Ferda til Boktopia – leseaksjonar i barneskulen

Mange skular arrangerer leseaksjonar for elevane sine. Nokre engasjerer heile skulen i fellesprosjekt, andre har leseaksjon i eiga klasse, og nokre har små gruppeprosjekt eller gir enkeltelevar eit eige oppdrag som fokuserer på lesing. Denne idébanken kan gje idéar og vere til hjelp når du skal planlegge slike leseaksjonar. Nedst i ressursen finn du eit døme på ein ferdig leseaksjon: Ferda til Boktopia.

Boktopia fargar lite kutta

Leseaksjonar er mest vanleg på barneskulen. På barnetrinnet treng mange elevar mengdetrening for å oppnå god leseflyt og dermed verte ein betre lesar. Men lesing er så mykje meir enn øving. Når ein får høve til å fordjupe seg i litteratur om eit emne ein er genuint interessert i, kan ein bli motivert til både lesing, skriving og anna skulearbeid. Det å lese tekstar i lag kan gje uerfarne lesarar ei kjensle av meistring. Det å oppleve tekstar saman med nokon, kan også gje meining til lesearbeidet.

    Tema for leseaksjonar

    Ein må sjølvsagt ikkje ha eit fast tema for ein leseaksjon. Nokre gongar held det å fokusere på lesing. Men om ein ynskjer å ha eit tema knytt til lesinga, har vi samla nokre forslag her. Desse forslaga har vi delt inn tre hovudgrupper:

    • aktuelle, nynorske forfattarar
    • tverrfaglege tema
    • sjangrar

    Nokre aktuelle, nynorske forfattarar

    Det kan vere inspirerande å bli kjend med mange bøker skrivne av same person! Dersom ein leseaksjon tek utgangspunkt i ein forfattar, er det naturleg at ein les tekstar av forfattaren i fellesskap. Det er derimot ingenting i vegen for at elevane kan lese sjølvvalde bøker av andre forfattarar i tillegg. Når elevar får velje kva dei skal lese sjølve, vert det ofte noko dei har lyst til å lese. Det kan gje motivasjon til lesearbeidet.

    Aktuelle, nynorske forfattarar:

      Forfattarar
      • Kari Stai
        Passe happy til nettside

        Aktuelle bøker

        • Mange bøker om Jakob og Neikob, til dømes Jakob og Neikob og tidsmaskinen
        • Passe happy – om Juri 12 år
        • Tankespinn – om det å tenkje vanskelege tankar

        Nettstadar

        Aktivitetar

        • På Bok 1-2-3 finn du undervisningsopplegg til boka Jakob og Neikob og det tomme rommet.
        • Biletbøker er kjekt å arbeide med, også for eldre elevar. Biletbøker i ungdomsskulen er eit opplegg med tips om korleis ein kan arbeide med biletbøker i ungdomsskulen, men opplegget kan tilpassast mellomsteget.
        • Passe happy og Tankespinn kan koplast til det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring.
        • Jakob og Neikob og Alle Andre kan knytast til filosofiske samtalar.
        • Å teikne motsetningspar er eit teikneopplegg med utgangspunkt i Jakob og Neikob.
      • Maria Parr
        Keeperen Og Havet Stort

        Aktuelle bøker

        • Tonje Glimmerdal
        • Vaffelhjarte
        • Keeperen og havet – utdrag som lydbok

        Nettstadar

        Aktivitetar

        • På Bok 1-2-3 finn du undervisningsopplegg til boka Tonje Glimmerdal
        • Her har Ylva Schmidt-Tjøstheim skrive ei bokmelding. Kan denne teksten fungere som ein modelltekst for bokmeldingar?
        • Vi lagar lydbok er ein ressurs for ungdomskulen, men kan tilpassast til mellomsteget. Kanskje kan eit eventyr som Maria Parr har omsett, passe som lydbok?
      • Anders Totland
        Nattmannen Fotokreditering Gyldendal

        Aktuelle bøker

        • Anders Totland har skrive faktabøker som Norske sjørøvarar, Lepra, Nattmannen og Pest og plage. Desse bøkene passar kanskje best for mellomsteget.
        • Men han har også skrive Ut i rommet, som er ei lettlesbok i Leseland-serien

        Nettstadar

        • Anders Totland har eigen blogg.
        • Framtida junior har fleire intervju med Anders Totland
        • Bakom boka – ein podcast med Anders Totland

        Aktivitetar

        • Tid for ti 2023 har læringssti og aktivitetar knytt til boka Norske sjørøvarar
        • Å lage ei tidslinje kan vere eit fint arbeid når ein les bøker med mange historiske fakta.
      • Tor Arve Røssland
        Den Tolvte Spelaren

        Aktuelle bøker

        • Overleve-serien har tre bøker: Vulkanen vaknar, Istid og Den siste krigen. Serien kan høve på 5.–7. trinn.
        • Absolutt Pode er ei samlebok om Pode som kan høve som høgtlesing for 6–10-åringar.
        • Den tolvte spelaren er ein lettlesen roman i Grøss og gru-serien og kan høve for 6. og 7. klasse.
        • Serien Svarte-Mathilda er spanande lesing for 6. og 7. klasse

        Nettstadar

        • Nettstad om forfattaren med spørsmål og svar.
        • Svarte-Mathilda har eigen YouTube-kanal.
        • Her er eit intervju med Tor Arve Røssland der han fortel om Overleve-serien og les eit utdrag.
        • Her er ein podcast der Tor Arve Røssland vert intervjua av Sunniva Tonning (14).

        Aktivitetar

        • Nynorsksenteret har laga eit Bok på 1-2-3 undervisningsopplegg til Den tolvte spelaren.
        • Tid for ti-aksjonen har undervisningsopplegg og aktivitetar til første boka i Overleve-serien.
        • Overleve-serien kan passe fint inn i tverrfaglege tema om berekraftig utvikling.
        • Om ein les Svarte-Mathilda-bøkene, kan ein også skrive eigen grøssarar. Her er eit opplegg med skrivestartarar frå Nynorsksenteret.

      Tverrfaglege tema som høver for leseaksjonar


        Tema framtid

        Framtid og verdsrommet

        Stripe
        Tema hav

        Sjø og hav

        Stripe
        Tema sport

        Sport og fotball

        Stripe
        Tema venskap

        Venskap

        Sjangrar som utgangspunkt for leseaksjonar

        Humor

        Krim og mysterium

        Dikt

        Teikneseriar


        Tidslinje for leseaksjonen

        1. Oppstart! Lag ei markering av at leseaksjonen er i gang! Her kan ein klippe snorer, sjå film, ete noko godt, gå på biblioteket, ta med bøker til skulen, rektor har ordet, forfattarbesøk – eller andre ting som kastar glans over aksjonen!
        2. Bygg om klasserommet eller skulen! Lag lesehole eller ta med pledd og puter til lesinga. Lag utstilling av bøker eller om forfattarar. Lag ei scene for høgtlesing. La det vise at det er leseaksjon.
        3. Stopp undervegs! Snakk om bøker i lag og i grupper. Snakk om forfattarane, eller leik at ein intervjuar forfattarane. Lag kvissar eller bygg ei verd i Minecraft frå ein tekst de har lese. Lag podcast eller små filmar om bøkene. Men hugs å setje av nok tid til å lese! Ein kan godt lese ute om vêret tillet det.
        4. Estetiske opplevingar! La elevane få gje utrykk for leseopplevingane sine! Lag kunstutstilling med eigenproduserte bilete, eller snøskulpturar, syng eller spel songar som høver til lesinga, dramatiser heile bøker eller utdrag, leik bøkene, la elevane bli inspirerte til å skrive eigne tekstar, eller endre tekstar frå ein sjanger til ein annan.
        5. Fest til slutt! Marker at leseaksjonen er til endes. Vis fram det som har vorte laga. Fortel om den beste boka de har lese. Syng songar de har lært. Skal det delast ut diplom eller prisar? Framfør dramatiseringar. Kanskje noko mat kan høve til temaet?

        Døme på ein leseaksjon: Ferda til Boktopia

        (Dersom de ikkje får PowerPoint-presentasjonen til å fungere på maskina, kan de nytte denne PDF-fila: Boktopia-presentasjon.)

        Bli med på ei ferd til det ukjende landet Boktopia!
         

        Denne leseaksjonen tek utgangspunkt i ei reise. Tanken er at bøkene som elevane les, vert omforma til vind som driv eit skip framover langs kysten til eit fantasiland, Boktopia. Det er fire stopp i dette landet. På desse stoppa vert det høgtlesing og aktivitetar i tilknyting til desse stadane.

        Elevane får eit eige kart som dei må fylgje. Dei kan merke av kvar dei kjem!
         

        Lykke til med leseaksjonane! Hugs at det aller viktigaste med ein leseaksjon er å setje av tid til å lese!

        Har du gjennomført leseaksjonen, Ferda til Boktopia, saman med klassen?
        Send ein e-post til ingvild@nynorsksenteret.no for å få tilsendt fine bokmerke i premie til elevane.