To tekstar i desember – ei samanlikning

Fyrstikk

Å samanlikne tekstar er eit sentralt mål i norskfaget. I denne læringsressursen får elevane nærlese og samanlikne tekstane «Den vesle jenta med svovelstikkene» av H.C. Andersen og «Guten med mobiltelefonen» av Frode Grytten.

I arbeidet får elevane samarbeide og utforske tekstane saman. Elevane får leite etter likskapar og forskjellar, finne språklege verkemiddel og reflektere over tema og motiv i dei to historiene. Lenkjene til tekstane, samtalespørsmål, skriveoppgåver og forslag til vurderingspunkt finn du i presentasjonen.

Presentasjonen finst òg som PDF: Å samanlikne tekstar (PDF)

Når vi samanliknar tekstar, vert også kontekstane dei er skrivne i, viktige. Eit slikt arbeid kan gje oss betre innsikt og forståing for kva det vil seie å vere eit menneske til ulike tider, og kva som pregar historia til enkeltindividet og samfunnet rundt det. Det kan også gje oss ei djupare forståing for ulike teksttypar og korleis eit tema kan kome til uttrykk på ulike måtar.

I vurderingsteksten til den nye læreplanen i norsk står det: «Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på 8., 9. og 10. trinn når dei les kortare og lengre tekstar i ulike sjangrar, utforskar kontekstane til tekstane og reflekterer over korleis konteksten påverkar teksttolkinga. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker fagspråk, argumenterer, reflekterer og eksperimenterer i munnlege og skriftlege sjangrar til ulike formål.»

Læringsressursen legg til rette for å fremje den nynorske skrivekompetansen til eleven, samstundes som han rettar merksemda mot andre sentrale mål i norskfaget. Difor er han så lur å bruke!