Åtte halloween-figurar som aldri går av moten
Halloween er ein viktig dag for mange elevar. Dei gler seg, både til å kle seg ut, og til skremme kvarandre når dei går knask eller knep ute i mørket. Mange bestemmer i god tid kva dei skal kle seg ut som, og etter kvart som dei blir eldre, vil dei ofte gjerne ha kostyme som er både uhyggelege og skremmande. Sjølv om elevane har mange tankar om kva eller kven dei ønsker å kle seg ut som, er det ikkje sikkert dei kjenner historia til dei klassiske halloween-figurane som hekser, vampyrar og spøkelse. Kvifor har menneske i mange kulturar trudd at desse vesena finst iblant oss?
I presentasjonen «Halloween – kven kan vi møte?» tek vi ei reise inn i historia til fleire av desse figurane. Klassen skal lese korte tekstar om opphavet til figurane. Vi har også lagt inn samtaleoppgåver og korte skriveoppgåver til tekstane, slik at elevane kan få reflektere og involvere seg i det dei les om.
Presentasjonen «Skriv skummelt» bygger på presentasjonen om dei klassiske figurane. Her får elevane i oppgåve å velje seg ein eller fleire av figurane dei har lese om, og plassere desse på ein skummel stad. Vil elevane skrive om noko som skjer på eit spøkelsesskip, i ein uhyggeleg skog eller kanskje på eit skummelt tivoli? Elevane får lære viktige prinsipp om kva ein bør gjere når ein skal skrive skummelt. Teksten bør vise kva ein ser, kjenner, luktar og høyrer, i staden for å fortelje «først gjekk dei dit, og så kom dei hit, og så vart det slik». Dei blir også oppmoda til å bruke adjektiv og variere adjektivbruken.
Arbeidsarka «Samanlikn figurane» er fire ulike Venn-diagram. Dei legg opp til at elevane skal finne likskapar og ulikskapar mellom dei klassiske figurane dei har lese om og arbeidd med. Kva likskapar er det mellom eit spøkelse og ein zombie? Kva er ulikt? Å kunne samanlikne er eit viktig mål i norskopplæringa. Her kan elevane sjølve velje kva for nokre figurar dei vil samanlikne.
Kvifor er dette god nynorskopplæring?
Motivasjon: Mange elevar gler seg til Halloween og likar temaet. Når elevane synest det er kjekt å lese og skrive tekstar på nynorsk, kan dei bli meir opne både for å lese og å skrive nynorsk.
Eksponering: Å bli eksponert for språket er viktig i all språkopplæring. Her skal elevane lese nynorske tekstar, både i presentasjonane og i eit lengre tekstutdrag frå den nynorske boka Heksejakt av Aina Basso.
Skriving: Å prøve ut skriving på nynorsk er eit kompetansemål for elevar på 5.–7. trinn med nynorsk som sidemål. I dei korte skriveoppgåvene bør ein oppmode elevane til å prøve å skrive på nynorsk. Gjennomgangen på førehand gir elevane språklege modellar dei kan ta i bruk i eiga skriving. Elevar med nynorsk som hovudmål bør skrive nynorsk i alle tekstane. Hugs å minne elevane om dette før dei skriv. Mange nynorskelevar på mellomtrinnet vel ofte å skrive ei blanding mellom nynorsk, bokmål og dialekt når dei skriv tekstar i skulen som ikkje blir vurderte av lærar.