Tematiske tips til nynorske barnebøker til bruk i barnehagen
I denne ressursen finn du eit utval av barnebøker frå dei siste åra, knytte til verdigrunnlaget til barnehagen og til nokre av dei fagområda som gjerne kan vera utfordrande å finne litteratur til. De finn også boktips til arbeid med overgangen mellom barnehage og skule. I arbeid med barn kan det til tider oppstå situasjonar der du får bruk for bøker som utgangspunkt for samtale om vanskelege tema. Vi har også lagt til nokre tips i den kategorien.
Fagområdet kommunikasjon, språk og tekst står sentralt i arbeidet med litteratur og høgtlesing, saman med formålet om danning, læring og fremjing av vennskap, fellesskap, kommunikasjon og språk. Høgtlesing er ein fin måte å skape rom for undring og samtale, og det kan også vera eit godt utgangspunkt for å utvide rolleleiken til barna. Det er også ei god støtte i arbeid med alle fagområda i barnehagen. I dette oversynet er kvar bok sortert etter tema med tre sentrale stikkord, slik at det skal vera enkelt å finne ei aktuell bok. Bøkene er også merkte med 0–3 og/eller 3–6, slik at ein lett kan sjå målgruppa til boka.
Frå verdigrunnlaget til barnehagen:
Barn og barndom
- Kvar er mamma mi? (C. Haughton) mamma, barn, storleik (0–3)
- Unni og Gunni gjer det fint (A.R. Folkestad) omgrepstrening, familie, dekor (0–3)
- Korleis bli kvitt ei veslesøster (V. Erstad og E.K. Okstad ) søsken, kjensler, familie (0–3 og 3–6)
- Smokkefeen Tutta (A-M. Lindtner og Jens Kristensen) smokkeslutt, kjensler, overgang (0–3)
- Mari og Magnus hos bestemor (serie) (R. Lillegraven & I. Landsem) overnatting, bestemor, heimlengt (0–3 og 3–6)
Demokrati, mangfald og gjensidig respekt
- Jakob og Neikob. Naboen (K. Stai) framandfrykt, mistru, respekt (0–3 og 3–6)
- Bomulv (N. Svendsen og A. Duzakin) mot, mangfald, einsemd (3–6)
- Bålet (T. Tjensvold) ulikskap, konflikt, likeverd (3–6)
- Ulla (Anna R. Folkestad) venneflokk, inkludering, leik (3–6)
Berekraftig utvikling
- Arkimedes og vindmølla (H. Sande og M.G. Engedal) vindmøller, naturinngrep, berekraft (3–6)
- Jakob og Neikob. Stormen (K. Stai) klima, forbruk, resirkulering (0–3 og 3–6)
- Johannes i vinden (U. og O. Jonsmoen) klima, vêr, barn (3–6)
Livsmeistring og helse
- Ørn (M. Grande) sjølvhevd, ulikskap, mot (3–6)
- Bø og Bæ og stakkars Bo (L. og O. Landström) empati, medkjensle, vennskap (0–3 og 3–6)
- Monsterbråk (Á. Jónsdóttir, R. Helmsdal og K. Güettler) krangel, uvenner, leik (0–3 og 3–6)
- Monsterbesøk (R.Helmsdal, K. Güettler og Á. Jónsdóttir) vennskap, leik, sosial kompetanse (0–3 og 3–6)
- Luisa og Ugla (L. Dreyer og G. Kvaal) vennskap, skilnader, tilhøyrsle (3–6)
- Bo flyttar ut (T. Tjensvold) vennskap, endring, familie (3–6)
Fagområde i Rammeplan for barnehagen:
Etikk, religion og filosofi
- Tenk å vere eit menneske (I. A. Ramsdal og N. Brech) undring, filosofi, refleksjon (0–3 og 3–6)
- Berre mor og Ellinor (I.Z. Aanestad og S.S. Krogseth) samhald, dilemma, sorg (3–6)
- Kåre og Marimba hjelper til (M. Lantto og C. Kuhn) etikk, dilemma, løgn (3–6)
- Jakob og Neikob og Alle Andre (K. Stai) individ, utsjånad, mangfald (3–6)
- Det er ein elefant i barnehagen (B.T. Bøe) undring, fantasi, røynda (0–3 og 3–6)
- Viss eg hadde hale (M. Eldøen og S. Goksøyr) undring, fantasi, empati (3–6)
- Du og eg (E. Osland og C. Engman) jul, vennskap, julefred (0–3 og 3–6)
Nærmiljø og samfunn
- Himmelspringaren (S. Horndal) dyreliv, mangfald, mot (0–3 og 3–6)
- Ylva og villgeitene (H. Myklebust og A. Duzakin) mot, naturen, økosamfunn (3–6)
- Under ein stein (E. Osland og I.L. Belsvik) insekt, natur, fakta (3–6)
- Dagen opp ned (M. Grande) dyreliv, natt, undring (0–3 og 3–6)
- Snøhumla Mille (J.M. Øye og A. Angelshaug) årstider, insekt, omsorg (0–3 og 3–6)
- Året rundt i Vrimleby (R.S. Berner) årstider, peikebok, biletbok (0–3 og 3–6)
Anna:
Overgangen mellom barnehage og skule
- Lykketanna (A.D. Øverbye) skulestart, gut, grue seg (3–6)
- Alle i Alta kan (Eva Jensen og Inger Lise Belsvik) alfabetet, bokstavrim, språkleik (3–6)
- Bokstavsommaren (E. Osland og I.L. Belsvik) alfabetet, hav, bokstavlyd (3–6)
- Hokus pokus 1-2-3 (S. Horndal) telje, rim, undring (3–6)
Vanskelege tema
- Monsterknipe (R. Helmsdal, K. Güettler og Á. Jónsdóttir) heim, uvisse, vald (0–3 og 3–6)
- Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar (M. Grande) depresjon, mobbing, empati (3–6)
- Når mamma blir eit monster (M. Sauermann og U. Heidschötter) skilsmisse, foreldrerett, kjensler (3–6)
- Dagen utanfor (S.L. Ørdal) dødsfall, besteforelder, sorg (3–6)
- Papelina (Randi Fuglehaug og J. Moursund) krig, flukt, familie (0–3 og 3–6)
- Skalla (R. Fuglehaug og N. Brech) barn, kreft, sjukehus (3–6)
- Frosken og fuglesongen (M. Velthuijs) dyreriket, døden, kjensler (0–3 og 3–6)