Digitale ressursar

Digitale verktøy er eit supplement til bøkene når det gjeld språkleik i barnehagen. Dei vaksne i barnehagen bør derfor vite om aktuelle verktøy som kan brukast, både på papir og digitalt. Ein bør også vite kva for ressursar som eignar seg til bruk saman med borna eller kva som er retta mot dei vaksne.

Å leike seg med ord, songar, tekstar, bokstavar og ord er med på å gje borna eit solid fundament for vidare språklæring, skriving og lesing. Varierte innfallsmetodar gjer at fleire får tilgang til språkstimulerande aktivitetar.

Berte Og Iver Ikon
Aktivitetssidene Berte og Iver

Berte og Iver inneheld språkstimulerande spel og moro. Utforsk huset deira, som er fullt av aktivitetar, språk og bokstavar.

Opne via nettlesaren. Slik legg du sida til som ein app på iPad.

Berte og Iver kledeikon
Aktivitetar med Berte og Iver-sidene

Slik kan du ta i bruk aktivitetssidene Berte og Iver i kombinasjon med fysisk materiell og gruppeaktivitetar, slik at arbeidsmåtane vert allsidige og leikbaserte. Borna får møte barnebokfigurar, utforske verdsrommet og mykje anna kjekt.

Hattesnigel
Førskuleaktivitetar med Berte og Iver

I denne ressursen finn du informasjon om korleis du som barnehagelærar eller lærar kan førebu og gjennomføre førskuleaktivitetar med utgangspunkt i aktivitetssidene Berte og Iver.

Biletboker
Nynorske biletbøker på nett

Her finn du eit stort utval av nynorske biletbøker du kan lese gratis på nett.

Tunkatten Hovudside
Tunkatten

På sida til tunkatten Lurivar finn de forteljingar, songar og boktips

Vaffelhjarte ikon NRK
Barneprogram med nynorsknær tale

Liste over barneprogram med nynorsknær tale på NRK Super.

Digital språktrening

Det er stort potensial for språkstimulering knytt til bruken av nettbrett, datamaskin eller andre digitale verktøy. Sandvik m.fl (2012) viser at born utviklar kompetanse på avkoding av ulike tekstar, bilete og lyd gjennom å bruke digitale verkty. Dette skjer også gjennom samtale med den vaksne og andre born under og etter spelesituasjonen.

Variasjon og veksling mellom bøker og digitale ressursar vil vere til hjelp for å engasjere born som ikkje elles vel boklege aktivitetar, slik at alle kan få støtte til å utvikle språket sitt.

Slik legg du til Berte og Iver som ein app

Bruk nynorske ressursar

Tidlege møte med skriftspråket legg grunnlaget for eiga skriving. Dersom borna skal verte trygge på at språket deira er eit funksjonelt språk, må dei møte det i bøker, på nettet og i dagleglivet.

I barnehagen kan det også vere aktuelt å bruke enkle biletbehandlingsprogram og skriveprogram der born og vaksne saman lagar forteljingar eller dokumenterer noko ein har gjort. At barnehagetilsette gjer dette på den målforma barnet vil møta på skulen, vil gje det eit fortrinn.

Kjelder

  • Kvinge, Lars M m.fl.: Utbreiing, bruk og haldningar til digitale verktøy og spel i norske barnehagar: Resultat frå ei nasjonal spørjeundersøking. Høgskulen i Stord og Haugesund, 2010.
  • Sandvik, Margareth m.fl.: Synteserapport om skandinavisk forsking på barns språk og språkmiljø i barnehagen i tidsrommet 2006-2014. Høgskolen i Oslo og Akershus, 2012.