Insektspodden – podkast som forskingsrapport

Insetkstpodden Jenny Chambers Unsplash

7. trinn ved Sjøstrand skole laga podkast som alternativ til forskingsrapport etter ein ekskursjon. Elevar sette ut insektsfeller i skogen. Etter at dei hadde fanga insekt, valde dei ut eitt eller to insekt dei laga podkast om, «Insektspodden». Elevane arbeidde i grupper.

Elevane fann og skreiv ned informasjon om insekta dei hadde valt seg. Gruppene fann ut kva for ein type podkast dei ville lage for å presentere denne informasjonen (intervju, innringar, diskusjon eller ekspertbesøk). Deretter laga dei ein køyreplan for sjølve podkasten, kven skulle seie kva, og kva rekkjefølgje skulle dei snakke i. Før dei starta å spele inn lyd, fann gruppene musikk og lydeffektar, men det går det også an å gjere i etterkant. Elevane hadde på førehand lært om radio og podkast som medium, og under sjølve innspelinga fekk dei beskjed om å passe på følgjande:

  • Ver nøyaktig
  • Snakk tydeleg
  • Det kan godt vere humor, men det skal ikkje vere tull

Elevane arbeidde med podkasten i Creaza, og dei var nøye med at elevane delte redigeringsmogelegheiter med alle i gruppa. Då kunne alle arbeide med podkasten dersom nokon var vekke. Elevane fekk også eit oppgåveark (her omsett til nynorsk).

Tips

Ein kan ta lydopptak frå samtalen mellom elevane når dei set ut og tek inn feller. Elevane kan snakke om kva dei gjer, kva dei ser og kva dei finn. Dei opptaka kan ein bruke utdrag frå i podkasten. Ein kan også ta opptak av lydar medan ein er ute, som til dømes fuglekvitter, lyd frå bekken, rasling i lyng, kvistar som knekk eller føter som går på sti eller grus. Desse lydane kan ein bruke som lydeffektar i podkasten

Her er nokre andre forslag til ekskursjonar ein kan lage podkast frå

  • I staden for å setje ut insektsfeller kan ein leite etter insekt og kryp ved å løfte på steinar eller plankar i skogen, på fjellet eller på stranda.
  • Gå ein tur i fjøra og leit etter skapningar som krabbar, kryp, skjell, sjøstjerner, kråkebollar, tang og maneter. Lag ein podkast om ein eller to av skapningane ein finn.
  • Plukk søppel i strandsona eller andre stader i naturen. Lag ein podkast om til dømes plast i havet eller søppel i naturen.
  • Besøk ein bondegard og lag ein podkast om eitt eller fleire av dyra som lever på garden.
  • Gå ut i skogen og ta opp fuglelydar. Lag podkast om fuglane de ser og høyrer.

Tips til faglitteratur

  • Under ein stein av Erna Osland og Inger Lise Belsvik, Samlaget 2014
  • Verdt å vite om dyras liv (nynorsk utgåve) av Rådet for dyreetikk, Skald 2011
  • Venner med venger av Erna Osland og Inger Lise Belsvik, Samlaget 2012

For dei minste:

  • Ved sjøen (Mine små leksikon), Samlaget
  • I skogen (Mine små leksikon), Samlaget
  • Bokstavsommaren Erna Osland og Inger Lise Belsvik, Samlaget

I den lettlesne serien Visste du at … frå Samlaget og illustratør Anna Fiske finn vi bøker om gris, hest, hund, sau, katt, ku, mark og maur.