Orda i fotballverda

Baylee gramling R5eo T c jk Y unsplash

«Språket er med på å skape identitet, og identiteten har betydning for språket og dermed språkbruken» (Hinna, Moberg, Lindèn, 2018, s. 6). Språk og identitet heng altså saman, og det å snakke saman om språk er viktig for språkutviklinga til elevane. Ei bevisstgjering av språket og orda som vert brukte, vil føre til auka ordforråd og auka omgrepsforståing. Det å utforske ord og seiemåtar frå stad til stad, eller mellom ulike språk, vil gje elevane spennande oppdagingar, og ein kan ha gode samtalar kring dialekter, likskapar og skilnadar.

I denne ressursen har vi teke utgangspunkt i eit av kompetansemåla i norsk etter 4. trinn: at elevane skal kunne «samanlikne ord og uttrykk i norsk og andre språk.»

Bermix studio Iod EFAUXM Rw unsplash

Låneord

Nokre ord er like, eller ganske like, mellom ulike språk. Enkelte av orda som vi finn i det norske språket, har vi lånt frå andre språk, og fleire av desse har vi brukt så lenge at vi ser på dei som norske ord. Mange av låneorda våre har eit engelsk opphav. Men veit elevane at nokre engelske ord faktisk har opphav i norsk?

Vikingane som reiste mellom Noreg og England, både tok med seg og «lånte vekk» ord. (Egg, window og husband er døme på ord som engelskmennene tok inn i språket sitt etter at vikingane var på tokt.) Dette kan de lese meir om her: Slik har engelsk har «lånt» seg til språktoppen.

«Språkspalta: Skåra mål på norsk», som er henta frå Norsk Barneblad nr. 5 2021, er eit godt utgangspunkt for ein samtale om nettopp dette med låneord. I teksten ser vi på typiske ord og uttrykk frå fotballverda, og elevane får ei enkel innføring i kvifor ein nyttar dei orda ein gjer, i fotballverda, og kvar orda kjem frå. Nokre ord er omsette til norsk, andre seier vi på engelsk.

Første oppdrag

Be elevane snakke med læringskameraten/parkameraten sin om kva ord dei kjenner til frå fotballverda. Denne aktiviteten treng ikkje veldig mykje tid, og mange er nok ferdige med å kome på ord etter eit par minutt.

Du kan sjølv velje om du vil at elevane skal skrive ned orda dei kjem på, eller om dei skal la aktiviteten berre vere munnleg. Då må elevane også øve seg på å hugse orda til oppsummeringa etterpå. Ved å ta det munnleg er det meir sannsynleg at elevane kjem med fleire ord enn om dei også må skrive.

Etter at myldre-økta er over, samlar læraren orda i ei ordsky (digitalt) eller i eit tankekart på tavla.

Andre oppdrag

La elevane lese språkspalta frå Norsk Barneblad, «Skåra mål på norsk».

Oppdraget deira blir å setje strek under «fotballord», både norske og engelske.

Etterpå samtalar de om orda elevane har funne, og de kan også gå grundigare inn på kva orda si grunntyding er. Her kan de til dømes føre orda de finn, inn i eit skjema.

  • Kva for ord nyttar vi når vi snakkar om fotball? Brukar vi det norske eller engelske ordet?
  • Keeper – målvakt. Ordet kan også brukast i samanhengar der ein «tek vare på». (Keeperen står i mål og «tek vare på ballen».)
  • Corner – hjørne. Kva anna har hjørne? I kva samanhengar blir ordet hjørne brukt? (hushjørne, verdshjørne, puslespelbrikker, hjørnesofa, hjørnefotball.)
  • Heading – å hedde. Kjem av ordet «head» (hovud). Har nokon høyrt det blir ropt «ta den med hovudet» på fotballbanen? Kva skjer om vi skriv det på norsk? Hedda/hedda. Hedda med stor forbokstav er også eit jentenamn. Korleis veit vi om det er namnet eller verbet det er snakk om? (Det er viktig å sjå konteksten det er skrive i.)

Tredje oppdrag

Her skal elevane skrive ein tekst om fotball. Teksten kan til dømes vere forma som eit dikt, eit dagboknotat, ein teikneserie eller ei forteljing. Eitt av kriteria for teksten er at han må innehalde nokre av fotball-orda de har snakka om.

    Her er tips til bøker med fotballrelatert innhald:

    • Matias Maradona
    • Keeperkongen
    • Mine små leksikon: fotball
    • Knoterud Fk (bokserie)
    • Keeperen og havet
    • Ørjans keeperskole

    Kjelder