Biblioteksamarbeid
Forsking viser at samarbeid mellom bibliotek og barnehage styrker leseaktivitetane i barnehagen (Sandvik, Garmann, & Tkachenko, 2014). Gjennom samarbeid får barnehagane tilgang til ny barnelitteratur, og biblioteksamarbeid bidreg til at både vaksne og born i barnehagen vert kjende med fleire nye bøker. Nynorske lesefrø er ein arbeidsmåte med samarbeid mellom det lokale biblioteket og barnehagar i kommunen, der biblioteket lagar bokkasser til barnehagen. Slik kan ein styrke tilgangen på nynorske barnebøker i barnehagen, leggje til rette for fleire leseaktivitetar med nynorske barnebøker og auke medvitet om det nynorske språket i personalgruppa.
De treng ikkje søkje om løyve til å setje i gang med Nynorske lesefrø. Det er fritt fram å bruke heile eller delar av «oppskrifta» for alle som vil verte betre kjende med den nynorske barnelitteraturen.
Korleis organisere Nynorske lesefrø?
Nettverksgruppe og leiing
I Nynorske lesefrø er samarbeid mellom ein bibliotekar og ein kontaktperson i barnehagen sentralt. I kommunar der det er fleire barnehagar som deltek, har bibliotekaren og kontaktpersonane frå kvar barnehage danna ei nettverksgruppe. Bibliotekaren har ansvaret for å leie arbeidet. I nettverksgruppa kan ein dele erfaringar, inspirere kvarandre og planlegge aktivitetar i lag. Nettverksgruppa møtest to til tre gonger i året, alt etter ønske.
Bokkasser
Bibliotekarane set saman bokkasser og organiserer utdeling av bokkasser til barnehagane. I bokkassene er det samla nynorske barnebøker for born i ulike aldersgrupper. I løpet av eit barnehageår kan ein få to til tre bokkasser. Kassene kan rullere mellom barnehagane, slik at utvalet er nytt for borna. Dette sikrar tilgang til nye bøker i barnehagane. Dei vaksne bør oppmuntrast til å lese nye bøker. Ein kan til dømes byte på å presentere ei ny bok kvar gong det er personalmøte.
Utlån av bøker i barnehagen
Mange barnehagar har utlån av bøker til borna i barnehagen. Dette kan organiserast på ulike måtar. Erfaringar frå Nynorske lesefrø viser at enkle utlånssystem kan fungere bra, med til dømes ein perm eller ei bok der foreldra skriv inn namn og tittel på boka, og stryk det ut att når dei leverer boka tilbake. Plasseringa av bøkene som er til utlån, er viktig. Når bøkene er plassert i hente-/bringe-arealet vert bøkene ofte lånte med heim.
Tilgang på bøkene i barnehagen
Det er viktig at bøkene som er i barnehagen, er tilgjengelege for borna. Det skal vere lett for borna å finne dei bøkene dei er på jakt etter. I tillegg er det inspirerande å stille ut bøkene, slik at ein ser framsida på bøkene. Måten ein presenterer bøkene på i barnehagen, er med på å skape motivasjon for lesing. Mange barnehagar har organisert bøkene slik at det vert oversiktleg og bøkene er lett å nå tak i for borna. I Nynorske lesefrø-barnehagar er nynorske bøker gjerne merkte og plasserte i ei eiga hylle, slik at det er lett å finne desse bøkene.
Spørsmål ein kan stille for organisere bøkene i barnehagen:
- Kvar er det best å plassere bøkene?
- Skal bøkene ha ei systematisk plassering?
- Skal bøkene stå tematisk eller etter skriftspråk?
Lesekrok i barnehagen
Å ha ein plass der ein kan lytte, lese, sjå på bilete, fabulere, la tankane fly og samtale, gir ei god ramme for gode lesestunder. Det er mange som har eigen lesekrok for leseaktivitetar i barnehagen.
Leselogg
Ved å føre leselogg kan ein ha oversikt over kva for born som vert lesne for. Dette for å sikre at alle borna i barnehagen deltek i leseaktivitetar.
Slik kjem du i gang med Nynorske lesefrø
Ein kontaktperson i barnehagen tek kontakt med folkebiblioteket (ev. omvendt) og avtalar eit første møte. På det første møtet avtalar de:
- kven som kjøper inn bokkassene
- kva datoar, til dømes kvar 6. veke, ny bokkasse er klar
- om barnehagane hentar ny kasse, eller om biblioteket leverer ny og hentar den førre
- om barnehagen skal kunne låne ut bøker til heimane
- kor lenge vi vil ha eit slikt bokkassesamarbeid – eitt år, to år?
- om vi kan få med fleire barnehagar på eit slikt samarbeid. Det er veldig greitt å la bokkassene rullere mellom barnehagane, og det er fint å utveksle idéar og erfaringar med andre barnehagar i eit felles kontaktperson- og bibliotekmøte.
Etter det første møtet orienterer kontaktpersonen i barnehagen dei andre tilsette i barnehagen.
Erfaringar frå prosjektet
- Samarbeidet med biblioteket gjer at barnehagane får nye bøker til barnehagen, systematisk. Dette er stimulerande for dei tilsette og for borna.
- Bibliotekaren kjem med bokkasser til barnehagen gjennom året. Born og vaksne i barnehagen gler seg kvar gong det kjem nye kasser med bøker frå biblioteket, og er svært nøgde med samarbeidet med biblioteket. Når bibliotekaren kjem med nye bokkasser til barnehagane, er det fest, stor stas og glede.
- Nye bøker har ført til fleire lesestunder og større engasjement hos dei tilsette. Dette smittar over på borna. Ny litteratur gjev ny undring.
- Samarbeidet med biblioteket gjer at borna vert kjende med biblioteket og at dei har fått gode opplevingar knytte til biblioteket og til det å låne bøker. Mange opplever at ein får vist fram det skattkammeret biblioteket er. Biblioteket legg til rette for besøk i biblioteket både med og utan lesestunder.
- Alle melder at personalgruppa har blitt meir bevisst på lesing i barnehagen, på kva som finst av nynorsk barnelitteratur og på å bruke han. «Det er ei ny verd som har opna seg», sa ein av styrarane. Deltaking i prosjektet har slik gitt kunnskap og styrkt medvit til personalet om kor viktig det er med lesing i barnehagen.
- Meir bevisste tilsette som prøver nye bøker framfor å berre velje dei dei sjølve hadde vakse opp med eller brukt med eigne barn for nokre år sidan. Ei god blanding av ny og eldre litteratur.
- Prosjektet har bidrege til at dei tilsette les meir og brukar meir bøker, songar, rim og regler på nynorsk. Dei brukar bøkene i meir varierte samlingar og på ulike måtar. Bøkene har vorte viktigare i arbeidet med språkstimulering. Dei tilsette reflekterer over både språk og innhald i bøkene.
- Dei fortel om positive erfaringar med dei nynorske barnebøkene. Mange er overraska over kor mange gode nynorskbøker som finst. Tilsette i ein barnehage fortel at dei no les berre nynorskbøker. Det vart meir naturleg å lese nynorsk enn bokmålsbøker til borna som skal ha nynorsk som sitt opplæringsmål.
- Erfaringar frå biblioteket i etterkant når borna har starta på skulen er at foreldre og born kjem på biblioteket og etterspør bøker på nynorsk som passar for deira lesenivå. Bibliotekarane er svært positive til at borna vert kjende med biblioteket tidleg.
Kjelder
Sandvik, M., Garmann, N. G., & Tkachenko, E. (2014). Synteserapport om skandinavisk forskning på barns språk og språkmiljø i barnehagen i tidsrommet 2006–2014. Høgskolen i Oslo og Akershus.