Overgangen mellom barnehage og skule
Rammeplan for barnehagen (2017) seier at dei eldste barna skal få oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og god motivasjon for å begynne på skulen, og bidra til at barna kan møte skulen med nysgjerrigheit og tru på eigne evner.
For at barn som bur i nynorskområde, skal verte trygge nynorskbrukarar, er det viktig at dei får variert og god skriftspråkstimulering på nynorsk. Dette arbeidet bør vere ein del av barnas kvardag frå dei tek til i barnehagen, og det bør leggjast ekstra vekt på det i arbeidet med overgangen mellom barnehage og skule. Aktivitetane er leikprega og varierte og stimulerer talespråket i tillegg til at borna blir kjende med kva skrift er og kan brukast til. Slik bidreg barnehagen til å leggje eit trygt og godt grunnlag for den fyrste lese- og skriveopplæringa i skulen. På denne sida finn du gode ressursar og faglege innlegg knytte til arbeid med nynorsk i overgangen mellom barnehage og skule.
Ressursar





Språkløyper
Artiklar



