• Blogg
  • Opplegg til halloween

Opplegg til halloween

26.10.2023

Halloweenlesing 2

Ordet «halloween» kjem frå engelsk, og tyder kanskje «all hallows eve». «Hallow» er eit gammalt engelsk ord for helgen, så tydinga er ikkje langt frå det norske «allehelgensaftan», kvelden før allehelgensdag. I Den katolske kyrkja er allehelgensdag 1. november, medan Den norske kyrkja markerer dagen fyrste sundagen i november. Mange tenkjer at halloween er noko vi har fått frå USA, men skikken er opphavleg keltisk, altså frå Irland og Skottland. I denne keltiske feiringa av overgangen mellom haust og vinter, trudde ein at døde sjeler lettare kunne finne vegen til dei levande si verd. I Irland og Skottland kan ein finne svært gamle masker, og i desse landa brukte dei å hole ut kålrot til lykter for å skremme bort det vonde.

I Noreg har mange vore kritiske til denne importerte skikken, men det ser ut som halloween har kome for å bli. Kanskje er litt av grunnen at halloween liknar mykje på den norske skikken julebukk, der ein også kler seg ut og går frå dør til dør og får snop. Den gamle julefeiringa i Noreg var, på same måte som halloween, ei farleg tid der grensa mellom verda til dei levande og dei døde var utviska. Mykje tyder på at det er sterke band mellom gardsnissen og haugbonden, altså dei døde forfedrane som vart lagde i haugar på gardane. Ein annan grunn kan vere at vi treng litt feiring i ei mørk tid der lite anna skjer.

I denne mørke og skumle tida har Nynorsksenteret samla nokre opplegg og idear til grøss, gru og halloweenfeiring. Og hugs! Halloween skriv ein med liten bokstav – på same måte som jul. Kos deg med halloween-feiringa, og lag feiringa slik du ynskjer!

For barneskulen

Her finn du lesetips med grøss og gru for ulike aldersgrupper.

Leitekryss til halloween
Leitekryss til halloween (pdf)

Oppgåve der elevane skal finne halloween-ord i eit rutenett. Orda skal dei deretter bruke som utgangspunkt for skriving. Vi har òg laga til ein fasit.

Skummelt hus Liv ikon
Teikn eit hus (pdf)

Her er ei leseoppgåve der elevane skal teikne eit skummelt hus etter skriftlege instruksjonar. Teikninga elevane lagar, kan vere eit fint utgangspunkt for skriving. Til dømes kan dei skrive ein tekst om kven som bur i huset dei har teikna. Denne ressursen kan også brukast i kunst og handverk.

Bok paa 123 Reisa til verdas farlegaste land
Bok på 1-2-3: Reisa til verdas farlegaste land (PDF)

Undervisningsopplegg for 4.–7. trinn i faget norsk.

For ungdomsskulen

Skriv ei kreativ grøssarhistorie – gjerne saman med ein ven! Å skrive to i lag kan vere ein god måte å utvide skriverepertoaret sitt på.

Skriv ei gross og gru forteljing
Skriv ei grøss-og-gru-historie sjølv

Her har vi samla setningsstartarar som klassen kan bruke for å lage eigne grøssarhistorier.

Gross Og Gru Utsnitt
Grøss og gru

Slik kan du ta i bruk Grøss og gru, ein serie med lettlesne spenningsbøker for ungdommar.

Om du ynskjer tips til kreative skriveoppgåver eller lesetips, så er dette ei samleside for halloween på nynorsk med mange ulike aktivitetar.

Kvifor ikkje bruke halloweentida til å øve på å bruke ordbøker? Halloween har mange spennande ord å utforske!

Tverrfaglege prosjekt med Framtida Junior

Framtida Junior er ei avis for born i alderen 9–11 år. Avisa finst både på nett og i papirutgåve. Her finn du mellom anna artiklar og dagsaktuelle nyhendesaker som kan vere nyttige i undervisinga. Idear til aktivitetar i du kan gjere i samband med halloween, finn du også. I denne kvissen kan du teste kunnskapane dine om halloween. Kanskje du har lyst til å bake spådomskaker? Det kan vere fint å vite litt om framtida. Eller kanskje kan det freiste med nokre gode fruktfigurar til halloween? Om klassa har mat og helse, kan ein kanskje invitere andre klasser på desse bloddrypande godsakene?

Kva med å lage til ei skikkeleg halloweenfeiring for barneskulen? Eldre elevar kan ha høgtlesing, matservering, utkleding, lykteverkstad eller vere spådamer for dei yngre elevane. I Framtida Junior finn du også fleire kreative idéar til halloween.

Kjelder:

Språkrådet. (2021, 29. oktober). Halloween.

NRK. (2017, 31.oktober). Faktisk delvis feil: «Halloween er en amerikansk tradisjon vi har importert til Norge.»

Jærmuseet. (2003). Førjulstid og juletradisjonar i eldre tid.