Skriv ei påskeforteljing

Samskrivingsforteljing med skrivestartar og skriveramme.

Tidsramma for skriveoppgåva er tre timar.

Paaskeegg

Kompetansemål i norsk etter 7. trinn. Eleven skal kunne:

  • prøve ut skriving av tekster på sidemål
  • leke med språket og prøve ut ulike virkemidler og fremstillingsmåter i muntlige og skriftlige tekster

Læringsmål

Gjennom arbeidet med påskeforteljinga skal elevane øve på å bruke ulike forteljartekniske grep som miljøskildringar, utviding av augneblinken og tankereferat. Elevane skal også lære å jobbe med skriveramme og samarbeide om å utforme ein tekst.

Til læraren

I denne oppgåva får elevane arbeide med ei detaljert og utfylt skriveramme som gir dei god støtte i skrivinga. Ved å samarbeide om å skrive teksten, må elevane diskutere dei ulike forteljingsvala dei tek undervegs. Det kan gjere elevane meir medvitne på skriveprosessen og måten forteljinga er bygd opp på. Gjennom samtalen brukar elevane kvarandre som viktige støttestillias i skrivinga, og det kan gjere skriveprosessen meir engasjerande og motiverande.

Gjennomgang og modellering

Tidsramma for forteljingsoppgåva er tre timar. Start arbeidet med å samtale om forteljingar som klassa har arbeidd med tidlegare, slik at førkunnskapen elevane har om sjangeren, blir aktivert. Bruk ei forteljing frå læreboka til å modellere sjangeren og dei ulike forteljargrepa som står i skriveramma, slik at elevane får ei forståing for korleis dei skal skrive.

Bruk god tid på å gå gjennom skriveramma, og samtal om dei ulike delane av forteljinga. Når elevane fyller ut skriveramma, er det lurt å stoppe opp undervegs i arbeidet og løfte fram nokre utfyllingsdøme frå klassa. Slik gir du elevpara som står litt fast, tips og inspirasjon til vidare skriving, og gjer elevane til stillas for kvarandre.

I staden for å gje elevane i oppgåve å arbeide sjølvstendig med heile skriveramma, kan elevane arbeide med ein sekvens om gongen. Kvart element i skriveramma blir då ei deloppgåve, der ein forklarar kva som bør vere med i denne delen av forteljinga, før elevane arbeider to og to med sekvensen. På denne måten sikrar ein seg at alle elevane forstår kva dei skal gjere, og ein kan styre framdrifta i elevane sitt arbeid med skriveramma.

Etter at elevane har fylt ut skriveramma, skal dei gjere tekstmomenta i ramma om til ein heilskapleg tekst. Bruk den siste dagen før påskeferien til å la elevane framføre tekstane sine for resten av klassa.