• Blogg
  • Tonje Glimmerdal til topps

Tonje Glimmerdal til topps

16.04.2021

Tonje og Maria

Tonje Glimmerdal av Maria Parr har vorte kåra til den beste norske barneboka frå 2000-talet.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Agnete Brun

Avisa Klassekampen har bede 16 kritikarar om å nominere dei tre barnebokfavorittane sine frå dei siste 20 åra. Over halvparten av dei trekte fram Tonje Glimmerdal av Maria Parr som den beste barneboka.

Boka handlar om Tonje, som er det einaste barnet i Glimmerdalen. Bestevennen hennar er 74 år gamle Gunnvald, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei eigentleg det? Lesaren vert ønskt velkomen til Glimmerdalen og vert teken med i ei forteljing som er fylt med fart, spenning, humor og alvor.

– Kvifor trur du mange har blitt så glade i Tonje Glimmerdal, Maria Parr?

– Akkurat dette spørsmålet synest eg det er vanskeleg å svare på sjølv. Kanskje det at det har blitt ei høgtlesingsbok, kan vere ei av forklaringane. Det er litt av det eg håper på når eg skriv. Eg ser føre meg ein høgtlesingssituasjon, og at det blir noko som både barn og vaksne kan ha ekte glede av, men på ungane sine premissar, seier Maria Parr.

Ho trur mange høyrer Tonje Glimmerdal som lydbok, spesielt på biltur i feriane. Forfattaren føler at interessa for boka har vore der heilt sidan Tonje Glimmerdal kom ut i 2009.

– Eg har vore heldig med at boka har vorte halden aktuell gjennom ulike adapsjonar. Det har til dømes vore laga fleire teaterframsyningar av Tonje Glimmerdal, seier Parr.

– Kva ønskjer du å kommunisere til barna som les eller høyrer Tonje Glimmerdal?

– Alvoret som ligg heilt i botnen, er at alt det galne vaksne gjer, ikkje er barna sin feil. Det veit vi vaksne kanskje, men ungar har så lett for å tenkje at det er deira skuld når ting er vanskeleg i heimen. Det var på ein måte hovudmotivasjonen bak denne boka, i tillegg til mykje anna, seier Parr.

Leseopplevingar

Når Maria Parr skriv, har ho alltid eit ønske om å klare å attskape nokre av dei beste leseopplevingane ho hadde sjølv.

– Når eg las, så var det nesten litt låkt fordi eg hadde så lyst til å vere inne i boka. Eg trur eg prøver og har lyst til å lage slike leseopplevingar. Eg ønskjer å gje ungane eit univers å gå inn i, fortel Parr.

Forfattaren er spesielt inspirert av Astrid Lindgren.

– Astrid Lindgren var veldig flink til mange ting, men måten ho startar bøkene på, er heilt spesiell. Eg arbeider mykje med korleis eg skal innleie bøkene mine, fordi dei første sidene er veldig viktige, fortel Parr.

Handlinga går føre seg i Glimmerdalen. Ein del av lesarane kan nok kjenne seg igjen i natur- og miljøskildringane, men for andre lesarar kan dette opplevast som meir eksotisk. Boka er omsett til 27 språk.

– Når eg tenkjer på det eg sjølv las då eg var lita, så var det veldig kjekt å lese om noko som var heilt annleis. Det blir ulike leseopplevingar for ulike lesarar, seier Parr.

Frå Tore til Tonje

Då Maria Parr var i startfasen med boka, heitte hovudpersonen Tore Glimmerdal.

– Tonje var først ein gut, men medan eg heldt på med master i barnelitteratur, kom eg over ein artikkel av Nina Méd om arven etter Pippi og Nancy Drew, fortel Parr.

Nina Méd hadde undersøkt hundre norske barnebøker og sett etter heltinner som var aktive i handlinga. Bøkene var for målgruppa 10–14 år og vart gjevne ut i åra mellom 2001 og 2005.

– I berre fem av desse hundre bøkene fann ho jenter som heltinner. Det var heilt sjokkerande! Desse mønstera er noko som ein ikkje ser før nokon tel. Der sat eg og skreiv om Tore Glimmerdal. Då bestemte eg meg for at den statistikken skulle eg ikkje vere ein del av. Dermed vart Tore til Tonje, fortel Parr.

Når ein skal samanlikne Tonje Glimmerdal med nokon, går ein gjerne heilt tilbake til 1940-talet og samanliknar ho med Pippi.

– Det er ein tankevekkjar. Desse tinga treng vi å bli gjorde merksame på, sjølv om landskapet ser veldig annleis ut i dag. No har vi fleire heltinner i norsk barnelitteratur, men det er kanskje noko anna som manglar? Det er alltid viktig å vere obs på det, meiner Parr.

– Har du nokon tips til lærarar som ønskjer å ta i bruk litteratur i klasserommet?

– Eg har trua på å lage kos med utgangspunkt i bøker. Ein kan til dømes lage god mat som ein kan ha når ein er ferdig med leseprosjektet eller boka.

– Kvifor meiner du høgtlesing er så viktig?

– For det første er det utruleg godt å bli lesen for, å berre vere elev og få sitje og ta imot noko. For det andre deler ein noko i lag i ei klasse. Det gjer ein dersom ein ser ein film i lag også, men med bøker må ein skape bileta sjølve. For det tredje er det ein måte å utjamne forskjellar på. Det gjeld både for dei som ikkje blir lesne for heime, men også for dei som synest det er vanskeleg å lese, seier Maria Parr, som meiner høgtlesing er noko ein bør halde fram med også når elevane vert ungdomar.