Bok på 1-2-3: Den vesle prinsen

Tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk og KRLE for 7. trinnet. Med tilpassingar kan ressursen brukast på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vaksenopplæringa.  

Tid: 180 minutt  

Den vesle prinsen er ein verdskjend barnebokklassikar som vert rekna som allalderlitteratur. Boka filosoferer om kreativitet, vennskap og «det skjønne» i livet. Gjennom boka fortel prinsen om reisa si gjennom verdsrommet, frå planet til planet, for å finne venner og skjøne kva vennskap er.  

På ferda har han vore innom ulike planetar, der det blant anna har budd ein konge utan undersåttar, ein drankar som drikk fordi han skjemmest, og skjemmest fordi han drikk, og ein forretningsmann som meiner han eig alle stjernene.  

Gjennom samtalen med den vesle prinsen går det opp for flygaren kva som eigentleg er viktig i livet: «Det er berre med hjartet ein ser godt. Det viktigaste er usynleg for auga.» 

Lysark til ressursen (pptx)

Utdrag frå boka