Lag ein podkast

Undervisingsopplegg som kan tilpassast fleire fag, for 5.–10. trinn.

Cowomen UU Ppu2s YV6 E unsplash

Ein podkast er ei lyd- eller videofil som vert gjort tilgjengeleg for andre via Internett. Ein podkast kan også vere eit føredrag, eit høyrespel eller noko anna som kan formidlast som lydfil. Filene kan lastast ned til ein mediespelar, til dømes datamaskin, nettbrett eller mobil, eller kan strøymast direkte. Når ein lagar podkast i klasserommet, kan ein samle lydfilene i eit digitalt klasserom eller på læraren si maskin, i staden for å leggje dei ut på Internett.

Det finst mange appar der du kan ta opp eller redigere lyd. Her er tre av dei:

  • Creaza Audio Editor
  • Anchor
  • Audacity

Lydredigeringsprogramma er delvis eller heilt på bokmål eller engelsk. Ver derfor tydeleg på kva for nokre forventningar du som lærar har til arbeidsspråk, slik at de arbeider med god fagskriving på nynorsk også når de skal lage podkast.

Døme på podkastopplegg

Før vi går i gang

Godt førearbeid er viktig når ein vil lage ein podkast, både når det gjeld innhald, val av format og språk. Start gjerne med å lytte til andre podkastar, til dømes ein av desse:

  • Bakom boka (intervju). Nynorsksenteret sin eigen podkast med forfattarintervju.
  • Kjente bøker på 4 minutter (ekspertbesøk/intervju/samtale). Litteraturvitar Janne Stigen Drangsholt lærer deg ei kjent bok på 4 minutt. I denne episoden fortel ho om «Fuglane» av Tarjei Vesaas.
  • Politisk kvarter (debatt/diskusjon). Episode der politikarar diskuterer om foreldre skal la førsteklassingane ha fri når dei sjølve vil.
  • Korona i verden (journalistisk historieforteljing). Ein podkast om korleis barn rundt i verda har det under korona-pandemien. Podkasten er laga av barn.
  • Kongerekka (journalistisk historieforteljing i monologform). Intrigar, sex, brødremord, trolldom og store slag. Are Sende Osen fortel historia om dei norske kongane.
  • Elevpodcasten Einepodden (blanding). Einepodden er laga av 6. trinn på Einedalen skule i Herøy kommune. I episodane snakkar barna om ting dei lurer på, ting dei har lært og ting dei tenkjer på.
  • Dei 15 mest vestlandske vestlendingane (blanding). Portrettserie av Kjersti Mjør. Ein jury har kåra dei 15 mest typiske vestlendingane for Bergens Tidende. Forslag til episodar: Leo Ajkic og Linda Eide.
  • Dei raude segla (lydbok/høyrespel). Høyrespel i seks delar for barn og ungdom, med lydkulissar og musikk.

Frå tankekart til manus

Etter at elevane har høyrt nokre podkastar, kan gruppene lage tankekart med idear og fagtermar til temaet, og lydeffektar og eventuell musikk ein ønskjer å ha med. Arbeid gjerne i par eller grupper.

Tema

Podkasten treng eit tema, altså noko elevane skal formidle til andre. Det kan vere eit fagleg emne, ei forteljing, eit intervju med ein spesiell person eller noko anna. Slik kan de bruke podkast som metode for å leite etter faktainformasjon, skrive om temaet og presentere stoffet. Du som lærar styrer val av tema til å passe med planen elles.

Mål og målgruppe

Elevgruppa bør vere einige om kva som er målet med podkasten og kven dei lagar han for. Er målet å formidle kunnskap? Er målet å reklamere for eit produkt? Dei bør også tenkje gjennom kven dei lagar podkasten for. Er det barn i barnehagen, elevar på trinnet eller bestemor på aldersheimen?

Fagstoff og format

Gruppa hentar inn informasjon og fagstoff som dei vil formidle gjennom podkasten, slik at dei har nok stoff til å skrive eit manus. Før ein skriv eit manus, bør ein bestemme kva format dei ulike elementa i podkasten skal ha. Skal det vere monolog, dialog, intervju, paneldiskusjon, journalistisk historieforteljing? Ei blanding er også vanleg. Her kan det vere lurt å fordele kven som skal seie noko i podkasten, og kva rolle dei ulike deltakarane skal ha.

Manus

Manuset er ein fulltekst og skal ikkje vere berre stikkord. Arbeid med å få god flyt i teksten, og skriv ned dei ulike elementa slik ein vil presentere dei. Sjølv om podkasten skal lesast inn munnleg, er det viktig å arbeide med den skriftlege teksten først.

Eit vanleg oppsett i ein podkast kan vere slik:

  • Introduksjon
  • Opning
  • Hovuddel
  • Avslutning
  • Takk for oss

Lydkulissar

I mange lydredigeringsprogram ligg det inne lydspor med bakgrunnslydar ein kan velje mellom. De kan også lage eigne lydkulissar eller finne gratis lydar på Internett. Bruk musikk som er godkjent til fri bruk, dersom det skal publiserast på Internett. Til skulebruk kan de bruke annan musikk også. Gruppene må planleggje om det skal liggje stemningsgivande lydkulissar eller musikk bak teksten som skal lesast, mellom sidene/avsnitta, i starten eller slutten. Ikkje bruk for mange lydfiler og effektar.

Tips til stader med gratis musikk og lydar på nett:

  • Garageband
  • Soundcloud Royalty Free Music
  • Free Music Archive
  • Audiofarm

Hugs å sjekke lisensen på lydfilene før du tek dei i bruk.

    Øving

    Fordel manustekst på dei som skal lese, øv på å lese høgt, og ta tida på kor lang tid det tek å lese det som står på dei ulike sidene. Lytt til dei andre på gruppa og kom med innspel til korleis det de les inn kan bli endå betre. Tempo, lydstyrke, tonefall, uttale og variasjon er nokre stikkord som kan vere til hjelp når de øver.

    Innlesing, lyd og musikk

    I podkastprogrammet Anchor kan ein ta opp lyd rett inn i episoden ein arbeider med. Ein kan også ta opp lyd som ein lagrar i lydfiler på nettbrett, datamaskin eller telefon. Ein kan bruke den innebygde mikrofonen til den digitale eininga, men det beste er om ein har ein mikrofon. Eitt tips kan vere å bruke mikrofonen som følgjer med øyreproppane til mobilen.

    Test lyden før du tek opp, og ver bevisst på kva slags bakgrunnsstøy som kjem med. Ver også medviten korleis akustikken er i rommet. Rom med betongvegger og flisgolv har dårlege lydforhold for slike lydopptak. Rom med teppe på golvet og hyller med bøker er betre. Inne i ein bil eller i senga med dyne og pute har også blitt brukt som lydstudio.

    Der er enkle redigeringsmogelegheiter i Anchor. I lydredigeringsprogram som Audacity kan ein leggje inn musikk og lydeffektar direkte i programmet. Tidslinja inneheld ofte fleire spor, som gjer at elevane kan leggje på lydar og effektar utan å øydeleggje eller slette taleopptaket sitt.

    Instruksjonar for redigering av lyd finn du fleire av på til dømes YouTube.

    Lagre og laste ned fila til slutt.

    Arranger gjerne ein podkast-premiere!