17. mai.
Vi ropar «hurra!» og er glade.
-
Sekkeløp: ord med diftongar
Utstyr
- Søppelsekkar (Nok til gruppa. Elevane kan ha kvar sin, eller to og to kan dele.)
- Kvitt A4- eller A3-ark
- Skrivesaker (ark eller skrivebok og blyant.)
Førebuing
- Skriv orda frå lista på det kvite arket.
- Heng arket på ein vegg.
Gjennomføring
- To og to elevar samarbeider på denne stasjonen.
- Elevane stiller seg på «startstreken» eit stykke frå det kvite arket.
- Elev 1 hoppar bort til arket med diftong-ord, studerer skrivemåten til det første ordet på arket, og hoppar tilbake. Der skriv eleven ned ordet medan elev 2 hoppar bort for å finne neste ord.
- Slik held dei fram til alle orda er skrivne ned.
- Til slutt:
- Set ring rundt diftongen i ordet.
- Set strek under orda som har med 17. mai å gjere.
Liste med diftong-ord
meir
kvitveis
lauv
sløyfe
fløyte
auge
laus
løyndom
mai
einig
røyst
hai
pai
oi
haust
-
Potetløp-stafett: hent bokstavar og lag ord
Utstyr
- Skeier
- Brikker/mjølketopper eller lappar med bokstavar
- Post-it-lappar
- Skrivesaker (ark og blyant)
- Poteter
Førebuing
- Nummerer post-it-lappane med 1, 2 og 3. Lag to av kvart nummer.
- Legg post-it-lappane ved sida av kvarandre slik: 1-2-3. 1-2-3. (Det er tre post-it-lappar for kvart stafettlag).
- Legg bokstavbrikkene/lappane i haugar ved dei ulike post-it-lappane (sorter bokstavane slik at kvar haug med bokstavar kan bli til ord frå lista nedanfor).
- Finn fram skeier og poteter. (2 av kvar).
Gjennomføring
- Del gruppa i to, og still elevane opp på to rekker.
- Den fremste i kvar rekke har ei skei med potet på.
- Elevane som held skeia med poteta, spring fram til den første haugen (post-it-lapp- haugen med talet 1) og plukkar med seg ei bokstavbrikke som dei tek med seg tilbake. Så går skeia og poteta vidare til nestemann i køen, som spring fram og hentar neste bokstav. Slik held dei fram til alle brikkene i haugen er henta tilbake til laget.
- Elevane må stokke om på bokstavane og lage eit ord før dei kan starte å hente bokstavar frå haug nummer 2.
- Elevane skriv ordet dei lagar, ned på eit ark.
- Når elevane har funne alle dei tre orda, er dei ferdige med stafetten. Dersom dei er raske, kan dei få ei ekstraoppgåve. Det kan til dømes vere å skrive ei setning med kvart av orda, eller sjå om dei kan lage fleire ord med bokstavane.
Forslag til ord
(Vel dei orda som passar best for elevgruppa, med tanke på vanskegrad og tal bokstavar.)
pølse
flagg
bunad
kake
lærar
sukkerspinn
hurra
solbriller
sol
sko
skaut
dress
sennep
bjørk
blome
fuglar
hestehov
ballong
saft
hurrarop
sløyfe
korps
tog
fest
-
Spring, hink eller hopp: Les og hugs
Utstyr
- Skrivesaker
- Arket med setningar
- Svarark
Førebuing
- Skriv ut arket med setningane.
- Klipp ut ei og ei setning.
- Skriv ut svararket. Hugs å skrive ut så mange at det er nok til kvar gruppe.
- Legg setnings-strimlene, med teksten ned, ved punkt B.
- Legg svararket, med teksten opp, ved punkt A.
Gjennomføring
- Elevane stiller seg på ei rekke ved punkt A.
- Den første eleven spring, hoppar eller hinkar fram til punkt B, snur ein av lappane og les setninga. (Lappen skal ikkje takast med tilbake).
- Eleven må hugse setninga han/ho har lese, springe, hoppe eller hinke tilbake til punkt A, og finne den same setninga på svararket.
- Når eleven har funne setninga som er lik setninga ved punkt B, kryssar han/ho av bak setninga.
- Slik held det fram til alle setningane ved punkt B er snudde, og alle dei rette setningane ved punkt A er kryssa av.
Tips: For å sjekke at elevane hugsar kva setningar som er rette, kan de ha ein kviss eller kahoot i etterkant.
Dokument til utskrift
-
17. mai-dikt
Utstyr
- Utskrift av bileta
- Fargeblyantar
- Skrivesaker
- Litt stive ark (teikneark)
Førebuing
- Skriv ut arket med bileta. (Det er lurt å laminere dei.)
- Legg bileta på eit bord eller på golvet.
- Legg fram skrivesaker og fargeblyantar.
Gjennomføring
- Elevane skal skrive eit dikt med utgangspunkt i eitt eller fleire av bileta.
- Når diktet er ferdig, skal dei teikne noko som passar til diktet, eller pynte med ei ramme. Ein vri kan også vere bruke gatekrit på asfalten, eller å la elevane lage sin eigen versjon av biletet gjennom naturkunst («land art»).
Tips
- Lag figurdikt
- Lag dikt med utgangspunkt i eit ord knytt til eitt av bileta. (kvitveis, bjørk, hestehov, flagg, fjord, fjell).
Døme:
Kvitveis
Varmt i vêret
Is smakar godt
Trampoline i hagen
Vind i håret
Elskar våren
Inne og ute
Sol på himmelen
Boktips til emnet
Songar
- Vårvise (Haldis Reigstad) https://www.tunkatten.no/songbok/aret-rundt/
- Mellom bakkar og berg (Ivar Aasen og Ludvig M. Lindeman) https://www.tunkatten.no/songbok/deg-og-meg/
- No livnar det i lundar (Elias Blix og Ludvig M. Lindeman) https://www.tunkatten.no/songbok/aret-rundt/
- Mellom bakkar og berg (musikkvideo) https://www.youtube.com/watch?v=MkqW_A-JLHs
- Dette landet (Odd Nordstoga) https://www.youtube.com/watch?v=dcnrg5ubP1c