Fin, flott og fantastisk

Forteljinga «Fin, flott og fantastisk» er skriven og illustrert av Anna R. Folkestad.

Oppgåve: Den store forvandlinga

Fin flott og fantastisk 1

Larvar blir til sommarfuglar. Det skjer i ein prosess kalla metamorfose (forvandling eller omdanning). Døme på dyr som gjennomgår ei slik forvandling, er frosk (frå larve/rumpetroll) og sommarfugl (frå larve).

Tenk deg at du nett har blitt forvandla til ein fantasiskapning eller dyr, slik som larven blir til ein sommarfugl, berre at du har blitt til noko heilt uventa. Dette hende ei natt du låg og sov, og du er nokså forvirra over endringa når du vaknar. Familien din veit heller ikkje noko, og du finn ut at det beste er å gje dei eit lite brev der du skildrar korleis du ser ut og fortel korleis du føler deg. Teikn korleis du ser ut.

Larven Lars
Larven Lars sine blåbærmuffinsar (pdf)

Skriv ut arket. Fargelegg oppskrifta. Bak og smak!