Nynorsk i barnehagen
Denne plakaten viser korleis du på ulike måtar kan drive med nynorsk språkstimulering i barnehagen.
Du kan laste ned plakaten i PDF-format og skrive han ut sjølv. Dersom du vil ha eit gratis papireksemplar av plakaten i A3-format, kan du ta kontakt med oss på e-postadressa ror@hivolda.no.
Lytte
Born lærer nynorsk gjennom øyra
La borna møte nynorsk tekst i høgtlesing, songar, rim og regler, dikt og lydbøker.
Les nynorske bøker og tekstar slik dei er skrivne
Born må få møte nynorske ord og setningar og bli kjende med ord som «eg», «dei», «ein», «kvifor», «kven», «leike» og så vidare. Slik får dei eit rikt ordforråd å byggje vidare på.
Nynorsk i rutinesituasjonar
Vel nynorske brukstekstar, som fødselsdagssongar, kalenderdikt, namneleikar, bordvers og anna.
Sjå
Nynorsk når de teiknar og skriv
Bruk nynorsk når borna teiknar og skriv kort, brev eller forteljingar. Døme: «Til pappa frå Emma», «Eg er glad i deg», «Helsing Oskar».
Nynorsk i det fysiske rommet
Ha nynorsk skrift på lappar i garderoben, dokumentasjonsplakatar, informasjonsskjermar og liknande. Born tileignar seg kunnskap om skrift også gjennom auga, lenge før dei sjølve lærer å lese.
Snakke
Snakk saman
Ha samtalar med borna om språkleg variasjon. Dei har ofte fleire dialekter og språk rundt seg og har nytte av å lære ord for å snakke om erfaringar knytte til språk, til dømes «morsmål», «tospråkleg», «dialekt», «bokmål» og «nynorsk».
Skriftspråkstimulering i barnehagen skjer kvar dag, mellom anna gjennom songar, regler, høgtlesing, samtale om språk og ved teiknebordet. Legg til rette for nynorsk i kvardagen og gje borna ei variert, rik og heilskapleg språkstimulering.
Plakaten er laga med grunnlag i teksten «Åtte innspel for ei nynorsk språkstimulering» av Ingeborg Mjør.
Illustrasjon: Ragnar Aalbu