Opplysningspodden – podkast som forklarer eit emne

Opplysningspodden illustrasjon foto junior ferreira unsplash

Det har kome ut mange flotte nynorske fagbøker for barn og ungdom om spennande emne. I fleire av desse bøkene kan ein finne tema og stoff som elevane kan lage podkast om. Det kan til dømes vere om oppfinningar, oppdagingar, ekspedisjonar, mystiske stader, fantastiske rekordar, tøffe dyr eller forsvunne skattar.

Her er eit arbeidsark som elevane kan bruke når dei skal lage podkast: Arbeidsark_opplysningspodden.docx

Gjennom podkasten kan elevane informere, skildre eller fortelje om det aktuelle emnet for resten av klassa. Her finn de nokre forslag til bøker om interessant og spennande fagstoff til ein lærerik og underhaldande podkast.

Bår Stenvik og Rune Markhus: Ti utrulege oppfinningar

I ti spennande kapittel kan vi lese om oppfinningane lyspæra, atombomba, kjøleskapskrukka, p-pilla, antibiotika, oppvaskmaskinen, autotune, protesar, kevlar og den vitskaplege metoden. Her får vi presentert nokre nye og nokre gamle oppfinningar, og veit du ikkje kva alt dette er, kan du lese om det i boka.

Vincent Jullien og Emeline Lebouteiller: Oppfinningar og oppdagingar

Oppfinningar og oppdagingar gir deg ei humoristisk og informativ oversikt over dei viktigaste oppfinningane og oppdagingane i menneskelivet.

Pia Strømstad og Trond Bredesen: 10 ville ekspedisjonar

Det er ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. I boka får vi høyre om sju menn og tre kvinner som kvar på sitt område var banebrytande oppdagarar, forskarar eller ekspedisjonsleiarar:

Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas rekordbok

I denne boka er det mengder av spennande og morosame verdsrekordar. Her står jordas eigne rekordar i sentrum – frå stader og naturkrefter til dyr og vekstar: Det høgaste fjellet, det djupaste havet, den største vulkanen og det minste dyret – her er det samla!

Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas mystiske stader

På ei øy i Stillehavet står det store steinstatuar frå ein tapt sivilisasjon. Djupt nede i ein innsjø lever eit enormt udyr. Midt ute i ein ørken finst ein hemmeleg militærbase der romvesen har landa. Over heile verda er det mysterium. Med lettlesen tekst og detaljerte, spennande og morosame illustrasjonar er dette ei perfekt bok for nybyrjarlesaren og for alle som liker spenning og eventyr!

Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas tøffaste dyr

Underhaldande fakta om dyr som lever på verdas mest ekstreme plassar.

Jorda er ein fantastisk planet. Her er alt frå glovarme ørkenar til iskalde polar. Her er det fjelltoppar som stikk opp over skyene og hav som er mange kilometer djupe. Overalt tilpassar dyr seg – og overlever. Det finst insekt som frys til is om vinteren og tinar opp når det blir sommar. Det finst ormar som lever heile livet i nesten kokande vatn. Det finst til og med dyr som kan overleve ute i verdsrommet.

Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas forsvunne skattar

Verda vår er full av gøymde og forsvunne rikdommar som ventar på å bli oppdaga. Men vegane til dei forsvunne skattane er mange og vanskelege. Ein må våge å utforske underjordiske gangar, hoppe over djupe fjellkløfter og unngå livsfarlege feller. Ein må kunne knekkje mystiske kodar og søkje i historiske dokument etter leietrådar. Men ein ting er heilt sikkert: Skattane finst der ute. Og dei ventar på å bli oppdaga.

Mats Wänblad: Slik funkar det! Heime og rundt omkring

Er du ein av dei som lurer på korleis eit trådlaust nettverk fungerer, korleis ei induksjonskokeplate vert varm, eller korleis ein oppbevarte mat før frysaren fanst? Slik funkar det! Heime og rundt omkring er ei underhaldande bok om korleis mykje av det nødvendige i kvardagen fungerer og heng saman.

Fleire nynorske sakprosabøker for ulike aldersgrupper finn du på Nynorskbok.no.

Å lage podkast

Du kan lese meir om podkastar i ressursen Lag ein podkast.

Kompetansemål i norskfaget

Elevane skal kunne:

Etter 7. trinn

  • «beskrive, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål»
  • «presentere faglige emner muntlig med og uten digitale ressurser»

Etter 10. trinn

  • «informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium»