• Blogg
  • Skal du lese i påska?

Skal du lese i påska?

04.04.2022

Påskelitteratur hovudbilete

Det er snart påske, og Nynorsksenteret har laga ei oversikt over nynorske bøker som kan vere ekstra kjekke å lese. I lista finn de bøker for barn i ulike aldrar og for unge vaksne. Kanskje det kan freiste med ein spenningsroman eller ei god detektivhistorie? God påske og god lesnad!

Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Unge vaksne

  • Fallesjuke (Randi Fuglehaug) Stikkord for denne boka er fallskjermhopp, venner, etterforsking og drap, og journalisten Agnes må prøve å finne ut kva som eigentleg har skjedd.
  • Tonedød (Randi Fuglehaug). Dette er eit frittståande framhald av boka Fallesjuke.
  • Frosten og døden (Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken). Ein krimroman som også inneheld tema som utestenging, psykiske vanskar og einsemd.
  • Den mørke porten (Lars Mæhle). Eit nytt og eit gammalt drap. Kan dei ha ein samanheng?

Ungdomsskule

  • Cherub-serien (Robert Muchamore). I denne spenningsserien er det 12 bøker, og i lenka finn de omtale av den siste boka, samt oversikt over tittel og rekkefølge på dei 11 andre bøkene.
  • Vulkanen vaknar (Tor Arve Røssland). Dette er den første boka i ein ny serie som har fått namnet «Overleve». Det er ei framtidsforteljing, og boka passar frå sjuandeklasse og opp.

9–12 år

6–9 år

  • Politihunden Falk (Tone Nørvåg). I denne bokserien på tre bøker møter vi politihunden Falk som må løyse ulike oppdrag. Dei tre bøkene er: Politihunden Falk til teneste! (nr. 1), Politihunden Falk på nattevakt (nr. 2) og Politihunden Falk på farleg oppdrag (nr. 3).
  • Den mystiske krukka (Solveig Blindheim Bendixen) er ei lettlesen og spennande bok som handlar om Tore, foreldra og ei mystisk krukke. Ei gamal krukke viser seg å vere meir verdifull enn dei først trudde.
  • Klodeklubben (Ruth Lillegraven og Jens Kristensen). Ein bokserie med fire bøker der vi følgjer detektivane i Klodeklubben på ulike oppdrag. Den fjerde boka, Julemysteriet, passar best å lese til jul, men dei tre andre tek vi med i denne oversikta: Dei svarte svanene (nr. 1), Hytta som forsvann (nr. 2) og Fanga på fjorden (nr. 3)

3–6 år

Mari og Magnus og smokketjuven (Ruth Lillegraven og Inge Landsem). Kven har stukke av med smokkane til smårollingane i barnehagen? Mari og Magnus er på saka!

Påskelitteratur stripe