• Blogg
  • Spelejenta som framsyning for born

Spelejenta som framsyning for born

06.01.2023

Spelejenta1 til nettside

Musikaren Sivert Holmen er saman med skodespelar og dansar Anne Heidi Kvam Hillestad aktuell med framsyninga Spelejenta av Jon Fosse.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto og film: Øystein Johnsen

Spelejenta (Jon Fosse 2009) er eit kunsteventyr med referansar til folkeeventyr og bibelforteljingar. Boka handlar om ei synsk spelejente. Spelejenta ser i handa si at faren har stranda og sit forkomen på ei øy. Ho tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste han. Ho møter mange utfordringar på vegen, og då blir fela god å ha med. Spelejenta er allalderlitteratur retta mot målgruppa 3–6 år, og med tilpassingar for 1.–4. trinnet. Forteljinga har magiske element, og nydelege illustrasjonar av Øyvind Torseter.

Det går gjetord om den fine framsyninga dykkar. Kan du fortelje om historia og framsyninga, og kvifor de er inspirerte til å formidle henne slik de gjer, og til den målgruppa de gjer?

Så hyggeleg! Eg har ei jente på 5 år med stor fantasi som spelar fele, så Spelejenta låg langt framme i medvitet då eg fekk spørsmål om å gjere ei barneframsyning for Jørn Hilme-stemnet sommaren 2022. Eg fekk med meg Anne Heidi som eg tykkjer passar perfekt til å formidle dette universet i kraft av at ho er både skodespelar og dansar. Det er naturleg for oss å formidle gjennom folkemusikk, folkedans og nynorsk skriftkultur eller dialekt.

Vi opplever universet i Spelejenta som ei blanding mellom eit fint, uskuldig eventyr og ei forteljing på ramme alvor om ei synsk jente som verkeleg bergar far sin. Forteljinga handlar altså om ei lita jente som kan sjå ting vi andre ikkje ser. I møte med utfordringar spelar ho på fela si, og med den kan ho både opne berg og kløyve hav. Framsyninga er ei spennande reise!

Kva grep har de gjort frå bok til scene?

For å lage ei framsyninga av boka har vi teke fleire grep. Vi har lagt til ein del dans og rørsle for å iscenesette innhaldet. Når Spelejenta skal ut og gå, skildrar vi det i gangartakt. Når Spelejenta opplever å stå fast, spelar ho den finaste låtten ho kan, for å kome seg laus. Her brukar vi ein vals som eg har laga, og som Anne Heidi dansar ut med rørsler som spring ut frå spelinga. Anne Heidi går inn og ut av rolle og vekslar mellom å vere forteljar og å spele ut rolla som Spelejenta. I det store og heile har det handla om å lage musikk og dans som underbyggjer teksten.

Kvifor Jon Fosse i barnehage og på barnetrinn? Kvifor er det viktig med kunst og kulturformidling til born, og kvifor meiner de det er viktig med meir nynorsk skriftkultur til målgruppa?

Jon Fosse har eit fantastisk nynorsk språk som i seg sjølv er verdifullt å formidle til born! Å spele framsyning for born kan vere utruleg vakkert. Dei er nådelaust ærlege, og kan samstundes fortape seg i ei forteljing, i musikk og i dans på ein heilt annan måte enn eit vakse publikum. Det er viktig at ungar får oppleve ei breidde i kunstnarlege uttrykk både når det gjeld språk, kunstform og innhald.

Stripe
Spelejenta2 til nettside

Kva respons får de når de framfører Spelejenta til born? Kva forventar de, og kva overraskar dykk?

Det kan verke til at framsyninga treffer særleg jenter. Kanskje heng det saman med at hovudkarakteren er ei spelejente, og at formidlingsstilen er nedpå? Det vi kanskje har blitt mest overraska over, er at eit vakse publikum også ser ut til å like framsyninga godt. Vi er noko overraska og glade for at ei rein og enkel scenisk form fungerer godt til born. At ein liksom ikkje treng å køyre i hundre heile vegen, slik som mykje underhaldning til born i dag kan gjere.

Kva erfaringar gjer de dykk i møte med mangfaldet i opplæringsfeltet?

Førebels har vi hatt eit nokså homogent publikum og stort sett formidla til ungar frå Valdres. Vi gjer veldig gjerne framsyninga for eit meir mangfaldig publikum geografisk, interkulturelt og sosiokulturelt. Vi har eit døme der vi hadde ein høyrslehemma publikummar. Ein kan kanskje tru at dette barnet ikkje fekk ei likeverdig oppleving av framsyninga. Men vaksenpersonen som var med henne, kunne fortelje at ho mest aldri har sett henne så oppslukt før. Slike episodar viser for alvor kor viktig det er å opne opp for og oppsøke eit mangfaldig publikum. Den kulturelle skulesekken, til dømes, fungerer demokratiserande, speglar og freistar å ta i vare mangfaldet i opplæringsfeltet.

I denne filmsnutten kan du sjå eit utdrag av framsyninga Spelejenta.

Du kan lese omtale av boka på Nynorskbok.no.

«Nei å nei, sa den vesle spelejenta.
Eg kjem meg visst ikkje vidare, sa ho,
og augo hennar vart våte.
Eit fjell er imellom meg og far min, sa ho,
og så sette den vesle jenta seg ned på
ein stein og for å trøysta seg tok ho fram fela
og ho spela den tristaste og vakraste slått
nokon vel kan ha høyrt og så såg ho opp og
då såg ho at fjellet hadde opna seg, som ei
kløft hadde laga seg i fjellet og spelejenta la
fela og bogen i feleskrinet og så gjekk ho inn
i fjellet og igjennom kløfta.»

Sivert Holmen (fødd 1992) er utøvande og skapande musikar på hardingfele. Han er utdanna ved Noregs musikkhøgskule og er forankra i slåttespeltradisjonen frå Valdres. Han har fordjupa seg i både lydarlæte og moderne samtidsmusikalsk repertoar for solo hardingfele. Dei seinare åra har han arbeidd med å skape ny musikk. Då har han mellom anna skrive musikk til ulike barneframsyningar, og fordjupa seg i å nytolke og rekomponere musikk for solo hardingfele. Holmen har også pedagogisk utdanning og har jobba med undervisning både på hardingfele og i ungdomsskule.

Anne Heidi Kvam Hillestad (fødd 2000) går siste året på ein bachelorgrad i musikkteater ved institutt for scenekunst ved Høyskolen Kristiania. Ho har ein allsidig bakgrunn frå både musikk, dans og skodespel. Ho har vore eir kjent fjes i lokale oppsetjingar i Valdres i ei årrekke, trass sin unge alder.