Lesing og skriving av skjønnlitteratur

Barn lærer skriftspråk både gjennom å lese og lytte til tekstar. Når elevane skal lære å lese og skrive nynorsk, er det difor viktig at dei får sjå og høyre mange tekstar på nynorsk. Både høgtlesing, samlesing og individuell lesing av nynorske tekstar vil hjelpe elevane å lese og skrive nynorsk.  

Dersom elevane skal bli flinke til å skrive nynorsk, treng dei mengdetrening. Tilpassa og kreative skriveoppgåver kan gjere elevane engasjerte og gje dei oppleving av meistring. Dersom dei meistrar språket, er det også kjekkare å skrive det.

Her finn du undervisningsopplegg til nynorsk skjønnlitteratur for elevar på mellomtrinnet, og oppgåver der elevane får skape tekstar sjølve.  

Mamma paa dass ikon

Langlesing: Mamma på dass av Anders Totland er ei humoristisk bok som passar svært godt for både gutar og jenter på dei eldste trinna i barneskulen. Vi hjelper deg med undervisningsopplegg som gjer det både kjekt og lærerikt å lese heile boka saman i klassen.

Barneboktipset på 5 trinn gruppe1 redigert av Arild komprimert til nettside 2

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 5.–7. trinn, men kan tilpassast alle trinn.

Berre hopp kvadrat

Undervisingsopplegg om mobbing og vennskap med utgangspunkt i boka Berre hopp! av Åshild Moldskred.

Tusenfryd ikon

Her finn du undervisingsopplegg til novellene i novellesamlinga Tusenfryd.

Bomulv Kvadrat

Dette undervisningsopplegget for mellomsteget tek føre seg lesing, litterær samtale og eiga skriving med utgangspunkt i biletboka Bomulv