• Blogg
  • Ta elevane med inn i litteraturen

Ta elevane med inn i litteraturen

20.06.2024

Guro Landa Eikeland redigert skygge til nettside

Lærar Guro Landa Eikeland ved Flekkerøy skole tek elevane med inn i litteraturen. Her får du tips til korleis du kan arbeide med bøkene til Maria Parr.  

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden 
Foto: Privat 

Lærar Guro Landa Eikeland har lese Tonje Glimmerdal av Maria Parr for elevar sidan boka kom ut i 2009.  

– Maria Parr skriv heilt fantastisk! Eg kjende at det var noko spesielt med Tonje Glimmerdal, seier ho.  

I 2016 tok Eikeland vidareutdanning i lesing i Stavanger.  

– Etter det har skjønnlitteratur levert innhaldet i norsktimane mine i stor grad. Eg har brukt fleire bøker, men Tonje Glimmerdal er ei av bøkene som eg synest har fungert veldig godt på 4. og 5. trinn, fortel ho.  

Korleis gjere det?

Før Eikeland startar eit litteraturprosjekt, tenker ho alltid gjennom kva ho vil det skal ende opp med, og kva elevane skal lære av prosjektet. Ho passar på å setje av nok tid til å kunne gjennomføre på ein god måte. Eikeland byrjar med å lese boka høgt for heile klassen. Elevane får ulike arbeidsoppgåver undervegs.  

– Vi har mykje munnleg refleksjon og går gjennom ord og uttrykk. Eg legg all type grammatikk og språkjobbing inn i desse leseøktene, seier ho.  

Samstundes som dei har lese Tonje Glimmerdal, har elevane fått bygge opp ein modell av heile Glimmerdalen.  

– Eg trur det er positivt for elevane at dei får sjå føre seg Glimmerdalen fysisk. Det skaper ei større forståing for det vi les om, seier Eikeland.  

Elevane har bygd fjell, vegar, hus av ulike materiale og laga personar i leire. Undervegs i lesinga viste læraren eit kart til elevane slik at dei skulle vite kvar handlinga føregjekk. Kartet hadde ein viktig funksjon for å få med alle elevane inn i litteraturen. Eikeland fortel også at mange elevar finn roa når dei får teikne medan ho les høgt.   

Glimmerdalen komprimert til nettside

Les på nynorsk

Ved Flekkerøy skole har elevane nynorsk som sidemål. Læreplanen legg opp til ein progresjon frå å lytte til tekstar på sidemålet til å lese sjølve og til å eksperimentere med skriving på sidemålet. Introduksjonen til sidemålet skal ta til tidleg på barneskulen. 

– Når eg les nynorsk høgt for alle, gjer eg språket meir tilgjengeleg og spennande for elevane, trur Guro Landa Eikeland.  

Undervegs i prosjektet hadde elevane leseteater. Læraren plukka ut nokre viktige replikkvekslingar i boka som elevane fekk framføre som eit lite teater. Elevane har også feira Tonje sin 10-årsdag med å lage marmormuffins på skulekjøkenet, dei song Blåmann og hadde leikar.  

– Ein må ikkje gløyme å leike sjølv om dei går på 5. trinn. Elevar likar å leike, seier ho. 

Tekstsamling

Læraren fortel at elevane har laga ei tekstsamling som heiter Det knakar i hjartet. Tonje Glimmerdal er så glad i Gunnvald Glimmerdal at det knakar i hjartet.  

– Elevane fekk i oppdrag å skrive ein tekst om ein person eller eit dyr som dei er så glade i at det knakar i hjartet. Dei har skrive om foreldre, besteforeldre og kjæledyr. Elevane har verkeleg arbeidd med desse tekstane. Vi har fått gjeve ut ei bok der alle desse tekstane er samla, og det gjer skrivinga meiningsfull for elevane, seier Eikeland.   

Ho trur det er mange bøker som eignar seg godt for litteraturprosjekt i klasserommet.  

– Eg trur litteratur handlar om å lage eit felles univers. Vi som høyrer og reflekterer over boka, eig eit univers saman. Eg føler at det er skulen sitt ansvar å skape felles opplevingar og erfaringar gjennom litteraturen, seier læraren.

Her får du tips til korleis du kan arbeide med bøkene til Maria Parr. 

Tonje Glimmerdal omslag til nettside

Skriveoppdrag til elevane

Oppgåvene er laga for elevar på 4. og 5. trinn, men kan tilpassast til andre trinn.  

1. Lag ei tekstsamling 

Bok: Tonje Glimmerdal av Maria Parr 

Det knakar i hjartet 
Tonje Glimmerdal er så glad i Gunnvald Glimmerdal at det knakar i hjartet. Skriv ein tekst om ein person eller eit dyr som du er så glad i at det knakar i hjartet.  

Stripe
Vaffelhjarte til nettside
Keeperen og havet
Stripe

Bøker: Vaffelhjarte og Keeperen og havet av Maria Parr 

Ein farfar i livet 
I bøkene Vaffelhjarte og Keeperen og havet møter vi farfaren til Trille. Skriv ein tekst om ein av besteforeldra dine eller ein eldre person som betyr mykje for deg. Kva bruker du å gjere saman med denne personen? Kvifor betyr denne personen så mykje for deg? 

Tips: Lag ei samling der alle tekstane til elevane i klassen er med. Du som lærar kan språkvaske tekstane før publisering. La kvar elev få eit eksemplar av tekstsamlinga. 

2. Arbeid med figurane i bøkene  

Kva er ein figur i ei bok? 
Spør elevane om dei veit om kva ein figur i ei bok er. I ordboka finn vi denne forklaringa: karakter i diktverk. Ein karakter er ein person eller figur i film, teaterstykke eller roman (bok); rollefigur 
 
Kva er ei personskildring?  
Personskildring er eit samansett ord av person + skildring
Når du skildrar ein person, kan du til dømes fortelje korleis personen ser ut, og korleis han eller ho er. Dersom du vil gå eitt steg vidare, kan elevane lære skilnaden mellom indre og ytre personskildring. Les meir om det på ndla.no

Skriv om ein figur i boka Tonje Glimmerdal 

– Korleis vil du skildre Tonje Glimmerdal? (Korleis ser ho ut? Korleis er ho?) 

– Korleis vil du skildre Gunnvald Glimmerdal? (Korleis ser han ut? Korleis er han?) 

– Korleis vil du skildre Heidi? (Korleis ser ho ut? Korleis er ho?) 

Skriv om ein figur i boka Vaffelhjarte eller Keeperen og havet 

– Korleis vil du skildre Trille? (Korleis ser han ut? Korleis er han? Kva tenkjer han?) 

Tips: Du kan til dømes velje ut eitt kapittel når elevane skal svare på spørsmålet: Kva tenkjer Trille? 
 
– Korleis vil du skildre Lena Lid? (Korleis ser ho ut? Korleis er ho?) 

– Korleis vil du skildre farfar? (Korleis ser han ut? Korleis er han?)

Byggeoppdrag til elevane

Tips: Sjå på kartet som de finn i boka Tonje Glimmerdal.  

  • Bygg ein modell av Glimmerdalen 

De kan til dømes bruke tomme mjølkekartongar til hus. Papp, papir, ulike tekstilar og leire. Ein kvit duk kan fungere som snølandskap. Her kan ein bruke fantasien som ein vil. Ein kan lage rattkjelkar, gravemaskin, Tonje Glimmerdal på ski osv. 

  • Bygg Glimmerdalen i Minecraft 

Tema: Venskap

Venskap er eit tema som går igjen i bøkene til Maria Parr. 
Spørsmål: 
1. Kva er ein god ven? 
2. Korleis kan eg vere ein god ven? 
De kan snakke saman om dette i klassen, eller elevane kan få svare på spørsmålet skriftleg. 

Til læraren:

TV-serien Vaffelhjarte ligg på NRK 

Nynorsksenteret har laga eit undervisningsopplegg til Tonje Glimmerdal i Bok på 1-2-3 

Bok paa 123 Tonje Glimmerdal 1
Tonje Glimmerdal ( 1.–7.)

Tverrfagleg opplegg i norsk, musikk og kunst og handverk.

Til læraren: 
Høyr intervju med forfattar Maria Parr i podkasten Bakom boka.