Følg instruksjonen – ei leseforståingsoppgåve

Instruksjonsteikning Liv 1000
Illustrasjon: Liv (3. klasse)

I desse oppgåvene skal elevane få øve på leseforståing. Leseforståing er ein sentral del av leseopplæringa, og det er ikkje nok å berre kunne avkode bokstavar og ord. Å finne meining i det ein les, er også viktig.

Etter kvart som elevane les tekstane, skal dei teikne det dei les. Teksten kan samanliknast med ei brukarrettleiing der dei til slutt sit att med eit ferdig produkt, i denne samanhengen ei teikning.

Desse oppgåvene kan passe godt på stasjonsoppgåver eller som venteoppgåver når elevane er ferdige med anna arbeid. Oppgåvene skal skrivast ut slik dei er, og elevane teiknar direkte på oppgåvearket.

Last ned oppgåvearket: Les teksten og teikn (PDF)