Året vårt

Chris lawton c0r Ih0n FTFU redigert

Dette er ein tverrfagleg ressurs med element frå norsk, naturfag, musikk og kunst og handverk. Opplegget har året som tema og tek føre seg månadene, årstidene, dyr, naturen og aktivitetar som ein knyter opp til dei ulike årstidene. Opplegget kan brukast som det er, men det er også høve til å bruke delar av opplegget dersom ein ser at det passar best for klassen. Opplegget legg opp til både individuelt arbeid og samarbeid, samt diskusjon og refleksjon.

Sant/usant-oppgåva tek utgangspunkt i leseteksten «Året vårt» og har leseforståing som hovudmål. Leseforståing er ein sentral og viktig del av leseopplæringa, noko også Jay Rasmussen peikar på i sine undersøkingar etter at norske elevar gjorde det dårleg på PISA-undersøkinga våren 2000. «Ut fra dette anbefalte Rasmussen blant annet at leseforståelse ble sterkere vektlagt i norsk lesepedagogikk; spesielt anbefalte han økt satsing på undervisning i leseforståelsesstrategier.» (Bråten (red.) s. 10). I denne ressursen får elevane trening i å både forstå, undre seg og reflektere over det dei les.

Det er laga tre utgåver av leseteksten «Året vårt», der lesetekst 1 er lengst og lesetekst 3 er kortast.

  • Lesetekst 1

    Last ned som PDF: Året vårt

    Året vårt

    Eit år har tolv månader og fire årstider. Nokre av månadene har 31 dagar, medan andre har 30 dagar. Februar er den kortaste månaden, med berre 28 dagar. Kvart fjerde år vert det lagt til ein ekstra dag i februar. Når det skjer, er det skotår. Dei tolv månadene kan ein dele inn i fire og plassere i ulike årstider. Vinter, vår, sommar og haust er namnet på årstidene. Året startar og sluttar med vinter, og derfor vert dei to første og den siste månaden kalla vintermånader. Mars, april og mai er vårmånader. Dei tre sommarmånadene er juni, juli og august, medan september, oktober og november kjem når det er haust.

    Dyr og fuglar merkar også at årstidene endrar seg, og medan nokre dyr går i hi når det vert vinter, skiftar andre farge på pelsen sin for å kamuflere seg. Haren er eit av dyra som skiftar mellom sommarpels og vinterpels. Han er kvit om vinteren og brun om sommaren. Bjørnen og raud-reven er i dvale om vinteren, og ekorna brukar hausten til å hamstre nøtter slik at dei har mat når vinteren kjem. For nokre fuglar vert vinteren for kald her nord, og dei reiser derfor sørover til varmare land. Gauken flyg lengst, og oppheld seg i Afrika når det er vinter i Noreg. Han er tilbake i Noreg i mai, og for mange er gauken sitt velkjende «ko-ko» eit teikn på at det går mot sommar.

    Naturen skiftar også farge i dei ulike årstidene. Medan vinteren er kvit og grå, er hausten fargerik. Våren kjem med lyse fargar ved at bjørka og andre tre får grøne blad, blomar startar å spire og det vert litt varmare i veret.

    Mange likar å gå på ski om vinteren, og når det er skikkeleg kaldt og det har kome tjukk is på vatna, kan ein gå på skeiser. Andre likar betre å lage snømann eller snølykt, eller kanskje ta seg ein tur i akebakken. Når snøen smeltar om våren, når sola startar å varme, og når fuglane si kjende kvitring kan høyrast frå tretoppane, då er det mange barn som finn fram fotball, hoppetau og syklar igjen.

  • Lesetekst 2

    Last ned som PDF: Året vårt

    Året vårt

    Det er tolv månader og fire årstider i eit år. Det er 30 eller 31 dagar i kvar månad, men i februar er det berre 28 dagar. Kvart fjerde år er det skotår, og då har februar 29 dagar. Året er delt inn i fire årstider. Sommar, haust, vinter og vår. Året startar og avsluttar med vinter, og desember, januar og februar vert kalla vinter-månader. Mars, april og mai er vår-månader. I juni, juli og august er det sommar, og det er haust i september, oktober og november.

    Dyr og fuglar merkar også at årstidene endrar seg. Nokre dyr går i hi heile vinteren, medan andre skiftar farge på pelsen. Bjørn og raud-rev er i dvale når det er vinter, og haren skiftar frå brun til kvit pels. Han skal kamuflere seg. Ekornet hamstrar nøtter så han har nok mat. Nokre fuglar flyg til varmare land når det nærmar seg vinter. Gauken flyg lengst, heilt til Afrika. Også naturen endrar farge for kvar årstid. Hausten er fargerik, med raude og gule blad. Vinteren er kvit og grå. Om våren kjem det grøne blad på trea.

    Om vinteren er det mange som likar å gå på ski. Når våren kjem, finn ungar fram hoppetau, syklar og fotball.

  • Lesetekst 3

    Last ned som PDF: Året vårt

    Året vårt

    Det er tolv månader og fire årstider i eit år. Vinter, vår, sommar og haust er årstidene våre. Desember, januar og februar er vinter-månader. Mars, april og mai er vår-månader. Juni, juli og august er sommarmånader. September, oktober og november er haust-månader. Februar har 28 dagar, men 29 dagar når det er skotår. Dei andre månadene har 30 eller 31 dagar.

    Bjørnen bur i eit hi. Han går i dvale når det er vinter. Haren kamuflerer seg om vinteren. Ekornet hamstrar nøtter så det har nok mat til vinteren kjem. Fuglar flyg til varmare land. Hausten er fargerik, med gule og raude blad. Vinteren er grå og kvit. Bjørka får grøne blad når våren kjem.

    Om vinteren er det mange som går på ski.

    Når det blir vår, likar mange å hoppe tau eller sparke fotball.

Klassesamtale (naturfag)

I teksten «Året vårt» er der nokre ord som kan vere vanskelege å forstå. Desse orda er det naturleg å snakke saman om. La elevane kome med forslag til ord dei syntest var vanskelege, og snakk saman om desse orda.

Under finn de ei liste med forslag til ord som kan forklarast nærmare.

  • Eit hi
  • Å gå i dvale
  • Å hamstre
  • Skotår
  • Kamuflasje / å kamuflere seg

Finn ut ved å sjå i ein kalender eller leite etter informasjonen på anna vis:

  • Kor mange dagar er det i eit år?
  • Kva for månader har 31 dagar?
  • Kor mange veker er det i eit år?

Oppgåveark

Tekstar og fjernsynsprogram om året

Kunst og handverk

Alternativ 1

    Lag ei teikning der du viser korleis naturen ser ut og endrar seg gjennom dei fire årstidene. Del eit A3-ark inn i fire ruter, eller skriv ut denne malen: Aarstider.pdf

    Lag utstilling til slutt.

    Du treng:

    • eit A3-ark
    • linjal
    • teiknesaker

    Alternativ 2

      Vel deg ut ei av årstidene og lag eit mosaikk-bilete.

      Du treng:

      • Eit ark (del eit A4-ark i to)
      • Vekeblad/reklameblad
      • Lim
      • Blyant

      Slik gjer du det:

      1. Vel deg ut kva for årstid du vil lage bilete av.
      2. Teikn (med blyant) ei grovskisse av korleis biletet skal sjå ut.
      3. Riv ut små bitar i ulike fargar frå vekeblad/reklameblad. (Det er viktig at bitane ikkje er for store).
      4. Lim bitane på skissa slik at dei dannar fargen på biletet.
      5. Heng opp.

      Musikk og naturfag

      Alternativ 1

        Lytt til «Dei fire årstidene» av Vivaldi. (Vurder om de skal lytte til alle, eller berre velje ei eller to av årstidene.)

        Instruks til lytteoppgåve:

        • Kva instrument høyrer de?
        • Kan enkelte parti i musikken minne om noko knytt til den spesielle årstida?

        Alternativ 2

          • Syng songen «Rundt og rundt», som ligg på tunkatten.no
          • Kva anna er det som går rundt og rundt? Kva er det som gjer at vi har fire årstider? Kvifor er det mørkt om vinteren og lyst om sommaren?

          De finn fleire songar som handlar om årstidene, her: https://www.tunkatten.no/songbok/aret-rundt/

          Boktips til temaet

          • Mine små leksikon: Skogen
          • Ørn (Martine Grande)
          • Månen som ville lyse som ei sol (Elin Grimstad)
          • Sola og vinden (Leseland nivå1 )
          • Venner med venger (Erna Osland)
          • Frosken om vinteren (Max Velthuijs)
          • Bjørkebokstavar (Diktbok. Hilde Myklebust)
          • Skogen den grøne (Diktbok. Ruth Lillegraven)

          Kjelder

          Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet – teori og praksis, Ivar Bråten (red.) 2007.