Utforsking av skrift
Rammeplan for barnehagen (2017) seier at barnehagen skal bidra til at borna «utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar», og at personalet skal «støtte barna i leiken med og utforskinga av skriftspråket».
I område der borna skal ha nynorsk når dei byrjar på skulen, er det viktig at denne leiken og utforskinga av skriftspråket får gå føre seg på nynorsk. Her kan ein bruke enkle, stimulerande grep i kvardagen, til dømes å ta i bruk nynorsk når borna teiknar og skriv kort, som «Til pappa frå Lisa» og «Helsing Ola».
-
Refleksjonsspørsmål til filmen
- Korleis er nynorsk synleg for borna i det fysiske miljøet i barnehagen i dag?
Visuelt: skrift på veggane som plakatar, lappar, branninstruksar, skilt i garderoben og namnelappar m.m.
Materiell: bøker, songbøker, songkort, bildestøtte, språkstimuleringspakkar m.m. - I kva grad nyttar de nynorsk i arbeidet med skriftspråkstimulering i barnehagen generelt, og med førskulebarna spesielt?
Døme: Av bøker til høgtlesing, songar, rim og regler og aktivitetsark/førskulehefte (dersom aktuelt), kor mykje av dette er på nynorsk samanlikna med bokmål? - Korleis arbeider de i kommunen dykkar når det gjeld samarbeidet knytt til overgangen mellom barnehage og skule, og i kva grad vert nynorsk tematisert?
- Korleis er nynorsk synleg for borna i det fysiske miljøet i barnehagen i dag?