• Blogg
  • Leseland – bøker for fleire nivå og ulike interesser

Leseland – bøker for fleire nivå og ulike interesser

13.05.2025

Jente som les komprimert til nettside

Å kunne lese med flyt handlar om å avkode bokstavane og samstundes hente ut innhaldet i teksten (Tønnessen & Uppstad, 2014). For å klare det, må teksten vere på eit passeleg nivå, sidan vanskegrad og ordmengde kan påverke leseflyten til begynnarlesaren. Dessutan er det motiverande å lese om eit tema som interesserer, og å klare å lese ei forteljing frå start til slutt, sjølv om ein er ein heilt fersk lesar. 

Tekst: Anne Marta V. Vadstein
Foto: Nynorsksenteret

For elevar som strevar, er det særleg viktig at læraren hjelper til med å byggje ein positiv lesaridentitet, der dei får snakke om tekstane dei les. Når tekstane er interessante for eleven, er vegen kortare til å snakke om kva teksten handlar om (Grønli et al., 2025). Alle elevar treng å få sjansen til å snakke om det dei les. 

Lærarspesialist Christine Langeland fortel at ho ofte nyttar nivådelte bøker eller hefte i stasjonsundervisinga. Elevane blir etter kvart veldig gode på å finne det nivået som passar for dei, og les boka først tre gongar for seg sjølve og så for læringspartnaren, gruppa eller læraren. 

– Nokre elevar les tre bøker på eit kvarter, så då trengst det mange nok bøker, fortel Langeland.  Ei favorittbok kan også lesast mange gonger, og sjølv om boka kanskje har lite tekst, blir det ofte mykje samtale om boka når illustrasjonane utfyller verbalteksten. 

– Eg har lyst på mange alternativ til lesehefta. Nokre av hefta har gått litt ut på dato, og det er ikkje alltid mange nok av dei. Det er viktig med varierte tema og forteljestilar, det motiverer ulike elevar, fortel Langeland. 

Christine Slette Langeland portrett komprimert til nettside
Lærarspesialist Christine Langeland.

Nynorske bøker

Nynorskelevar treng å få lese mykje på hovudmålet sitt, og derfor er det viktig å kjenne til det som finst av nivådelte hefte og bøker i begynnaropplæringa. Det er også derfor Nynorsksenteret no går ut og tipsar særleg om Leseland, for å leggje til rette for at lærarar veit om kva som finst på nynorsk. 

Leseland-serien inneheld nærare hundre bøker på fem ulike nivå. Bøkene er laga av forfattarar og illustratørar og utvikla i samarbeid med leseforskarar. Dei er tilpassa barneskulebarn sine interesser og skal dekke alle lesenivå. Både forteljingar og faktabøker er i serien, og nokre av karakterane finst det også fleire bøker om, til dømes Besta og Bo av Anna R. Folkestad. Å lese fleire forteljingar om dei same personane kan dessutan inspirere dei som først er blitt kjende med karakterane. Bøkene er også innbundne og passeleg lange for ferske lesarar.

– Nokre legg merke til at andre les bøker med mykje tekst, men det er sjeldan nokon som kommenterer andre vegen, om nokon treng enklare nivå enn dei sjølve. Vi brukar å ufarleggjere det med å snakke om at vi er ulike og lærer i ulikt tempo og på forskjellige måtar.  

– For nynorskelevane er det særleg viktig å få hjelp til å finne dei nynorske lettlesbøkene, slik at dei får mengdetrening i å lese på hovudmålet sitt, seier Langeland. Alle barneskular burde ha minst eitt sett med alle bøkene i Leseland-serien, sidan dette er den einaste nivådelte bokserien for denne elevgruppa på nynorsk, avsluttar ho. 

Leseland-bøkene er fordelte på 5 nivå:

Nivå 1: Ny i leseland

  • Bøkene eignar seg for barn som nett har begynt å lære å lese.
  • Bøkene har lita tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.
  • Barna lærer å lese både tekst og bilete. Enkel og kort tekst, korte setningar, 5–10 ord per side.
Leseland nivå 1 komprimert til nettside
Leseland nivå 1.

Nivå 2: Kom i gang

  • Bøkene eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder.
  • Tekstmengda aukar litt. Bøkene har framleis mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.
  • Enkel og kort tekst, korte setningar, 15–25 ord per side.
Leseland nivå 2 komprimert til nettside
Leseland nivå 2

Nivå 3: Lesevennen

  • Bøkene eignar seg for barn som les, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga.
  • Tekstmengda aukar, og lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel for å skape pausar i lesinga.
  • Bøkene har illustrasjonar på kvar side. Korte tekstar, korte til middels lange setningar, 30–50 ord per side.
Leseland nivå 3 komprimert til nettside

Nivå 4: Leseproffen

  • Bøkene eignar seg for barn som les og begynner å bli uthaldande i lesinga. Tekstmengda aukar, og historiene er meir komplekse.
  • Lesaren møter nokre vanskelege ord.
  • Teksten er delt i kapittel med illustrasjonar på kvar side. Middels lange tekstar, middels lange setningar, 70–90 ord per side.
Leseland nivå 4 komprimert til nettside
Leseland nivå 4.

Nivå 5: For eldre barn og ungdom

Leseland nivå 5 komprimert til nettside
Leseland nivå 5.

Kjelder:

Grønli, K. M., Walgermo, B. R., McTigue, E. M., & Uppstad, P. H. (2025). Feedback Practices on Young Students’ Oral Reading: A Systematic Review. Review of Educational Research, 0(0), 00346543241306070. https://doi.org/10.3102/00346543241306070

Tønnessen, F. E., & Uppstad, P. H. (2014). Leseflyt. In (pp. 171-183). Gyldendal akademisk.