Musikk, rim og regler

Nynorsksenteret vil løfte fram den munnlege rim- og regletradisjonen og inspirere til å bruke slike små vers i barnehage og skule. I Rammeplan for barnehagen 2017, under Kommunikasjon, språk og tekst, står det formulert slik:

I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialekter gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå samtid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leikar med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling.

Personalet i barnehagen skal mellom anna oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme. Ein bør bruke varierte formidlingsformer og inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar.

Dagane Ikon2
Dagane

Hilde Myklebust og Heidi Marie Vestrheim har laga ein song om vekedagane. Her finn du både tekst, illustrerte ark for kvar vekedag, musikkvideo, gitargrep, komp og innspeling av songen.

Heksa Ikon
Matvers

Ei lita samling med matdikt på nynorsk. Nokre av versa er tonesette, og alle er illustrerte av Per Ragnar Møkleby.

Rim Dyr 530
Rim og regler: Dyr og fuglar

Ei lita samling med rim og regler om dyr og fuglar.

Rim Vennskap 530
Rim og regler: Vennskap og litt av kvart

Ei lita samling med rim og regler om vennskap og litt av kvart.

Rim Fanget 530
Rim og regler: På fanget

Ei lita samling med rim og regler du kan bruke når du har barn på fanget.

Rim Kroppen 530
Rim og regler: Kroppen, fingrar og tær

Ei lita samling med rim og regler om kroppen, fingrar og tær.

Prikk Og Flekk Tanntryllar Utsnitt
Tanntrolltrall

Ein tannpussesong med dei populære barnebokfigurane Prikk og Flekk.

Barnesongar1
Spelelister med nynorske barnesongar

Nynorsksenteret har laga til spelelister med nynorske barnesongar for Spotify og Tidal.

Kva Er Regnet
Animasjon: Kva er regnet?

Animatøren Martine Grande har animert barneteikningar laga til diktet «Kva er regnet?» av Oskar Stein Bjørlykke.

Nynorske barnesongbøker på nett

Tunkatten Songbok
Tunkatten si songbok

På vevsida til Tunkatten har Ivar Aasen-tunet laga ei songbok med nye og gamle nynorske barnesongar. På songboksidene finn du både notar, komp og innspelingar av songane.

Rocken Bom
Songboka mi

Songbok i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.