Bok på 1-2-3: Fiskebolleboksraketten
Tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk, kunst og handverk, naturfag (og mat og helse og musikk). Moment og tema frå verdigrunnlaget i opplæringa og dei tverrfaglege temaa er vektlagde i ressursen.
Tidsbruk: om lag 120 minutt. (+ tilleggsoppgåvene)
Om boka
Nils og faren er snart ferdige med å bygge ein rakett av tomme fiskebolleboksar, sponsa av Franzen Fizkebollefabrikk. Nils og faren har ete fiskebollar til frukost, middag og kvelds så lenge Nils kan hugse, og no har dei endeleg fått nok boksar til å gjere ferdig raketten. Det einaste dei ventar på, er oppskytingsknappen som skal kome i posten. Då kan faren til Nils endeleg få reise rundt månen med fiskebolleboks-raketten. Men oppskytingsknappen let vente på seg. Det er visst noko med adressa som ikkje stemmer. Det var bestefaren til Nils som starta å bygge på raketten, men det tok lang tid utan at raketten vart ferdig. Då starta avisene å skrive om at draumen var altfor stor, og at bestefaren til Nils var tullerusk. Faren til Nils bestemte seg for å bevise at rykta ikkje stemde, og overtok draumen om å gjere raketten ferdig og flyge rundt månen. «Follow your dream» står det på genseren til faren. «Då bestefar gav meg DENNE genseren, då blei eg HEILT sikker på at han ville at eg også skulle drøyme om det same som han», fortel faren til Nils. Og no er det Nils sin draum også. Eller er det eigentleg det?
Musikk: syng og lytt
Under finn de songar som kan passe å synge og/eller lytte til medan de arbeider med boka.
- Fiskebolla i sjokoladesaus
- Dei tre små fisk https://www.tunkatten.no/songbok/dyr-og-fuglar/
- Kleng Kutling (Her er boka som høyrer til plata: Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar)