Jon Fosse i barneskulen

Jon Fosse 1 M8 A5119nett
Foto: Agnete Brun

Har du lyst til å lese Jon Fosse i barneskulen? Jon Fosse er omtala som ein av vår tids største dramatikarar. Han har fått æra av å bo i bustaden «Grotten» i Oslo. Denne bustaden er statens æresbustad for kunstnarar. Kanskje har elevane høyrt om Fosse?

I utgangspunktet tenkjer ein kanskje at Jon Fosse ikkje akkurat høver for born. Men i tillegg til at han har skrive bøker for born, skriv han på mange måtar enkelt, om enn med fleire botnar av forståing. Fleire forskarar, mellom anna Blok-Johansen (2019) og Sønneland (2019), har vore inne på at born ikkje treng å verte skjerma frå litteratur som kan verke krevjande. Det fleirtydige kan derimot vere med på å skape engasjement, og kan også vise born vegen til utøvande literacy, (performative literacy) i fylgje Blau (2003).

Ferdigheiter som ein utøvande lesar treng, treng å verte øvd på. Til dømes treng ein lesar å erfare at ein må lese fokusert, kanskje fleire gongar, for å få med seg kva teksten handlar om, og kanskje må ein vente med å konkludere om kva tekstar betyr. Ein må lære kvar tolkingar av tekstar kjem frå, og ein må lære korleis ein skal handtere at tekstar kan ha motstridande eller konkurrerande tolkingar. Ein må tole å vente, ein må tole vere usikker, ta sjansar, og ein må øve opp metakognisjon, det vil seie at ein overvaker lesinga og tenkjer over kva ein tenkjer.

Fosse har skrive fleire tekstar for born, og dei kan vere høvelege for å trene på desse ferdigheitene ein lesar treng. Undervisningsopplegga nedanfor er eit eksempel på korleis det kan gjerast. Undervisningsopplegga tek utgangspunkt i bøkene Kant og Fridtjov & Ingebjørg. Om ein vil sjå nærare på personen Jon Fosse, finst det også ein tekst om han som elevane kan lese sjølve: Kven er Jon Fosse? (docx). I tillegg ligg det eit opplegg til boka Den vesle prisen, som Fosse har omsett.

Kant

Boka Kant er ei biletbok om filosofi. Kristoffer ligg i senga og tenkjer på verdsrommet. Her møter han på eit problem, for kvar sluttar eigentleg universet? Tanken på at han ikkje skjønar, gjer Kristoffer redd. Han må rope på pappa. Og i samtalen mellom far og son vrir faren samtalen frå den trugande avgrunnen, kanten i universet, til å dreie seg om kva vi kan forstå. Filosofen Kant vert sitert, og han seier at det er ikkje alt ein kan forstå, fordi vi tenkjer som vi gjer.

Det første undervisningsopplegget, til boka Kant, er laga i ein PowerPoint-presentasjon. Boka Kant kan du lese på sida til Nasjonalbiblioteket i to ulike utgåver (med ulike illustratørar): Kant (1990) og Kant (2005). Sidetala i presentasjonen viser til utgåva frå 1990. Opplegget er sett saman av førlesingsaktivitetar der ein kan sjå filmar og samtale om universet, lesing av boka med lesestopp, skriving av samansette tekstar og to språkfokus der ein studerer ord frå boka. Bilete til dei samansette tekstane kan ein finne på til dømes Unsplash. Bileta frå den sida kan de nytte fritt og vederlagsfritt, sjølv om fotografane set pris å bli nemnde.

Undervisningsopplegget er forankra i LK20. Kompetansemål frå læreplanen etter 4. klasse seier at eleven skal kunne lese og lytte til forteljingar og andre tekstar på bokmål og nynorsk. Elevane skal også kunne samtale om kva tekstane tyder. Vidare skal elevane kunne kombinere ulike uttrykksformer i samansette tekstar. Elevane skal også kunne samanlikne ord og uttrykk i norsk og andre språk.

Etter 7. klasse skal elevane kunne lese skjønnlitteratur og samtale om form og innhald. Dei skal også utforske og skildre samspelet mellom skrift og bilete og lage eigne samansette tekstar. Elevane skal bruke fagspråk i samtale om andre sine tekstar.

Fridtjov & Ingebjørg

(Hugs å tillate vising av eksterne medieobjekt i presentasjonen, dersom du får spørsmål om det (oftast i form av ei gul stripe oppe i PowerPoint der du må trykkje «aktiver innhald»). Elles kan du oppleve at videoane i presentasjonen ikkje viser.)

Det andre undervisningsopplegget er eit lengre opplegg. Det er sjeldan ein les heile verk i skulen, men denne boka eignar seg godt til det. Boka er ikkje så lang, og ho kan koplast til mange kompetansemål, og kan også brukast til tverrfagleg undervisning. Opplegget er for mellomsteget eller ungdomssteget. Undervisningsopplegget tek sikte på å lage ei framsyning der ein brukar metoden leseteater. Ein må tilpasse opplegget til klassa og tida ein har til disposisjon.

Undervisningsopplegget byrjar med eit utval av førlesingsaktivitetar, der ein ser på stadnamn og ein liten film om Fridtjov den frøkne frå serien Norsk attraksjon. Deretter er det naturleg at ein les boka i lag i klassa. Ein må kanskje dele opp lesinga i fleire bolkar, og det kan gjerne vere læraren som les. Når ein så har fått eit overblikk over teksten, kan ein fordele arbeidsoppgåver. Ulike roller må fordelast, i tillegg at nokre elevar kan ha ansvar for lyd, bakgrunnsbilete, kostyme og å lage invitasjonar til publikum. Det kan vere lurt å nytte elevane sine sterke sider når ein skal fordele arbeid. Kanskje må ein også finne eit eigna lokale for framføringa. Etter å ha øvd igjennom nokre gonger, er ein klar for framføring.

Sjølve historia i boka handlar om Fridtjov den frøkne, ei soge som er godt kjent i utlandet, men ikkje så godt kjent i Noreg. Vi er tilbake i vikingtida, og boka inneheld referansar til mange stader i Noreg – og på Orknøyane. Om nokon bur ved eller har vore på ferie i Sogn, kjenner dei kanskje til den store statuen av Fridtjov den frøkne i Balestrand.

I kjerneelementa for norsk står det at elevane skal utforske og reflektere over skjønnlitteratur på nynorsk. Tekstane skal knytast både til kulturhistorisk kontekst og til elevane si samtid. Teksten er lett å knyte til kulturhistorisk kontekst, men kan også knytast til samtida, sidan Jon Fosse er ein viktig samtidsforfattar. Denne undervisningsressursen gir elevane høve til både presentasjon framfor eit publikum og til å bruke digitale ressursar, som det står i avsnittet munnleg kommunikasjon. I kompetansemåla for faget norsk står det også at elevane etter 7. trinn skal prøve ut ulike verkemiddel i munnlege tekstar, og det kan ein gjere i dette leseteateret.

Leseteater er også ein fin måte å gje formål til lesetrening på. Leseflyt er ei viktig ferdigheit for å verte ein god lesar, og mellomtrinnet er ein viktig periode for å øve på leseflyt. Ein vanleg metode for å øve på leseflyt, er repetert lesing. I repetert lesing øver elevane på same tekst fleire gonger. Repetert lesing kan verke meiningslaus og demotiverande på elevane (Lundetræ & Tønnesen, 2021, s. 139). Men når ein skal framføre tekst for andre, vert det meiningsfullt å lese teksten mange gongar for å oppnå leseflyt.

Kort fortalt kombinerer metoden leseteater lesing av ein tekst med ulike dramatiske verkemiddel som kostyme, rekvisita, lydkulisser og til dømes store bilete på skjerm. Miljøet rundt framføringa kan ein tilpasse til situasjonen, eigentleg kan tekst og stemmebruk vere nok for å få fram historia. Ofte står deltakarane i leseteateret på ei rekke, men det kan ein velje sjølv. Om ein inviterer eit ekte publikum til framføringa, gir ein også status og motivasjon til arbeidet.

I utgangspunktet kan ein dramatisere teksten så mykje ein vil, men her har eg valt ut nokre parti som ein kan bruke meir tid på. Andre parti kan ein berre lese, men ein kan godt variere stemmebruk og kor mange som les. Korlesing har ein fin effekt! Om teksten vert for lang, kan ein velje ut nokre kapittel i boka som ein brukar i leseteateret.

Den vesle prinsen

Bok paa 123 Den vesle prinsen
Den vesle prinsen (7.)

Tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk og KRLE for 7. trinnet.  

Annan bruk av Fosse for born

Spelejenta1 til nettside

Spelejenta som framsyning for born

Musikaren Sivert Holmen er saman med skodespelar og dansar Anne Heidi Kvam Hillestad aktuell med framsyninga Spelejenta av Jon Fosse.

06.01.2023

Kjelder

Blau, S. D. (2003). The literature workshop: Teaching texts and their readers. Heinemann.

Blok Johansen, M. (2019). Litteratur og dannelse: At lade sig berige af noget andet end sig selv. Akademisk Forlag.

Lundetræ, K., & Tønnesen, F. E. (Red.). (2021). Å lykkes med lesing- tidlig innsats og tilpasset leseopplæring (2. utg.). Gyldendal Norsk Forlag AS.

Sønneland, M. (2019). Teksten som problem: En studie av litterære samtaler i ungdomsskolen [Doktorgradsavhandling, University of Stavanger, Norway]. Universitetet i Stavanger. https://uis.brage.unit.no/