Å byggje bruer inn i teksten. Fem kort
Skriv ut og ha dei fem Å byggje bruer inn i teksten-korta tilgjengelege når du skal arbeide med tekstar i klasserommet. Dei fem korta er ei støtte for deg i å modellere strategiar eller metodar elevane kan bruke for å forstå teksten betre. Korta er til deg som lærar og skal ikkje delast ut til elevane. Arbeid med kvart av dei fem korta sikrar at de jobbar med dei fire områda i prøva. Ei typisk økt i Bruer inn i teksten-opplegget inneheld både modellering av leseflyt (grøne kort) og arbeid med lesestrategiar (blå kort). Opplegget byggjer på lese- og motivasjonsforskaren John Guthrie si tilnærming til arbeid med å støtte elevar som strevar med lesing, og er her brukt og tilpassa med løyve frå forfattaren.
(Guthrie, J. T. (2004). Differentiating instruction for struggling readers within the CORI classroom. I Motivating reading comprehension (pp. 173–193). Routledge.).
Dei to grøne korta handlar om å hjelpe eleven til å lese meir samanhengande, og fokuserer på modellering av leseflyt og kva elevane skal gjere når dei møter vanskelege ord i tekstane dei les:
Dei tre blå korta viser korleis du kan modellere gode lesestrategiar elevane kan bruke for å forstå tekstane dei les: