Bok på 1-2-3: Dei svarte svanene
Tverrfagleg opplegg i norsk og naturfag. Boka kan passe for elevar frå 2. til 6. klasse. Med tilpassingar kan ressursen, eller delar av han, eigne seg frå 2. til 8. trinn.
I dette opplegget skal klassen lese boka Dei svarte svanene av Ruth Lillegraven og Jens Kristensen. I boka oppdagar tre barn nokre svaner som er tilgrisa av oljesøl. Dei oppdagar også døde fiskar som ligg med buken opp i vassflata. Kva har skjedd? Kven har sleppt oljeavfallet ut i sjøen?
I tillegg til å lese ei heil, nynorsk bok og få ei leseoppleving blir elevane kjende med krimsjangeren gjennom arbeidet med ressursen. Dei får reflektere, samtale, skrive og teikne om det dei les, på ulike måtar. Elevane lærer også om kva skadar oljeavfall kan gjere på fuglar, fiskar og dyreliv som lever i havet og strandsona dersom olje endar opp der. Gjennom naturfaglege forsøk lærer dei om eigenskapar ved olje som materiale, om oljevern, oljevernberedskap og ulike metodar ein har utvikla for å avgrense skadane ved oljeutslepp.
Ressursen og arbeidet med boka krev lite førearbeid for læraren, men i klasserommet er dette eit omfattande opplegg som strekkjer seg over fleire timar. Vi har lagt opp til mellom 4 og 6 økter på om lag 60 minutt i arbeidet med ressursen.
Vi anbefaler at læraren les godt gjennom presentasjonen og tenkjer gjennom og vurderer kva ein rekk i løpet av ei økt med sine elevar, og kva for nokre oppgåver som passar å gjere saman med elevane i klassen. Det er ikkje sikkert alle oppgåvene passar i alle klasserom.