Døme frå klasserommet

Å byggje bruer: Å hjelpe eleven gjennom det vanskelege og inn i teksten

Under finn du tre døme frå klasserommet der lærar modellerer for elevane ulike metodar som fremjar forståinga for tekstane dei les. Døme 1 er omsett og tilpassa norsk skulekontekst frå Guthrie (Guthrie, J. T. (2004). Differentiating instruction for struggling readers within the CORI classroom. I Motivating reading comprehension (pp. 173–193). Routledge) med løyve frå forfattaren. Døme 2 og 3 viser andre inngangar til det å arbeide med tekst – med døme frå nye tekstar for aldersgruppa av Bjørn Arild Ersland. I døme 2 og 3 kan du med andre ord lett overføre både tekstane og arbeidsmåten til klasserommet ditt.

Døme 1: I klasserommet til Signe

Denne teksten viser eit døme på korleis lærar Signe saman med ei gruppe elevar les og stiller spørsmål for å hente ut meininga i teksten. Signe deler 30-minuttsøkta i to, der den første delen handlar om å få betre leseflyt, og den andre handlar om å lære enkle strategiar. Økta er basert på motivasjonsforskaren Guthrie si tilnærming, der læraren si modellering av strategiar for å kunne forstå ein tekst er sentral. Framgangsmåten Signe bruker, er ikkje avgrensa til ei bestemt bok, men er enkel å overføre og bruke i arbeid med andre tekstar og bøker.

I klasserommet til Signe: Å stille spørsmål til teksten Å leve saman

Det er måndag i starten på november, og i klasserommet følgjer vi lærar Signe som har 3. trinn. Elevane ligg generelt godt an i høve kompetansemåla for 2. trinn i læreplanen. Signe har likevel lagt merke til fire elevar som ho ønskjer å følgje opp nærare, og prøva stadfestar at dei er mellom dei 20 % som skårar lågast i lesing. Dei har dårleg leseflyt på grunn av vanskelege ord. Lesinga blir usamanhengande, og dei strevar med å vite kva dei skal gjere for å forstå når teksten blir vanskeleg. I dag vil Signe jobbe med korleis ein kan stille gode spørsmål til teksten for å forstå han betre.

I klassen er det stasjonsundervising, og Signe samlar dei fire elevane og gir dei eit eksemplar av den fargerike dyreboka Å leve saman.

«Sjå på framsida. Kva ser de her?» spør ho.

«Ein flodhest», seier Mats. «Eg ser ein stor okse med horn», seier Anne. «Ein fugl», held Sienna fram. «Eg ser ei reke og ein fisk», seier Daniel.

«Ja, de bruker auga godt i dag», kommenterer Signe. «Lat oss gå til side 2. Kva ser vi her?»

Elevane held fram med å fortelje det dei ser på side 2 til 5, som stort sett er fisk og fugl i ulike storleikar. «No skal vi lese teksten saman med kviskrestemme», seier Signe.

Signe begynner, og alle les følgjande tekst saman:

Nokre store og små dyr lever saman. Dei små dyra hjelper dei store dyra med å halde seg reine. Denne reka lever saman med denne fisken. Den vesle reka held fisken rein. Denne vesle fisken lever saman med denne store fisken. Den vesle fisken kan halde rein munnen til den store fisken.

Dei fleste elevane kjenner att orda, sjølv om mange av dei bruker tid på å kjenne att «saman», «reke», «munn». Barna les veldig sakte og kvart ord isolert. Nokre … store … og … små … dyr … lever … saman. Nokre av elevane lyderer orda bokstav for bokstav. Leseflyten til elevane er for dårleg. Ingen av orda i nokon av setningane blei lesne samanhengande eller med innleving.

Signe held fram: «Lat oss lese dette igjen, og denne gongen skal vi få det til å høyrast interessant ut. Vi vil at både vi og andre skal tenkje at det vi les, er veldig interessant.» Dei les følgjande tekst ein gong til:

«Nokre store og små dyr lever saman. Dei små dyra hjelper dei store dyra med å halde seg reine.»

Når elevane les denne gongen, er det fleire ord som blir sette saman til frasar, slik som «små dyr» og «store dyr». Elevane koplar teksten med biletet som viser ein stor fisk med ein liten fisk som gjer reint i munnen til den store. Signe les ferdig side 4 og 5 saman med elevane, og rettleier elevane til å lage meiningsfulle frasar som «den vesle reka» og «munnen til den store fisken».

Elevane har no øvd på å gå frå einskildord til frasar, og opplever at ordklyngene gir meining til heilskapen. På berre 10 minutt har dei gått frå å lese orda isolerte, til å lese adjektiv–substantiv- og adjektiv–verb-samansettingar som gir meining: dei har fått betre leseflyt.

No når elevane meistrar dei første 3 eller 4 sidene av Å leve saman, spør Signe elevane om å sjå på tittelen, overskriftene og bileta i den delen dei har lese. «Kva handlar det om?»

«Store dyr», seier Anne. «Små dyr», svarer Mats. «Store dyr og små dyr som lever saman», seier Daniel.

«Det er ein fin måte å seie det på», svarer Signe. «Lat oss skrive det ned.»

Signe skriv «Store dyr og små dyr som lever saman», og elevane skriv det same.

«Skriv eit spørsmål som du kan finne svaret på i denne boka eller på desse sidene vi har lese», foreslår ho deretter.

«Kva for eit spørsmål har du, Anne?» Anne svarer: «Kvifor et ikkje den store fisken den vesle fisken?» Ho har sett eit bilete av ein stor fisk som får munnen sin gjord rein av ein liten fisk.

«Dette er eit kjempefint spørsmål. Vi skriv det ned.» Signe skriv spørsmålet, og elevane gjer det same. Det tek nokre minutt å gjere dette ferdig. «No skal de lese side 2 til 5 og sjå om de finn svaret på spørsmålet «Kvifor et ikkje den store fisken den vesle fisken?»

Etter eit par minutt spør Signe: «Fann de svaret på spørsmålet «Kvifor et ikkje den store fisken den vesle fisken?»

«Nei», seier Anne. Daniel svarer: «Fordi ein stor fisk vil bli rein i munnen.»

«Står det i boka?» spør Signe.

«Nei, men vi kan tenkje oss til det når vi les det som står», svarer Daniel. «Det er eit godt svar på spørsmålet vårt. Ofte står ikkje heile svaret i teksten, og vi må tenkje oss til det.»

Signe konkluderer: «Vi har stilt eit godt spørsmål om denne boka.»

«Eg har lyst til å lese resten av boka», seier Mats.

«Kan vi fortsette?» legg Daniel til.

«Vi er ferdige for i dag», seier Signe. «Vi kan halde fram med å lese denne boka i morgon. No kan de gå tilbake til gruppene dykkar.» Med dette er dag 1 av enkel strategiinstruksjon ferdig.

I dette dømet modellerer lærar det å lese med flyt ved å lese saman med elevane, ved å lese teksten fleire gonger, ved å lese på ulike måtar, ved å få det til å høyrast interessant ut og ved å kople einskildord til frasar.

Lærar modellerer strategien å stille spørsmål til teksten ved å formulere spørsmål om kva elevane ser på sidene, om kva boka handlar om, før dei formulerer eit spørsmål dei kan stille ut frå teksten. Dei finn ikkje svaret på spørsmålet direkte i teksten, og elevane vil lese vidare for å sjå om dei finn eit svar.

Lærar kan stille spørsmål til elevane for å auke medvitet rundt strategiane:

  • Vart det enklare å forstå teksten når vi las han fleire gonger?
  • Vart det enklare å forstå kva teksten handlar om, når du stilte spørsmål til teksten?

Døme 2: I klasserommet til Oskar

Å stille spørsmål til teksten Snart er det fullmåne

I denne økta ønskjer lærar Oskar å byggje på elevane sine forkunnskapar i møte med teksten. Dei har eit tverrfagleg temaarbeid om døgnet, årstider, sol og måne. Derfor har Oskar leita fram teksten «Snart er det fullmåne» til gruppa. Han ønskjer at elevane som strevar mest, får bli kjende med teksten før resten av klassen les og arbeider med han. I dette dømet les lærar Oskar og ei gruppe med elevar saman og stiller spørsmål for å hente ut meininga i teksten. Oskar deler 30-minuttsøkta i to, der den første handlar om å få betre leseflyt, og der den andre fokuserer på å stille spørsmål til teksten for å oppnå leseforståing.

«Sjå på illustrasjonen til teksten. Kva ser de?»

«Nokon er inne og ser ut», seier Sienna. «Månen», seier Mats.

Oskar følgjer opp innspela: «Godt sett. Kva trur de at teksten handlar om, når vi ser desse bileta?»  

«Natt», seier Mats. «Månen», seier Anne. «Ein gut som er vaken på natta», foreslår Sienna.

«No har vi ein idé om kva teksten kan handle om, og sidan det er natt i biletet, skal vi lese teksten saman med kviskrestemme», seier Oskar. I denne første gjennomlesinga vel Oskar kviskrestemme fordi vekta skal liggje på lesemåten og å kome gjennom teksten ein første gong, utan at det er lagt vekt på prestasjon. Oskar ser at alle har blikket på teksten før han begynner, og alle les teksten om fullmånen saman med kviskrestemme.  

Barna les sakte og på enkeltordnivå. Leseflyten til elevane er for dårleg til at dei forstår alle setningane. Nokre av elevane lyderer seg gjennom orda. Orda i setningane vart ikkje uttalte i samanheng eller sette saman på meiningsfulle måtar.

«Kjenner de att alle orda i teksten?» spør Oskar gruppa. «Kva ord synest de er vanskelege å lese?» Dette er til dømes «skuggar», «fullmåne», «lyser», «streken» og «tjukkare». Dei går gjennom uttalen av desse orda i gruppa.

«Vi skal lese teksten ein gong til, og no skal vi lese med vanleg snakkestemme. Vi skal få det til å høyrast interessant ut. Vi vil at både vi og andre skal synast at det vi les, er veldig interessant.» Dei les dei tre første avsnitta saman ein gong til.  

Når vi har fullmåne, er månen heilt rund.
Han heng som ein ball på himmelen.

Du ser at han lyser om natta.
Lyset lagar skuggar av trea.

Etter fullmåne blir månen mindre.
Til slutt blir han til ein strek.
Etter det er månen borte.

Når dei las saman denne gongen, vart fleire ord sette saman til meiningsfulle frasar, til dømes «lyser om natta» og «skuggar av trea».

«Sjå på bileta. Kan vi sjå at månen lyser og at det blir skuggar av trea?» spør Oskar. Elevane koplar teksten til biletet, som viser at det er fullmåne og at det blir skuggar av trea. Dette utvidar forståinga av orda og frasane. Dei les ferdig teksten saman, og Oskar rettleier elevane i å lage meiningsfulle frasar i resten av teksten. Er det andre ting enn trea som får skuggar i biletet?

Elevane øver på lesing som går frå enkeltord til frasar, og erfarer at ordklyngene gir meining til heilskapen. På berre 10 minutt har dei gått frå å lese enkeltord til meiningsfulle adjektiv–substantiv- og adjektiv–verb-samansettingar. Dette bidreg til å betre elevane sin leseflyt i denne teksten.   

No når elevane har lese teksten, spør Oskar elevane om å sjå på tittelen og biletet. «Kva handlar teksten om?» 

«Lat oss sjå på overskrifta: Snart er det fullmåne.» 

«Fullmåne», sa Anne. «Skuggar», svarer Mats. «Månen lyser om natta», seier Daniel.  

«Det stemmer», svarer Oskar. «Lat oss skrive det ned.»  

Oskar skriv «Månen lyser om natta», og elevane skriv ned det same.  

«Når vi skal forstå ein tekst, er det nyttig å stille spørsmål til teksten og prøve å finne svaret på det», held Oskar fram.  

«Skriv eit spørsmål som du kan finne svaret på i det vi har lese», seier Oskar. «Kva spørsmål har du?» 

Anne: «Kvifor kan vi vere saman når vi ser på fullmånen?»

«Dette er eit kjempefint spørsmål. Vi skriv det ned.» Oskar skriv spørsmålet, og elevane gjer det same. Det tek nokre minutt å gjere det ferdig. «Les teksten og sjå om de finn svaret på spørsmålet «Kvifor er vi saman når vi ser på fullmånen?».» (Oskar veit dette er eit avansert spørsmål som elevane kanskje ikkje finn direkte svar på i teksten, men at dei må resonnere seg fram til eit mogleg svar.) 

Etter eit par minutt spør Oskar: «Fann de svaret på spørsmålet?»  

«Nei», seier Anne. Daniel svarer: «Fordi vi tenkjer på kvarandre.»

«Står dette i teksten?» spør Oskar.   

«Nei», svarer Daniel.  

«Det er eit godt svar på spørsmålet vårt, sjølv om det ikkje står direkte i teksten. Ofte lurer vi på noko vi ikkje finn svaret på i det vi les.»   

Oskar konkluderer «Vi har stilt eit godt spørsmål om teksten.»   

«Eg synest det var fint», seier Mats.  

I dette dømet modellerer lærar Oskar det å lese med flyt ved å lese saman med elevane, ved å lese teksten fleire gonger, ved å lese på ulike måtar, ved å få det til å høyrast interessant ut og ved å kople enkeltord til frasar.   

Lærar modellerer strategien å stille spørsmål til teksten ved å formulere spørsmål om kva elevane ser på biletet, om kva teksten handlar om, før dei formulerer eit spørsmål som dei kan stille. Dei finn ikkje direkte svar på spørsmålet i teksten, men snakkar om teksten og resonnerer seg fram til eit svar.   

For å bevisstgjere elevane på strategiane kan læraren stille spørsmål til elevane:   

  • Vart det enklare å forstå teksten når vi las han fleire gonger?   
  • Vart det enklare å forstå kva teksten handla om, når vi stilte spørsmål til teksten?  

Døme 3: I klasserommet til Lena

Å summere opp tekst: Hoggormen likar farleg mat

Denne teksten viser eit eksempel på korleis lærar Lena og ei gruppe elevar les saman og summerer opp ein tekst for å hente ut meininga i han. Framgangsmåten Lena brukar, er ikkje avgrensa til ein bestemt tekst eller ei bestemt bok, men kan enkelt overførast og brukast til arbeid med andre tekstar og bøker. Lena vel å bruke opplegget i gruppe med dei elevane som treng særleg oppfølging, før ho brukar teksten og strategiane i heile klassen.

Lena har lagt merke til fire elevar som ho ønskjer å følgje opp nærare. Desse fire har ikkje hatt same læringskurve som dei andre i klassen. No strevar dei med å få leseflyt og å tileigne seg strategiar for å forstå teksten. Lena ønskjer å lære elevane korleis det å summere opp tekst kan gjere det enklare å forstå innhaldet i teksten. Første steget er at Lena modellerer korleis ein lagar eit samandrag.

Lena gir elevane kvar sin kopi av teksten

«Vi skal starte med å lese i lag, i same tempoet. Du kan velje om du vil lese med kviskrestemme eller vanleg stemme», seier Lena før dei startar.

Hoggormen må snike seg bort til musa. Hoggormen bit. Musa blir redd. Ho spring for å gøyme seg. Men no er det for seint. Musa toler ikkje gifta. Hoggormen finn den døde musa.  

Hoggormen kan ikkje tygge. Han sluker heile musa. Nokre gongar går det heilt gale. Musa er for stor. Musa set seg fast i halsen. Hoggormen mister pusten. Då døyr hoggormen også.

«Er her nokon ord som er vanskelege å uttale eller forstå?» seier Lena. Ho har på førehand tenkt at orda «gifta», «sluke» og «tole» kan vere problematiske. Ved å forklare dei og gå gjennom uttalen, har alle elevane føresetnad for å arbeide vidare med teksten.

Lena spør: «Kva er det viktigaste ordet i teksten?»

«Hoggormen», seier Daniel.

«Vi set ein ring rundt ordet hoggormen, det er eit viktig ord», seier Lena.

«Kva handlar teksten om?» spør Lena.

«Hoggormen bit», foreslår Daniel. «Musa toler ikkje gifta», seier Anne. «Musa døyr», seier Sienna. «Hoggormen et den døde musa», seier Daniel. «Musa set seg fast i halsen til hoggormen», seier Mats. «Hoggormen får ikkje puste, han døyr», seier Daniel.

«Det var mange gode forslag», seier Lena. «Vi set strek under Hoggormen bit, det er fakta», seier Lena. «Vi set strek under musa toler ikkje gifta, det er også fakta. Og at hoggormen ikkje kan tygge, og han sluker heile musa. Det er fakta.»

Elevane set strek under orda som Lena foreslår. Så spør ho korleis dei kan summere opp denne teksten?

«Hoggormen bit musa», seier Anne.

«Hoggormen et den døde musa», seier Daniel.

«Musa set seg fast i halsen», seier Sienna.

«Hoggormen mister pusten og han døyr», seier Mats.

«Veldig bra, de har fått med mange viktige ord og hendingar frå teksten. No slår vi saman desse forslaga til tre setningar», seier Lena. Ho snur seg til tavla bak seg og skriv setningane: Hoggormen bit musa så ho døyr. Dette sa Anne og Daniel. Hoggormen et musa, men ho set seg fast i halsen. Dette sa Daniel og Sienna. Hoggormen mister pusten og døyr. Dette sa Mats.

«No skal vi skrive oppsummeringane slik vi har gjort det her», seier Lena. Elevane ser på modellen til Lena og skriv oppsummeringane. Når dei er ferdige, spør ho om nokon har lyst til å lese høgt. Dersom ikkje nokon vil det, les dei oppsummeringa saman med vekt på at dei skal få det til å høyrast interessant ut. Dei fleste elevane legg mest trykk på hoggormen mister pusten.

Denne øvinga viser at elevane verkeleg forstår det dei har lese. Dei kan gi att viktige ord og omgrep, og dei kan lese det med nødvendig innleving. Elevane er enn så lenge avhengige av Lena si modellering på tavla. I dei neste dagane summerer dei litt etter litt opp ulike tekstar med veksande sjølvtillit og tryggleik. Dei byrjar med andre ord å utvikle ei forståing for kva ei oppsummering er.  

I dette dømet modellerer lærar det å summere opp ein tekst i lag med elevane. Lærar løftar fram viktige ord i teksten, strekar under fakta i teksten, lagar setningar og les det dei har skrive, med innleving.

For å bevisstgjere elevane på strategiane kan lærar stille spørsmål til elevane:

  • Vart det enklare å forstå teksten når vi fann viktige ord i teksten?
  • Vart det enklare å forstå teksten når vi laga oppsummering av teksten?

I denne teksten er det mange høve til å modellere strategiane frå Å lese vanskelege ord-brua:

  • Dobbel konsonant (himmelen, natta, etter, fullmåne, tynn)
  • rund i første setning har stum /d/ (i nokre dialekter)
  • /ng/ i mange
  • Konsonantopphopingar (strek)