Dagtavle

Mange barnehagar startar samlingsstunda eller fellestida på dagen med å snakke om kva dag det er, kva årstid, vêr og liknande. Dagtavla og vêrplakaten er eit utgangspunkt for samtale i gruppa og er med på å utvide ordforrådet og borna si forståing for tid og andre samanhengar i kvardagen.

Sjølv om barnehagebarn ikkje les eller skriv sjølve enno, får også dei viktige erfaringar med kva skrift er og kan brukast til. I barnehagar og skular i nynorskområde er det viktig å bruke nynorske dagtavler og biletkort – det legg til rette for at borna får skriftspråkstimulering på hovudmålet sitt. Desse plakatane er ein enkel variant som du kan skrive ut i A3-format og laminere, slik at du kan krysse av med tavletusj.

På dagtavla kan du markere kva vekedag det er, kva månad det er, og kva årstid det er. På vêrplakaten kan du markere kva vêr det er, kor varmt det er, og kva for klede som kan passe til vêret.

Dersom du vil klippe ut vêrsymbola og illustrasjonane av klede for å bruke som biletkort, kan du laste ned ein PDF her: Vêret i dag (biletkort).

Mange barn treng å vite meir inngåande kva som skal skje gjennom dagen, for å handtere overgangssituasjonar. Innanfor ASK-kommunikasjon (alternativ og supplerande kommunikasjon) er mellom anna biletkort gode hjelpemiddel, både for einskildbarn og generelt i barnegruppa. Det finst mange ulike dagtavler med illustrasjonar og bilete å få kjøpt, eller ein kan lage dei sjølve. Ofte har biletkorta borrelås eller magnetar bakpå, slik at ein kan bruke dei opp att og flytte på dei. Hugs at biletkorta er med på å gje alle barn i barnehagen erfaringar med skrift, og at nynorske biletkort skaper språkleg samanheng mellom barnehage og skule.

Dersom de vil ha eit vers for å markere kva vekedag det er, kan de til dømes nytte songen Dagane:

Dagane Ark 5
Dagane – ein song om vekedagane

Hilde Myklebust og Heidi Marie Vestrheim har laga ein song om vekedagane. Her finn du både tekst, illustrerte ark for kvar vekedag, musikkvideo, gitargrep, komp og innspeling av songen.