Eit år med lesemoro

Eit år med lesemoro kan medverke til positive haldningar til lesing! Mange lærarar leitar etter måtar å styrke leseengasjement, leselyst og motivasjon for lesing. Når ein gir elevane leseutfordringar kvar månad i skuleåret, er det ein av mange måtar du kan styrke leseferdigheit og leseengasjement og vere med på å bygge ein lesekultur i klassa.

Det å lære seg å lese er kanskje den viktigaste forventinga elevar har når dei byrjar på skulen. Men å lære å lese kan ta lang tid, og ofte er det mange små steg som skal til for at ein elev skal kjenne seg som ein god lesar. Etter kvart som elevane har lært seg å setje saman bokstavlydane til meiningsfulle ord, trengst det mengdetrening på hovudmålet. For å stimulere til mest mogleg lesing, er det viktig å lese på mange måtar og variere tilnærmingane. Gi elevane tilgang til eit stort utval nynorske barnebøker i ulike sjangrar som dei kan velje frå. Bruk gjerne Nynorskbok.no til å finne fram til bøkene.

Variasjon kan bidra til å dyrke gode haldningar og engasjement for lesing.

Stripe

Fleire undersøkingar, mellom anna PISA-undersøkingane, viser at haldningane til lesing og lesevanane til norske elevar har utvikla seg i negativ retning sidan PISA 2000 (Roe, 2020, s. 107). Fleire elevar seier at dei ikkje likar å lese, og fleire seier at dei ikkje les bøker på fritida. Sidan samanhengen mellom haldningar til lesing, fritidslesing og leseprestasjon er tydeleg, må vi som lærarar arbeide både med leseferdigheiter og leseengasjement. Vi må prøve å legge til rette for og stimulere til lesing både på skulen og på fritida.

Denne ressursen er tenkt som eit bidrag i arbeidet med å styrke gode haldningar til lesing både heime og på skulen. Her finn du eit ark for kvar månad i skuleåret med ulike leseutfordringar. Arka har ulike teikningar og skildrar ulike situasjonar der ein kan lese. Nokre leseutfordringar kan ein gjere på skulen, andre må ein gjere heime. Arka kan nyttast på ulike måtar. Til dømes kan arka verte utdelte i byrjinga av månaden, og så kan eleven sjølv velje seg leseutfordringar gjennom månaden. Ein treng sjølvsagt ikkje gjere alle oppdraga, ein tek det som høver. På denne måten kan ein tilpasse leseoppdraga til den einskilde eleven.

Når månaden er omme, får eleven skrive ei lita eigenvurdering, som de gjerne kan ha på baksida av leseoppdragsarket. Dei ulike månadane kan gjerne ha ulike eigenvurderingar, slik at ein ikkje må skrive det same kvar månad. Det ligg difor ved fleire døme på eigenvurderingar, men her kan ein gjerne finne på sjølv også. Desse eigenvurderingane gir skrivetrening, høve til å reflektere og viser også eleven noko av hensikta med leseoppdraga. Eigenvurderingane gir også læraren innsyn i korleis elevane opplever oppgåva, og kan gi idear til nye leseoppdrag. Kanskje vil elevane fortelje i klassa korleis det gjekk med oppdraga, eller gi lesetips til klassekameratane. Etter at månaden er ferdig, kan ein henge opp arka, eller samle dei i ein perm.

Dersom elevane treng tips til kva dei kan lese, er nettstaden Nynorskbok.no ein god stad å leite. Her kan du søkje både på aldersgruppe, sjanger, tittel eller forfattar, og du finn også ulike boklister. Det er laga eit eige bokhefte med bøker som høver for born på 1.–4. trinn. Kanskje vil nokon prøve å lese alle bøkene i heftet? Når du klikkar deg inn på dei ulike bøkene, finn du omtalar av bøkene slik at du kan danne deg eit bilete av boka før du byrjar å lese henne.