Lesing, skriving, teljing og sortering
I denne ressursen skal dei yngste elevane få øve seg på å kjenne att bokstavar og å telje og sortere. Det er ein fordel at elevane jobbar saman i små grupper, og slik får elevane også trening i å samarbeide med andre. Opplegget har mange aktivitetar, og som lærar må du plukke ut dei aktivitetane som passar for dine elevar. Etter kvart som elevane har jobba med ein av aktivitetane kan det vere naturleg å utvide med ein av dei andre. Det går også an å kombinere nokre av oppgåvene. T.d. kan oppgåve 4 brukast saman med både oppgåve 1, 2, 3, 5 og 6. Det er viktig at elevane får jobbe med oppgåvene fleire gongar, slik at dei får repetisjon på dei ulike elementa som ressursen inneheld.
Aktiviteten kan brukast som ei stasjonsoppgåve eller i full klasse. Nedst på sida ser du kompetansemål i norsk og matematikk etter 2. trinn som ressursen støttar.
Førebuing:
- Skriv ut arka med ordkorta (og arka med dei høgfrekvente orda) og klipp dei ut.
- Finn fram skrivesaker.
- Skriv ut skjemaet som elevane kan notere i.
- Aktivitet 4 og 8 kan gjerast digitalt eller «for hand».
Tips 1: Det kan vere lurt å laminere arka slik at dei varer lenger.
Tips 2: Dersom du vil utvide oppgåva, kan elevane også få korta med verb og bruke dei i setningane sine.
Tips 3: Dersom du skriv ut verb og substantiv på farga ark (til dømes verb – grøn og substantiv – raud), kan du bruke korta i arbeid med ordklassar ved seinare høve.
Tips 4: Dersom du skriv ut to av kvart ordkort, kan elevane spele bildelotto og prøve å finne to og to like ordbilde.
Aktivitetane
1: Sorter orda etter kva bokstav dei startar på
- Ord med same bokstav først skal i same bunke.
- Tel og set teljestrekar for kvart kort i bunken. Bruk skjemaet.
- Tel teljestrekane til slutt og skriv talet.
2: Sorter orda etter kor mange bokstavar dei har
- Ord med like mange bokstavar skal i same bunke.
- Tel opp ein og ein bunke til slutt og skriv teljestrekar og talet i skjemaet.
3: Sorter orda i tema
- Ord som høyrer til i same tema, skal i same bunke. (Dyr, vêr, mat, reiskap, natur, køyretøy, aktivitet, utstyr).
4: Skriv ned orda som står på korta du trekker
5: Les og teikn ordet
6: Sorter orda etter talet på stavingar
- Klapp stavingane.
- Ord med like mange stavingar skal i same bunke.
- Skriv tal eller teljestrekar i skjemaet.
7: Lag setningar med ordkorta
- Bruk korta med dei høgfrekvente orda og legg dei saman med ordkorta slik at dei dannar ei setning.
- Ta bilete av setninga du har laga.
- Set biletet inn i ei Book Creator-bok.
(Forslag til differensiering. Elevar som har kome langt i lese- og skriveutviklinga, kan allereie her lære omgrepa substantiv og verb (Sjå tips 3 i punktet om førebuing)).
8: Lag «eg ser»-setningar med orda
Kompetansemål etter 2. trinn
Norsk:
- leike med rim og rytme og lytte ut språklydar og stavingar i ord.
- trekkje bokstavlydar saman til ord under lesing og skriving.
- lese med samanheng og forståing på papir og digitalt og bruke enkle strategiar for leseforståing.
- uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar.
Matematikk:
- ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar.
- utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane.