Barnesongar på nynorsk – småbarnsavdeling

Barn lærer språk gjennom øyra, og song, rim og regler bidreg til at dei møter eit mangfald av tekster i barnehagen. I denne ressursen finn de eit utval av barnesongar på nynorsk; songar som tek føre seg vekedagane, tal, fargar og andre sentrale ord i det nynorske skriftspråket. Ressursen kan nyttast som inspirasjon eller utvikling i personalgruppa, og til kvar film ligg det ved ein PDF med tekstar til utskrift, som ein gjerne kan laminere til bruk på avdelingane. Dersom ein skal nytte filmane i personalgruppa, er det ein fordel å kople datamaskina til ein ekstra høgtalar for god lyd!

Hefte med tekstane

Her kan du laste ned hefte med songtekstane frå filmane.

Stripe
  • Songbøker på nett
    Tunkatten Songbok
    Tunkatten si songbok

    På vevsida til Tunkatten har Ivar Aasen-tunet laga ei songbok med nye og gamle nynorske barnesongar. På songboksidene finn du både notar, komp og innspelingar av songane.

Les meir om å syngje på nynorsk i barnehagen: Er det så nøye, da?