Aktivitetar med Berte og Iver-sidene
Digital praksis i barnehagen
Aktivitetssidene Berte og Iver inneheld språkstimulerande aktivitetar tilpassa dei eldste i barnehagen og dei yngste i barneskulen. I denne ressursen finn du informasjon om korleis du som barnehagelærar eller lærar førebur aktiviteten, og gode framgangsmåtar til korleis ein kan bruke aktivitetssidene i arbeid med barna.
På sidene kan barna leike, improvisere og eksperimentere med rim, språklydar, staving og ord. Ein kan lytte til eit knippe nynorske barnebøker, utforske verdsrommet, gå på bokstavjakt og sjå korte animasjonsfilmar til inspirasjon for vidare arbeid. Aktivitetssidene Berte og Iver kombinerer bruk av digitale verktøy med fysisk materiell og gruppeaktivitetar, slik at arbeidsmåtane vert allsidige og leikbaserte med mest mogleg rom for samhandling mellom vaksen og barn, og barna seg imellom. Aktivitetssidene er delte opp i ulike rom ein kan utforske – leikerom, kjøken, stove, hage og observatorium – og kan brukast på både datamaskin og nettbrett.
I arbeid med digitale verktøy er det viktig å vere tett på som pedagog, og derfor anbefaler vi at ein nyttar aktivitetssidene Berte og Iver i mindre grupper.
-
Kva seier Rammeplanen?
Den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring. Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn.
I samband med bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive saman med barna. Samtidig skal digitale verktøy brukast med omhug og ikkje dominere som arbeidsmåte. Barnehagen skal utøve digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar ei gryande etisk forståing knytt til digitale medium.
(Udir 2017, s. 44)
Del 1: Møt Berte og Iver
- Nivå: 3–6 år
- Førebu: Skriv ut fargeleggingsark s. 1 og 2 (Berte og Iver). Tenk gjennom korleis de vil bruke arka i del 2 og 3 i avdelinga. Døme: Vil de henge dei rett på veggen, eller vil de lage eit månelandskap på ein gråpapirrull og lime figurane inn der?
- Innhald: Samtale om klede, fargar og historie. Formingsaktivitet.
- Tidsramme for gjennomføring av aktiviteten: 20–40 min.
Gå til LEIKEROMMET
Klikk på papirdokkene med Berte og Iver (du finn dei i hylla på leikerommet). La barna byte på å kle på dei dei ulike kleda. Stopp og snakk saman etter kvart kostymeskift om fargar og klesplagg. Kva tid kan ein bruke dei ulike kleda? (Karneval, skodespel, kvardags, sirkus, gamle dagar m.m.), kva antrekk passar saman?
La barna fargelegge Berte eller Iver slik dei vil. Klipp ut figurane etterpå, og heng dei opp på veggen. La det vere plass til teikningane som kjem i neste del.
Del 2: Berte og Iver og månen
- Nivå: 3–6 år
- Førebu: Skriv ut fargeleggingsark s. 3, 4 og 5 (Månemannen, Mannen i månen og romskip).
- Aktivitet: Litteraturformidling, litterær samtale. Formgjeving.
- Tidsramme for gjennomføring av aktiviteten: 15–30 min.
Gå til STOVA
Sjå filmen Berte og Iver og månen.
Stikkord for litterær samtale: Romskip; månen; mannen i månen; romvesen; verdsrommet; romferd.
La barna fargelegge Månemannen, Mannen i månen og romskipet. Klipp ut, og heng opp på veggen der Berte og Iver heng frå før.
Vil de arbeide vidare med formgjeving knytt til boka? Set fram nokre store pappesker, t.d. flytteesker, måling og andre formingseffektar, slik at barna kan samarbeide om å lage sine eigne romskip.
Del 3: Verdsrommet
- Nivå: 3–6 år
- Førebu: Finn fram blanke ark og teiknesaker, og eventuelt ulike former til å teikne store og små sirklar, til etterarbeid. Skriv ut planetplakaten.
- Aktivitet: Naturfag: solsystemet. Formgjeving.
- Tidsramme for gjennomføring av aktiviteten: 20–30 min.
Gå til OBSERVATORIET
I observatoriet finn de eit planetspel på datamaskina. Her er det om å gjere å finne rett plass til planetane. Bruk god tid på å sjå på planetplakaten og samtale om verdsrommet før de set i gang med spelet. Kva heiter planetane, og kva planet bur vi på? Kva planetar er kalde og varme (korleis er det å vere nær sola?)?
Når alle har fått prøvd seg på å pusle planetane på plass, kan ein gå i gang med å teikne planetane. Heng dei opp saman med dei andre teikningane frå Berte og Iver og månen, eller heng dei i taket.
Verdsrommet er spanande for barnehagebarn og eignar seg godt som tverrfagleg temaarbeid. Naturfagsenteret har ei eiga temaside for verdsrommet under Forskerfrø, knytt til mål frå Rammeplanen. Her finn ein ressursar som er enkle å ta i bruk, filmar som forklarar verdsrommet, dag, natt og årstider, og mykje meir! Kva med å lage eit stjernehjul eller ein stjernekikkert?
Del 4: Møt figurane
- Nivå: 3–6 år
- Førebu: Lån boka Jakob og Neikob eller Flekkmonsteret bygger harefelle, slik at barna kan få bla i dei etter den digitale aktiviteten. Ved behov, øv på å spele memo. I denne aktiviteten skal barna finne to like, og det kan vera lurt å øve på å hugse før ein set i gang, for å unngå vilkårleg trykking.
- Aktivitet: Bli kjend med figurane. Spel.
- Tidsramme for gjennomføring av aktiviteten: 20–30 min.
Gå til LEIKEROMMET
Finn korta som ligg midt på golvet på leikerommet. I dette finn-to-like-spelet møter de:
- Berte og Iver (hefte)
- Jakob og Neikob (bokserie)
- Flekkmonsteret, Haren og Pingla (Flekkmonsteret bygger harefelle)
- Kråkebollebilly (animasjonsfilm)
La barna byte på kven som løfter korta, og øv på å bruke god tid på å hugse.
Kjenner barna til nokon av desse frå før? Har de kanskje lese bøker om nokon av dei? Kven trur de Berte og Iver er? Og kven er Kråkebollebilly?