• Blogg
  • Sørsamisk språkutvikling gjennom barnebøker

Sørsamisk språkutvikling gjennom barnebøker

05.01.2021

Morten Haugen ny versjon

Når vi arbeider med barnelitteratur på sørsamisk, arbeider vi med mange ulike problemstillingar samstundes. Lesetrening, leseglede, litterære opplevingar, språkutvikling og omgrepsutvikling hos barn, språklege læringsstrategiar, omsetjarteori, revitalisering av eit utryddingstrua språk, og utvikling av ordtilfanget i språket. Vi er innom så mange ulike fagfelt samstundes at ein lett kan gløyme at barnelitteratur eigentleg handlar om dei magiske augeblikka: «les ho ein gang til, pappa!» og «ja, den vil eg lese!».

Tekst: Morten Olsen Haugen, prosjektleiar Trøndelag fylkesbibliotek
Foto: Trøndelag fylkesbibliotek

116 samiske omsetjingar

Sidan 2013 har eg vore prosjektleiar for Trøndelag fylkesbibliotek sitt prosjekt «Maanagærjah jarkoestimmie» eller «Sørsamiske barnebokoversettelser». Det sørsamiske prosjektnamnet tyder «omsetjing av barnebøker». I desse åra har vi medverka til 116 omsetjingar til samisk. Dei fleste er bøker på sørsamisk, men vi har og gjeve ut lydbøker på sørsamisk og bøker på fem andre samiske språk.

Du kan lese om dette arbeidet i fleire intervju og kronikkar.

Traktovrh

Kven les sørsamisk?

Sørsamane finst både i Sverige og Noreg. Utbreiingsområdet for dei ulike samiske språka går som regel tvers over den skandinaviske halvøya, utan omsyn til riksgrensa. Det tradisjonelle distriktet for sørsamane strekker seg frå Trollheimen/Gauldalsvidda/Engerdal i sør til Saltfjellet i nord – og omfattar og dei tilgrensande områda i Sverige.

Vi ser ulike tal for kor mange som les sørsamisk. Dei mest pessimistiske tala kjem frå nettstaden og oppslagsverket Ethnologue, som seier 600 personar. Deira tal er frå 1992, og har etter mi mening ikkje fanga opp den revitaliseringa som har skjedd sidan den gong. Eg har sjølv møtt fleire enn desse 600 dei siste åra.

I NOU 2016:18 Hjertespråket (side 298) syner dei til ei utgreiing av Jon Todal: «Undersøkelser fra senere tid anslår at minst 270 personer snakker sørsamisk godt og minst 340 personer forstår språket godt.» Desse tala gjeld Noreg.

Om vi ser på utdanningsstatistikk, er det til kvar tid mellom 90 og 100 som får grunnskuleopplæring i sørsamisk i Noreg. 9–10 på kvart årskull. Om ein reknar dette for eit gyldig gjennomsnitt, og forlenger desse tala til ei livslengd på 75 år, har ein 750 menneske i Noreg. Og rimelegvis eit liknande tal i Sverige.

Eg vil og peike på ein trend som eg meiner gjev grunn til optimisme. Sørsamisk oppfører seg ikkje som eit døyande språk. Det typiske for døyande språk er at språkbrukarane er gamle, isolerte og utan støtte i samfunnet rundt seg. Du kan sjå for deg små avisnotisar av typen «Førre månad døydde den siste som beherska språket hellebardisk, som for 300 år sidan var daglegspråk i Aust-Hellebardia. Jütta Düffelbürger (98) var gardbrukarenke på ein avsides fjellgard, og hennar store sorg var at ingen av tanteborna ville ta over garden eller føre språket vidare.»

Det som er typisk for levande språk er at ungdom bruker det i sosiale medium, dei møtest for å dele det, dei reiser langt for å gå på kurs og lære det, og unge foreldre kjempar for retten til å få sørsamisk i barnehage og skule.

9788293558040

Revitalisering

Alle tala eg nemnde er minimumstal. Og det er tal frå skuggen av fornorskningstida. Desse tala kan likevel ikkje fortelje oss kor mange som ønsker å ta tilbake eit språk som ein gong har vore levande i deira familie.

Eg kjenner etter kvart mange foreldre som ikkje meistrar språket godt nok sjølv – enno, men som hungrar etter nok tekst og nok språkleg samfunn for å gje barna sine ein oppvekst som sørsamisktalande. Det er mellom anna desse familiane eg har for auga når eg jobbar med sørsamiske barnebøker.

Barnebokarbeid i ei revitaliseringstid er annleis enn anna barnebokarbeid. La meg få vise det med ein kontrast: I det fine Bokstart-prosjektet som nå går føre seg i Oslo, er bokgåva til familiane ei ordlaus bok – Revungen. Det er logisk og fungerer godt når hensikta er å stimulere samtale og språktrening med og for barnet på sitt eige språk, uansett norskkunnskapar.

I arbeidet med barnebøker på sørsamisk kan vi ikkje alltid rekne med at språket og ordtilfanget finst i heimemiljøet. Da må alle orda komme inn i heimen via boka og lydboka. Helst må dei komme i heile, funksjonelle setningar som ein kan lære av. Vi har sett på boka Flommen av Max Estes, og lurt på om vi skulle omsetje den til sørsamisk. Vi likte ho veldig godt, men har foreløpig konkludert med at ho er for ordknapp. Om vi skal gå vidare med tanken om å utgje den på samisk, så må vi faktisk be forfattaren om lov til å legge inn fleire setningar i boka.

Snurke bokomslag 2015

Mange tynne

Vi vil lage bøker for heile aldersspennet frå 1 år til unge vaksne. Vi vil helst arbeide med tynne bøker, fordi vi meiner ungane og ungdomane har krav på variasjon og rett til å kunne velje.

Det er betre for alle om vi kan tilby lesarane våre 4 ulike bøker på 50 sider, enn at vi skal velje ut ei bok på 200 sider og la det vere årets eine bok på sørsamisk.

Gruffele
Stripe

Ordtilfang

Ein av mine læremeistrar i sørsamisk språkarbeid er læraren Anita Dunfjeld-Aagård. Ho har mellom anna vist meg at ønske om å skape eit større ordtilfang i enkeltemne kan styre valet av bokprosjekt. Den første boka ho gav ut, var Lilja stoerre-åabpine sjædta («Lilja blir storesøster»). Den boka har bakgrunn i arbeidet med å samle inn og dele eit sørsamisk ordtilfang i emne som svangerskap, fødsel og småbarnstell.

Anita sto og bak ideen om å omsette ei utgåve av Gullhår og dei tre bjørnane til sørsamisk. Sørsamiske barn treng på same vis som andre barn å trene på omgrep som «for stor» og «for liten», så derfor kjem Gullievoepte våren 2021. «Gullie» er «gull», og «voepte» er «hår».

I og med at vi i somme bøker skaper nye ord, er det korte ordlister i fleire av bøkene vi gjev ut. Der tar vi med både lågfrekvente ord og heilt nye ord. I dei åra eg har arbeidd med sørsamiske barnebøker, har vi fleire gonger utvida det sørsamiske språket med nye ord. Somme av endringane har samband med at vi følger opp vår eiga programfråsegn om å la bøker på sørsamisk handle om nye emne: Kaptein Sabeltann på skattejakt, eldsprutande drakar og fotballspeling i gata. Men somme endringar kjem og som følge av samfunnsutviklinga. I 2020 trong vi ordet «vaskemann».

Det er eit problem at så mykje av ordtilfanget i skriftleg sørsamisk kjem frå offentlege dokument. Ved Giellatekno-prosjektet på Universitetet i Tromsø driv dei den fine sørsamiske nettordboka Nedtedigibaakoeh. Ordtilfanget her kjem i stort mon frå faktiske sørsamiske tekster i samtida, og mange av dei er forvaltningsomsetjingar av brev og andre offentlege dokument. Eg trur det er talande for ordtilfanget at ein finn ord som «fylkesdelegasjon» og «fylkesplanarbeid».

Ord som «meslingar», «naseblod», «sisten» og «dokkestove» finst ikkje i nettordboka. Ein treng desse orda, og ein treng å sjå dei i bruk. Og dette arbeidet med ordtilfang er ein ekstra motivasjon til å gje ut barnebøker på sørsamisk som tar utgangspunkt i nåtidig kvardag.

9788293558101

Syntaks

Eg har og lært om skilnaden mellom skandinavisk og samisk syntaks. Om du sjølv har prøvd å omsetje tekstar frå engelsk – eller om du har sett elevar gjere det, veit du sikkert noko om kor lett ein kan dra med seg syntaks frå kjeldespråket inn i målspråket. La oss prøve: «Når eg blir eldre, og mistar mitt hår. Mange år frå no. Vil du framleis sende meg valentinedagskort?» Det går’kje det, veit du.

Nett det same problemet finst sjølvsagt i omsetjingar frå svensk og norsk til sørsamisk. Setningar som dreg med seg den skandinaviske syntaksen, er framleis teknisk sett forståelege, men dei har ingen verdi som føredøme når ein skal ta til med å forme eigne setningar. Og minoritetsspråka er sjølvsagt ekstra sårbare fordi den språklege omverda er så stor og påverkingskrafta så kraftig. Difor er det mitt faste råd til omsetjarane at dei må plukke heile setningar, avsnitt og forteljingar frå kvarandre. Løys opp strukturen. Leit deg fram til essensen, og fortel den att i ditt eige, munnlege språk.

9788293558071
9788293558088
Stripe

Normrett eller stilistisk

Hausten 2020 ga vi ut boka Tjuvlesth mannem dæjstan (Kyss meg på tirsdag) av Unni Lindell. Det er ei fin, kort kvardagsforteljing frå norsk/nordisk skulekvardag, med ein dose kjærleiksforviklingar. Ein av gutane i boka er litt røff i tonen, og svarar «kjøss meg på tirsdag». Omsetjaren og korrekturlesaren vart ikkje heilt samde om ein kunne skrive «tjøvlesth» i den sørsamiske teksta, for å syne at guten sa «kjøss» i staden for «kyss». Eg var samd med omsetjaren i at vi burde tøye språket slik at lesaren kjenner på effekten av normbrotet. Som eit kompromiss forklara vi tulle-ordet i ordlista bak i boka.

I ei anna bok peika korrekturlesaren på at omsetjaren hadde brukt feil tid av verbet ved eit høve. Det var ein røynd og reflektert omsetjar, og han svara at det var gjort for å få ein stilistisk verknad. Det var eit rimeleg svar, og grepet vart ståande.

Dette er sider ved ein diskusjon vi har hatt fleire gonger: skal vi krevje at alle tekster er skoleeksempel på normalprosa. Argumentet for å velgje rein, enkel normalprosa er at det finst så få tekster på sørsamisk, at alle tekster vil stå fram som eksempel, til læring og etterfølging. Argumentet mot å tilrå normalprosa, er at tekstane blir flate og upersonlege. «Riktig nok er sørsamisk et SOV-språk, men det blir sterilt når alle setningane er SOV-setningar kvar gong,» seier ein av omsetjarane eg arbeider med.

SOV viser til syntaksen subjekt-objekt-verbal; som ganske riktig er annleis enn den skandinaviske SVO-syntaksen. Men alle slags normalsyntaks toler å bli rista i. Prøv ei setning på norsk, så ser du raskt at vi ofte bryt norma, og at desse brota skapar liv i språket: «Katta tok’n»; «Han ble tatt av katta»; «Katta spiste den»; eller berre «Tatt av katta».

Eg bed og omsetjarane om å tøye språket og leite etter synonym: det må vere skilnad på hunden, bikkja og vofsen.

Donald Sør

«Varför är moroten gul?»

Ettersom sørsamane lever i både Sverige og Norge, har dei ulike språklege storsamfunn rundt seg. Dette er med på å prege ordtilfanget og lånorda. I tekster på sørsamisk har eg sett både «lööve» og «leejone» for kattedyret som heiter «løve» og «lejon».

Ei gulrot er ei «viskes-roehtse», ei gul rot. Ordet «viskes» tyder nettopp gul. Det gir god meining for norsk-samiske barn, som vekslar mellom norsk og samisk i sin språklege kvardag. Medan svenske sørsamebarn må stå med eit spørsmål i blikket: «Varför är moroten gul?»

Skilnaden mellom lånord og eigne ord er ganske interessant. «Sirrie» er blåbær. Det er eit ord heilt utan forbindelse med det svensk-norske ordet. Av det kan ein lett tenke at sørsamane kjende til blåbæra før dei kom i språkleg samkvem med omverda. Ein historikar-venn har nytta det same språklege perspektivet for å syne at samane truleg laga sitt eige jarn («ruevtie») frå gamalt av, medan dei kjøpte sølv («sïlpe») på marknader hjå svenske silver-smeder.

Staejnan giesie

Venner av språket

Mange har brukt nemninga «venner av språket» om menneska rundt det sørsamiske samfunnet. Venner av språket er dei menneska som gjer det lettare for sørsamane å bruke hjartespråket sitt, og å gi det videre til barna sine. Det er ei rolle vi bibliotekarar forstår oss på.

Trøndelag fylkesbibliotek vann prisen «Årets bibliotek 2019» i januar, og vi er nominert til den internasjonale Astrid Lindgren-prisen for 2021. Det er kjekt å få prisar, men det er endå betre å vere til nytte. Vårt eigentlege mål er at lærarar og foreldre kan tenke på oss som «venner av språket».

Medan vi gjer vårt beste for å vere venner av språket, kjem vi stadig borti spørsmål som det sørsamiske samfunnet sjølv må finne svar på. Spørsmål om språkrøkt og språkval. Eg er ein laedtie, ein ikkje-same. Sjølv om eg identifiserer meg med bok-oppgåva og med tilhøva i det sørsamiske språksamfunnet, er det og mogleg å sjå det arbeidet som eg er knytt til, som enda ein versjon av storsamfunnet sine forsøk på å finne løysingar på vegne av samane.

Dette dilemmaet er også ein del av bildet. Og det gjer at vi treng sterke, tydelege samarbeidspartnarar innanfor språksamfunnet for å gje retning til sørsamisk bokreising. Vi har vore heldige som har knytt oss til Gïelem nastedh og mange dyktige einskildpersonar i begge landa.

Puslespill