Jakob og Neikob

Jakob seier alltid «ja». Neikob seier alltid «nei». Kari Stai har laga mange fine bøker om Jakob og Neikob. Her finn du idear til korleis du kan arbeide med boka, i tillegg til ein animasjonsfilm basert på ein del av første boka om dei to venene.

Du kan lese eller lytte til boka Jakob og Neikob gratis gjennom Sprell-ressursen til Nasjonalt lesesenter.

Idear til korleis du kan arbeide med boka

Motsetningspar Kvadrat

Illustrasjonane i Jakob og Neikob-bøkene kan inspirere borna til å teikne eigne figurar.

Klipp Og Lim Jakob Og Neikob

I denne ressursen vil vi sjå nærare på korleis ein kan bruke illustrasjonane i den første Jakob og Neikob-boka som inspirasjon for å lage eigne forteljingar og kollasjar.

Jakob Og Neikob Fargelegging

Her kan du skrive ut tre fargeleggingsark med Jakob og Neikob.

Snakkebobler Jakob

Til fargeleggingsarka kan de velje å skrive ut nokre snakke- og tenkebobler som barna kan velje mellom. Dei kan klippe ut boblene og lime dei på fargeleggingsarka. Det ligg også nokre bobler utan tekst. Her kan barna skrive bokstavar, ord eller setningar som dei sjølv ynskjer.