Aktivitetsark

Desse aktivitetsarka kan nyttast som fellesleikar eller som vaksenstyrt aktivitet i mindre grupper. Føremålet med aktivitetsarka er å leike med talespråket og slik utvikle språkleg medvit.

Biletlotto 01
Biletlotto (PDF)

Biletlotto med figurar frå boka og vevsida om Berte og Iver. Skriv ut arka, klipp ut firkantane og finn to og to like. Biletlottoen finst dessutan i ei utgåve med tre spelebrett.

Rim 1
Rim (PDF)

Skriv ut arka, klipp ut firkantane og finn orda som rimar. Korta har fargekode, noko som gjer det enklare for mindre born å delta i aktiviteten. Det finst òg ei utgåve utan fargekoding.

Les meir om aktivitetar med rimkort.

Henrik And Ikon
Henrik And (PDF)

Her kan du skrive ut aktivitetsark med barnebokfiguren Henrik And, laga av Anna R. Folkestad. 

Kakerlakken Ikon
Kakerlakken med den stygge frakken (PDF)

Martine Grande har laga ei lita brettebokutgåve av biletboka Kakerlakken med den stygge frakken. Det kan vere lurt å lesa bretteinstruksjonane før du byrjar.

Fargeleggingsark

Ulla Kvadrat
Fargelegg Ulla og venene (PDF)

Her kan du fargeleggje figurar frå barneboka Ulla av Anna R. Folkestad.

Jakob Og Neikob Fargelegging
Fargelegg Jakob og Neikob (PDF)

Her kan du skrive ut tre fargeleggingsark med Jakob og Neikob.

Mopp Og Mikko Ikon
Fargelegg Mopp og Mikko (PDF)

«Mopp og Mikko» av Kari Stai er ein bokserie for dei minste. Her kan du skrive ut fire fargeleggingsark med dei to figurane.

Fargelegging Unni Og Gunni
Fargelegg Unni og Gunni (PDF)

«Unni og Gunni» av Anna R. Folkestad er ein bokserie for dei minste. Her kan du skrive ut to fargeleggingsark med dei to pingvinane. 

Fargelegg Og Skriv
Fargelegg og skriv (PDF)

Her kan du skrive ut to fargeleggingsark med bilete. Kvart bilete har plass under til å skrive på bokstaven eller namnet som høyrer til figuren. Bileta er dei same som på biletlottoen, og biletlottoen kan difor nyttast som hjelp.

Fargelegg Berteogiver
Fargelegg Berte og Iver (PDF)

Berte og Iver finn på mykje morosamt saman. Her kan du skrive ut ein serie på seks fargeleggingsark med bilete av Berte, Iver, Månemannen og Mannen i månen.