• Blogg
  • Frå Labolina til Svarte-Mathilda

Frå Labolina til Svarte-Mathilda

21.10.2021

Halloweenlesing 2

Sommaren er definitivt over, og det blir mørkare og mørkare for kvar kveld. Skal du ut og gå, er det lurt med refleks. Om det er tørt ute, høyrer du krasinga frå lauv under skosolen, eller så kan regnet bøtte ned så du lurer på om det aldri vil slutte. Kanskje kikar du over skuldra di ein ekstra gong for å sjå om det går nokon bak deg? – Hysj, kva var den lyden? Du skundar deg heim, låser døra raskt bak deg før du vrengjer av deg regnjakka med valne fingrar.

Det er innetid og lesetid, og knapt noko er så stemningsfullt som å krype under pleddet med ei god bok seinhaustes, både åleine og med eit barn i armkroken. Snart er det halloween, og det passar bra med ein ekte grøssar, både for dei som er for eller imot knask og knep. Her kjem nokre boktips for små barn, skulebarn og ungdomar. – Låg, middels og høg grad av grøss.

Vesle Laban Spokelse Far Ei Syster

Laban og Labolina

Av Inger og Lasse Sandberg

Dette er klassikarar som du finn på Nasjonalbiblioteket.no og kan lese på ein stor eller liten skjerm.

Vesle Laban spøkelse får ei syster og Kvar er Labolinas Millimina er snillskumle bøker for dei yngste.

Stripe
Klar Ferdig Spok

Klar, ferdig, spøk!

Av Elizabeth Baguley og Marion Lindsay

Denne biletboka fortel historia om det vesle spøkelset Børre. Han er av det engstelege slaget, og han kjenner seg for liten til å spøke på store stader. Den store draumen til Børre er å finne eit lite, koseleg hus å spøke i. Finn han det, skal tru?

Stripe
Det Spoker

Det spøker!

Av Ragnfrid Trohaug og Eivind Gulliksen

Henrik er på besøk hos Jon då han plutseleg høyrer ein skummel lyd. Kan det vere eit spøkelse? Henrik får mest lyst til å gå heim, men så kjem far til Jon på ei løysing. Det spøker! er døme på lettlesbøker der ein får sagt alt som trengst, gjennom fortetta setningar og illustrasjonar som fortel meir enn det teksten gjer.

Nivå ein i Leseland

Stripe
Svartedama

Den mystiske skulen

Av Katarina Genar og Alexander Jansson

Svartedama, Spøkelseshunden og Ånda i glaset er tre bøker om livet på Den mystiske skulen. Bøkene er på nivå to i Leseland-serien, og passar for elevar som klarer å lese små tekstmengder. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar.

Stripe
Jenta I Blindgata

Jenta i Blindgata

Av Linn T. Sunne og Camilla Billett

Jenta i Blindgata tilbyr lesaren eit møte med det overnaturlege kombinert med illustrasjonar som tilfører forteljinga spennande element og passeleg mengde grøss-faktor.

Nivå to i Leseland.

Stripe
Varehuset

Varehuset

Av Petrus Dahlin og Johanna Kristiansson

Les på eige ansvar! Ester har funne draumekjolen. Kvar gong ho går til skulen, ser ho han i butikkvindauget. Ein dag går Ester inn og tek med seg kjolen til prøverommet. Ho beundrar kjolen i spegelen og gløymer tida heilt. Så oppdagar ho at senteret har stengt! Først er det ganske spennande å vere åleine med alle varene (og godteriet!). Men då Ester forstår at ho ikkje er åleine, blir det ganske uhyggjeleg …

Nivå tre i Leseland

Stripe
Hjelp Eit Spokelseshus

Hjelp! Eit spøkelseshus

Av Jo Salmson og Jimmy Wallin

Tenk om du og klassen din skulle besøkje eit spøkelseshus, ete grøn gugge og høyre om ei skummel spøkelsesslekt. Tenk deg at du i tillegg er veldig redd for spøkelse. Då er det ikkje berre berre. Slik er det for hovudpersonen i denne forteljinga. Skal tru korleis dagen vert?

Nivå tre i Leseland

Stripe
Jenta I Kista

Jenta i kista

Av Laura Djupvik og Camilla Kuhn

På eit loft, i eit stort, gammalt hus, står ei kiste. Ingen veit kva som er i kista. For mange, mange år sidan budde det ein glad familie i huset. Men ingen orkar å bu der no. Alt står tomt. Ein dag blir kista opna …

Nivå tre i Leseland

Stripe
Frida F

Frida F

Av Dorte Karrebæk og Otto Dickmeiss

Då Frida F fylte ti år, fekk ho ei gåve av mor si. Det var slett ikkje ei gåve ho hadde ønskt seg, det var ei fin, gammal porselensdokke. Mor til Frida F hadde kjøpt dokka fordi ho likna på det snille barnet ho så inderleg ønskte seg. Men Frida F var ikkje snill. Når Frida F og dokka vert åleine, skjer det saker og ting. Denne boka passar for elevar på 4.–7. trinn, og høyrer til i Leseland for eldre barn og ungdom.

Stripe
Reisa Til Verdas Farlegaste Land

Reisa til verdas farlegaste land

Av Malte Persson, Simen Hagerup og Rui Tenreiro

Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek barna med på ei spøkelsesreise gjennom eit hus med mange rom og mange grufulle opplevingar. Du møter fæle kjemper, kvesande tussar, ei rufsete prinsesse og gigantiske sjøuhyre. Dette er ein eventyrroman i biletbokformat, og passar godt for elevar i barneskulen.

Bok på 1-2-3-sida finn du undervisingsopplegg til boka.

Stripe
Svartedalen

Svartedalen

Av Atle Hansen

Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå? Nokre gongar vert det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida, sjølv om det kan bli farleg. Dette skal verte den beste og verste sommaren nokon gong.

Svartedalen er ein lettlesen grøssar for ungdom.

Stripe
Den Tolvte Spelaren

Grøss og gru-serien

Grøss og gru-serien er lettlesne spenningsbøker for ungdommar. Setningane er korte, og språket er lett tilgjengeleg og forståeleg. Historiene er engasjerande og aktuelle, her er mange uløyste gåter og uventa hendingar, og sjølvsagt noko overnaturleg.

Stripe
Djevelen Vil Alltid Finne Deg

Djevelen vil alltid finne deg

Av Lars Mæhle

«Første gongen eg såg Regina Korp, var i skumringa ein kveld i april.» Slik startar denne spennande grøssaren, og det er Onu 15 år som fortel. Regina og familien har flytta inn i den gamle prestegarden, men det er noko svært underleg med dei. Ein handlingsmetta ungdomsroman som både er spennande og veldig skummel. Her veit ein ikkje kven som er venn eller fiende, og kven ein kan stole på. Det er også ei forteljing der lesaren aldri heilt kan slappe av, for når ein trur ein har forstått noko om korleis saker og ting heng saman, så vender historia.

Stripe
Glimt

Glimt

Av Tor Arve Røssland

Boka har to tidsplan og to ulike historier som kapitla i boka vekslar mellom. Solveig si historie finn stad i 1940, medan Jon lever i notida. Uforklarlege ting tek til å skje i ungdomshuset om nettene, og Jon bestemmer seg for å setje opp eit videokamera for å prøve å få teke opptak av det som skjer. Dette er ei bok som det er vanskeleg å leggje frå seg!

Stripe
Svarte Mathilda

Svarte-Mathilda I, II og III

Av Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland er ein meister i å skrive skumle forteljingar for ungdom. Han koplar hendingar i notid med livet på garden Langetun i Hardanger, der legenda om Svarte-Mathilda har røtene sine.

Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første.