Lag ditt eige språk
Dette er eit undervisningsopplegg for mellomsteget, altså 5.–7.klasse, der elevane får utforske og bli kjende med strukturar i språk. Opplegget tek sikte på å arbeide med målformuleringar frå norskfaget, men her det mogeleg å drage inn andre fag som til dømes kunst og handverk, geografi, engelsk, musikk og samfunnsfag.
Opplegget er laga av lærar Isabella Pareliussen, Haramsøy skule.

I kjerneelementet «Språket som system og moglegheit» står det at elevane skal kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar, og i kompetansemåla for 7. trinn står det også at elevane skal bruke fagspråk og kunnskap om ordklasser og setningsoppbygning i samtale om eigne og andre sine tekstar. Dette opplegget tek sikte på å nå desse måla.
Undervisningsopplegget strekkjer seg over fem økter eller dagar, men her er det sjølvsagt mange høve til å utvide eller korte inn på tida. Det er forskjell på elevar i 5. og 7. klasse, og læraren må sjølv tenkje på korleis opplegget kan tilpassast eiga elevgruppe. For å få til ei leikande og utforskande kjensle, er opplegget nært knytt til storylinemetodikken, der ein byggjer opp ei fantasiverd med roller og ulike miljø. Det nynorske perspektivet er også med. Til dømes er Ivar Aasen med i leiken, og vi nyttar nynorske bøyingsmønster.
Del 1
Her vert oppdrag, miljø og tema presenterte. Elevane får ei gåte dei må løyse for å vise at dei eignar seg som språkforskarar. Nøkkelen til å løyse gåta ligg på ei side i presentasjonen, men må først takast bort frå presentasjonen, og deretter skrivast ut av læraren. Så kan læraren bestemme kor vanskeleg det skal vere å finne nøkkelen. Han kan henge rett på veggen, eller gjerast meir usynleg slik at elevane må leite meir.
Søknaden som elevane skal skrive, kan tilpassast gruppa. Det er ofte kjekt å få ei eiga rolle i ein storyline, og biografien er meint som ein måte å lage seg ein eigen figur. Eg har lagt inn notat i presentasjonen med tips om tilpassingar ein kan gjere. Biografispørsmåla er lagde ved i eit Word-dokument du kan redigere.
- Lag ditt eige språk: del 1 (PowerPoint-presentasjon)
- Biografispørsmål (docx)
Del 2
Denne delen tek for seg substantiv. No er språkassistentane komne fram til Laputa, og dei blir sende ut i dei fire himmelretningane; nord, sør, aust og vest. Ein deler elevane inn i grupper som får namn etter desse himmelretningane. Om ein har mange elevar, kan ein lage fleire retningar som nordvest eller søraust. Det kan vere ein ide å lage fire veggaviser der elevane kan henge opp det dei oppdagar på reisene sine.
Første oppdrag er å finne ut kva framkomstmiddel ein treng på reisa. Oppgåva er ganske open, og elevane kan stå ganske fritt til å anten finne opp noko heilt nytt, eller noko tradisjonelt som hest og kjerre, eller seglbåt. Vurder kor mykje tid de vil bruke, for å lage modell tek noko meir tid enn å teikne. Ein kan også lage bilete ved hjelp av internett eller kunstig intelligens.
Neste oppdrag rettar seg inn mot språket i Laputa, og då kva ting heiter, altså substantiv. Vurder korleis du vil bruke ordet substantiv – namn på ting vert brukt i presentasjonen, men om elevane er kjende med ordet substantiv, kan ein gjerne bruke det. Eit redigerbart skjema for å skrive inn dei laputianske orda ligg ved. Vurder også om du vil ha med skriftteikn. Det er interessant med skriftteikn, men det blir også meir komplisert.
Oppdrag 3, handlar om kjønn og artiklar. Om det blir for komplisert, kan ein ta ut dette oppdraget utan at det øydelegg resten av historia.
I det fjerde oppdraget skal elevane bøye dei fem substantiva dei har funne. Her det lettast om alle substantiva har same kjønn, men her kan ein differensiere.
I det siste oppdraget skal elevane lage eit lydopptak frå Laputa. Her kan dei anten lese inn orda sjølve, eller skrive orda med norske bokstavar, og få ei framand stemme til å lese dei opp. Det finst ulike nettstadar som lagar lydfiler av skriven tekst. Har du kreative elevar, kan det vere gøy å lage ei lydopptaksmaskin av gamle maskindelar og til dømes papp, og så legge ein iPad skjult inne i maskina.
- Lag ditt eige språk: del 2 (PowerPoint-presentasjon)
- Ordbokskjema (docx)
- Substantivskjema (docx)
Del 3
Del 3 handlar om verb, som vert knytte saman med ulike rørsler eller aktivitetar. Den første delen kan gjerne vere utanfor klasserommet, ute i naturen eller i ein annan del av skulen.
Første oppdrag er laga som ein uteaktivitet. På eit avgrensa område er det hengt opp ni gåter. Det er kanskje mange med ni, og då kan ein ta bort nokre. Arka med gåtene ligg ved som eiga fil. På arket står også det rette svaret. Elevane skal ta bilete av seg sjølve når dei utfører aktiviteten, og dei skal finne det laputianske ordet for denne aktiviteten. Så dei treng noko å ta bilete med, og noko å skrive på. Dei kan gjerne skrive på små pappkort, og det er lurt å skrive både det laputianske ordet og det norske.
I det neste oppdraget må elevane sende eit bevis til Ivar Aasen om at dei har framgang i arbeidet. Beviset er eit verbbøyingsskjema. Denne oppgåva kan vere litt komplisert, og kan forenklast. Ein kan til dømes ta ut perfektum og infinitiv. Bøyingskjemaet ligg ved som ei redigerbar fil. Verba å vere og å ha vert nemnde spesielt. Om desse verbbøyingane blir vanskelege, kan ein ta dei ut.
Det siste oppdraget er å skrive eit svar til Ivar Aasen. Elevane kan velje sjølve kva dei vil ha med i svaret. Om ein vil lage ein pergamentrull, kan ein lage han i gråpapir og svi kantane med eld. Dette er fint å gjere på ein utedag. Kaffiflekkar kan også gje inntrykk av eit gamalt dokument.
- Lag ditt eige språk: del 3 (PowerPoint-presentasjon)
- Verbgåter med fasit (docx)
- Verbbøyingsskjema (docx)
Del 4
Del fire handlar om adjektiv. I denne delen får elevane også høve til å bruke språket dei har oppdaga.
Det første oppdraget handlar om korleis det ser ut i Laputa. Her skal elevane fortelje på norsk kva dei har sett, og dei skal lage eit lydopptak som dei skal sende til Ivar Aasen. Ofte brukar elevar dei same adjektiva om igjen, så lista med adjektiv er tenkt som inspirasjon. Om elevane har lyst, kan dei måle eigne bilete frå Laputa.
Oppdrag to er kanskje det mest dramatiske i opplegget. Eit monster plagar laputianarane, og no må elevane finne ut meir om korleis ein kan nøytralisere eit monster. Elevane kan teikne og skrive ein tekst om monsteret. Frå denne teksten skal dei velje tre til fem adjektiv som dei skal omsetje til laputiansk. Deretter skal dei setje adjektiva i alfabetisk rekkefylgje. Bruk gjerne dei laputianske orda for å sortere orda i alfabetisk rekkefylgje.
Deretter sender elevane eit telegram til Ivar Aasen om korleis dei løyste situasjonen med monsteret. Ivar Aasen svarar med eit siste oppdrag der elevane skal bruke språket dei har oppdaga. Elevane kan velje mellom dikt eller intervju. Diktet er nok den enklaste oppgåva. Intervjuet kan kuttast ned til to eller tre spørsmål. Både intervju og dikt har eigne malar eller skriverammer som ein kan bruke.
Uansett må elevane finne på nye laputianske ord om dei treng dei. Det kan også vere lurt å skrive ned den norske versjonen. Om ein har laga veggavis, kan tekstane presenterast der, eller ein kan lage eigne diktbøker. Desse tekstane treng ein også til den siste delen av opplegget.
- Lag ditt eige språk: del 4 (PowerPoint-presentasjon)
- Diktmal (pdf)
- Intervju – oppgåveark (pdf)
Del 5
Siste del av undervisningsopplegget går føre seg på eit universitet i Noreg. Her skal språkassistentane få vise fram alt dei har oppdaga om språket og tilhøva i Laputa. Arbeid frå dei tidlegare delane skal oppsummerast, og til slutt får alle ein diplom for arbeidet. Forslag til diplom ligg vedlagt.
Lukke til!
- Lag ditt eige språk: del 5 (PowerPoint-presentasjon)
- Diplom (docx)