Å teikne motsetningspar
Når forfattar og grafikar Kari Stai les for born, har ho innimellom ei teikneøkt saman med dei til slutt. Eitt av samtaleemna er ofte kor ulike dei to hovudpersonane Jakob og Neikob er, og at dei likevel er bestevenner. Det er jammen fint at det går an!
Illustrasjonane i Jakob og Neikob-bøkene inspirerer borna til å teikne eigne figurar. Som førebuing til teikneøkta legg Kari Stai vekt på å snakke om motsetningspar, som rund/kantete, blid/trist, stor/liten, mørk/lys, og så vidare. Stai brukar sjølv ofte å ta med ferdigkopierte ark med avrunda rektangulære former, slik som hovuda til Jakob og Neikob er i boka. Så får borna i oppgåve å teikne sine eigne figurar med utgangspunkt i dei to avrunda rektangelformene. Dei kan leggje til auge, øyre og andre kroppsdelar, klede og utstyr som dei vil. Oppmod borna til å gjere dei nye figurane like ulike kvarandre som det Jakob og Neikob er, ved å bruke motsetningspara de snakka om tidlegare.