Tilpassa leseopplæring på 3.–6. trinn: Å gå seg vill

Fyrstesida
Teksten elevane skal lese i dette opplegget, er henta frå Nysgjerrigper.

«Kva gjer vi om vi går oss vill i skogen?» heiter teksten i dette undervisingopplegget. Temaet engasjerer elevane, samtidig som det gjev dei nyttig kunnskap om korleis dei kan vere trygge når dei er ute på tur. Oppgåvene legg opp til at dei skal lese og reflektere over emnet og bruke det dei har lært, i ulike kreative skriveoppgåver.    

Målet med dette undervisingsopplegget er at alle elevane les same tekst saman og byggjer eit felles kunnskapsgrunnlag. Etterpå, når dei skal lese sjølve, er undervisingstekstane og oppgåvene rundt desse tekstane tilpassa leseferdigheitene til eleven. 

Tilpassa leseopplæring. Kva og kvifor? 

Leseferdigheitene til elevane på 3., 4., 5. og 6. trinn varierer ofte i ein og same klasse. Nokre elevar les lange fagtekstar med både engasjement, flyt og forståing, medan andre elevar strevar med både avkoding, leseflyt og leseforståing.  Det kan vere både vanskeleg og arbeidskrevjande å finne tekstar og oppgåver som gjer at elevane får oppleve meistring samtidig som dei lærer fagstoff og utviklar lese- og skriveferdigheitene sine.    

Læringsteknologi med lydbøker og lydfiler har gjort det enklare å gje elevane som strevar med avkoding og leseflyt, tilgang til meir komplekse tekstar. På denne måten kan alle elevane i ein klasse lese og samtale om den same teksten. Sjølv om lydfiler kan hjelpe elevane å utvikle både ordforråd og fagleg kunnskap om eit emne, må elevane i tillegg lese sjølve. Dei treng  å utvikle avkodingsferdigheitene sine og arbeide mot å lese tekstar sjølve med flyt og forståing. Då skal ikkje tekstane vere for vanskelege.   

Tilpassa leseopplæring. Korleis?

I desse oppgåvene er det først og fremst detaljar i språket vi legg vekt på. Korleis kan vi lære elevane opp til å lese nøyaktig? Arbeid med språkleg forståing, i form av arbeid med ordforråd og lesestrategiar, er med i elevpresentasjonen du kan bruke i klasserommet, sjølv om dette ikkje er hovudfokuset her. Det er sjølvsagt også viktig, og er ein del av leseopplæringa når elevar skal lese og forstå fagtekstar.   

Elevar som ikkje er komne så langt i leseutviklinga, kan arbeide med stavedeling på ulike måtar, silhuettar, konsonantar og vokalar, diftongar og enkle setningar. Dette kan ein også gjere meir avansert for lesarar som har kome langt.    

Elevar som har kome langt i leseutviklinga, kan til dømes arbeide med samansette ord, grammatikk og puslehistorier med kortare og lengre tekstar. Dette kan ein også forenkle for elevar som treng det.   

Materiell du kan bruke i dette tekstarbeidet 

Vi har laga to presentasjonar. Ein presentasjon er for læraren og viser bakgrunnen for oppgåvene og korleis ein kan gjere dei i klasserommet. Denne presentasjonen er det ikkje meininga at du skal  bruke i klasserommet. Dersom du finn instruksjonar eller bilete du vil bruke i klasserommet, må du sjølvsagt gjerne gjere det, du kan redigere i presentasjonen. Elevpresentasjonen er laga for å kunne brukast direkte i klasserommet, denne presentasjonen kan du også tilpasse og redigere i. Vi føreslår at du blar gjennom elevpresentasjonen før du set deg inn i presentasjonen for læraren.   

Du finn peikar til tekstar på tre ulike nivå, og eit oppgåvesett til kvar tekst. Elevane treng sjølvsagt ikkje gjere alle oppgåvene. Her viser vi berre ei stor breidde i ulike oppgåver ein kan gjere.   

Presentasjon til læraren (pptx)

Tekst frå Nysgjerrigper

Oppslag heile
Kva gjer vi dersom vi går oss vill i skogen? (pdf)

Teksten frå Nysgjerrigper i full utgåve.

Oppslag medium
Kva gjer vi, medium utgåve (pdf)

Enklare utgåve av teksten.

Oppslag kort
Kva gjer vi, kort utgåve (pdf)

Kort utgåve av teksten.

Kjelder

Bø, Maren (2020). Kva gjer vi dersom vi går oss vill i skogen? Nysgjerrigper, 27(3), 26–27 

Refsahl, Vigdis (2023). Elevtilpasset leseopplæring. Fagbokforlaget