Skriv din eigen rockesong

I dette opplegget skal elevane skriva eigne rockesongar med inspirasjon frå barnebokfiguren Heavykatten. I arbeidet med skrivinga får dei læra nyttige triks i nynorskordboka på nett.

Heavykatten – introduksjon

Forfattaren Roald Kaldestad har skrive fire bøker om Heavykatten. Bøkene finst som lydbøker og på papir, og den fyrste boka kan dessutan lesast gratis på sida til Nasjonalbiblioteket.

Om de har tid, kan de gjerne byrja opplegget med å lesa litt frå den fyrste boka om Heavykatten, slik at elevane vert ekstra godt kjende med figuren.

Når de skal introdusera opplegget, passar det fint å byrja med å snakka med elevane om Heavykatten og musikken han liker. Døme på moglege spørsmål:

  • Denne katten heiter Heavykatten. Er det nokon av dykk som veit kva det engelske ordet «heavy» tyder? (tung)
  • Heavykatten er ikkje tung, men han elskar å spela og høyra på heavy, ein type musikk. Kva slags musikk vert kalla «heavy»? Korleis høyrest slik musikk ut? (tunge gitarar, mykje lyd, det er lov å bråka)
  • Andre ord for musikksjangeren heavy er hardrock, heavyrock, heavy metal og tungrock. Er det nokon av dykk som har høyrt tungrock før?

Arbeid med songteksten

Gå vidare frå å snakka om musikken til å snakka om tekstar. Til dømes kan du introdusera emnet slik for elevane:

Når musikken bråkar, passar det godt med tekstar om sterke kjensler. Ting som ein kan tenkja seg å ropa ut til verda. Som at du er sint på noko, til dømes plast i havet eller rasisme. Eller at du tykkjer noko er ekstra tøft. Eller at du likar noko eller nokon ekstra godt. No skal de få lov til å skriva ein slik songtekst, til melodien til songen til Heavykatten.

Del ut teksten til «Heavy natta lang», slik at elevane kan fylgja med på teksten medan dei høyrer på songen. Spel videoen med songen for dei, gjerne fleire gonger.

Etterpå kan de sjå på teksten i lag og snakka om han. Finn elevane rim? Kva er vers, og kva er refreng? Og er det ein del som korkje er vers eller refreng? («Heavyrock er livet, ja, eg seier det igjen: Om du synest det er for høgt, så er du ikkje min venn.» er ei bru, altso ein overgang mellom versa og refrenget.) Kva handlar teksten om? (Noko Heavykatten liker veldig godt.)

Skriv ein rockesong på nynorsk

No har me studert songen til Heavykatten, «Heavy natta lang», og elevane har fått verta kjende med rytmen og oppbygginga i songen. Då kan elevane få nytta denne songen som utgangspunkt for å skriva ein eigen songtekst.

Arbeid med læringspartnar eller i grupper på tre og tre. De kan gjerne byrja i plenum med ei idémyldring om moglege songtema. Ha nokre konkrete framlegg til tema på lur, som kjærleik, venskap, å rocka, samfunnet, miljøproblem, å koma for seint til bussen, leirskule eller kor tøff klassen er. Du kan òg ha nokre framlegg til opningssetningar som elevane kan få nytta, til dømes:

  • Snart er det helg, og då skal eg ha det gøy.
  • No er eg lei av alt som er så gale.

Gruppene eller læringspara vert einige om eit tema, noko som dei meiner noko om eller som er viktig for dei. Når elevane har skrive eit vers, har dei sannsynlegvis oppdaga at det ikkje alltid er så lett å finna ord som rimar. Då tek de ei økt i plenum der du viser dei trikset med å bruka nettordboka til å finna rim.

Triks for å finna rim i ordboka

Rim har ei viktig rolle i teksten elevane her skal skriva, og det er ikkje alltid det er lett å koma på ord som rimar. Her skal me visa eit triks du kan læra elevane, slik at dei kan få hjelp frå nettordboka til å finna rim. Få elevane til å søkja saman med deg, slik at dei får prøvd trikset på eiga hand og ikkje berre ser på at læraren gjer det. I døma nyttar me den gratis nynorskordboka til Språkrådet og Universitetet i Bergen. Hugs å få elevane til å velja «nynorskordboka» i valet til høgre for søkjefeltet, slik at det er nynorskutgåva dei søkjer i.

Å finna eit ord som rimar på «gøy»

I Nynorskordboka skriv du inn *øy i søkjefeltet. Då får du opp alle orda som sluttar på «øy», alt frå «aprikossyltetøy» til «vulkanøy». Her er det berre å bla og sjå om det er rimord der som inspirerer og kan nyttast i teksten. Men hugs at ikkje alle ord som sluttar på det same, rimar. «Grautsleiv» rimar ikkje på «liv», jamvel om båe sluttar på «iv».

Å finna eit kort ord som rimar på «øy»

Dersom du tykkjer dei over hundre treffa på *øy er litt mykje å bla gjennom, kan du søkja på _øy i staden. Då får du opp alle ord som har berre éin bokstav framom «øy», til dømes «døy», «føy» og «tøy». Og eit søk etter __øy (to understrekar framom «øy») gjev alle ord som har to bokstavar framom «øy», til dømes «støy». (Dersom de nyttar ordbøker frå Ordnett.no, må de nytta ? i staden for _ i søka.)

Etter at de i lag har leita opp ord i nettordboka, går gruppene eller læringspara saman igjen og jobbar vidare med songteksten.

Framføring/innlevering

Det finst fleire moglege måtar å sluttføra eit slikt prosjekt. Her er nokre framlegg:

  • Vis teksten frå elev-nettbrettet på smartboard, så alle kan syngja teksten saman til Heavykatt-akkompagnementet.
  • Om gruppene vil, kan dei framføra songen sin for dei andre. Gjerne med dans eller rørsler til.
  • Gruppene kan spela inn songen som ein musikkvideo eller lydfil og levera til læraren
  • Tekstane kan hengjast opp saman med ein illustrasjon av Heavykatten.

Lydfiler

Her er lydfiler med songen med og utan vokal.

Kompetansemål

Læreplanen har mellom anna kompetansemål om at elevane skal leika med språket, og at dei skal meistra sentrale reglar for rettskriving og ordbøying. Båe desse måla vert lettare å nå dersom elevane lærer å ta i bruk ordboka. I dette opplegget har me difor lagt opp til at elevane på ein utforskande måte skal gjera seg kjende med nettordboka som kreativt verktøy.

Aktuelle kompetansemål

Norsk etter 7. trinn:

  • leke med språket og prøve ut ulike virkemidler og framstillingsmåter i muntlige og skriftlige tekster
  • beskrive, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål
  • skrive tekster med tydelig struktur og mestre sentrale regler for rettskriving, ordbøying og tegnsetting

Musikk etter 7. trinn:

  • øve inn og framføre sang og musikk, i samspill eller individuelt, gehørbasert og ved bruk av enkle notasjonsteknikker
  • lytte, eksperimentere og skape nye uttrykk med instrumenter, kropp, stemme eller lyd fra andre kilder, og presentere resultatet
  • bruke teknologi og digitale verktøy til å skape, øve inn og bearbeide musikk