• Blogg
  • Barnesongar på nynorsk: Er det så nøye, da?

Barnesongar på nynorsk: Er det så nøye, da?

18.04.2022

IMG 0814 til nettside

God språkstimulering i barnehagen inneber at personalet har eit bevisst forhold til kva dei tilfører av språkleg stimuli, og kvifor. Barn lærer språk gjennom øyra, og høgtlesing, song, rim og regler bidreg til at dei møter eit mangfald av tekster i barnehagen. Så kva rolle spelar det om desse tekstene er på nynorsk, dialekt eller bokmål?

Tekst: Hildegunn Hovde
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

«Hvilken dag er det i dag?
Hvilken dag er det i dag?
Er det tirsdag? JA!
Er det tirsdag? JA!»

(Tekst/melodi: C. Robbins / P. Nordoff, norsk tekst: H.B. Grønneberg)

Det var ikkje lørdag, søndag eller mandag! Det var TIRSDAG! 4-åringen framfører høgtideleg songen ved middagsbordet, for så å fortsetja med ei regle: «En, to, tre, fire, fem, seks, syv, reven er en hønsetyv!» Dette er ein kjend situasjon for dei fleste foreldre. Barn repeterer songar og regler dei har lært, og dette er med på å utvide ordforrådet. Hjartesukket til underteikna er at ved å drille songar og rim på bokmål, får 4-åringen, som neste år skal ha nynorsk som det første opplæringsspråket på skule, inn enda fleire bokmålsord i vokabularet sitt. Desse bokmålsorda trumfar i stor grad dei nynorske (og dialektorda!) når barnet tel og ramsar opp vekedagane. Og mor smyg inn så pedagogisk ho berre kan: måndag, tysdag, laurdag. Ein, sju.

IMG 0840

I fjor vår gjennomførte Pirion og LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) Barnehageundersøkinga 2021. 234 styrarar i barnehagar i nynorske område svara, av 712 spurde. Undersøkinga viste mellom anna at færre brukar nynorske songar og bøker, samanlikna med undersøkinga i 2017. På spørsmål om kor ofte barna vert sungne for på nynorsk, svara 51 % av styrarane ein eller fleire gongar pr. dag. Til samanlikning er prosentandelen for bokmål 70 %.

Barnehagen er ein arena for munnleg språk der dei vaksne er språklege modellar. Barn lærer språk gjennom øyra, og dei nyttar ofte lærte frasar frå både vaksne, bøker og songar. Rammeplanen for barnehagen seier at personalet skal støtte barna i leiken med og utforskinga av skriftspråket (KD, 2017, s. 48), men han seier ikkje noko om kva for skriftspråk som skal nyttast. I støttemateriellet til Rammeplanen, Temahefte om språkstimulering og språkmiljø i barnehagen, vert nynorsk omtala som eit mindretalsspråk, ein del av det språklege og kulturelle mangfaldet i barnehagen. Det er viktig at barn utviklar eit positivt forhold til sitt eige språk, og når ein brukar språket, gjev ein det positiv verdi (KD, 2009, s. 10).

IMG 0853

Ved å eksponere barn for nynorsk allereie i barnehagen, kan ein bidra til å gjera språkforma mindre framand og leggje eit godt grunnlag for den første lese- og skriveopplæringa på nynorsk. Dei aller fleste barn i Noreg har det til felles at skriftspråkstandarden dei skal lære, er ein språkleg varietet som er annleis enn den ein nyttar i talespråket. Det som gjer situasjonen annleis for nynorskbrukarar, er den store bokmålsdominansen i samfunnet (Vangsnes et.al., 2017, s. 223). Barn i nynorskområde må få skriftspråkstimulering på hovudmålet sitt for at dei skal kunne bli trygge nynorskbrukarar. Ein masterstudie i 2018 løfta fram kor viktig det er å møte skriftspråket sitt i barnehagen, fordi den tidlege literacyutviklinga startar lenge før den formelle opplæringa i skulen (Vadstein, 2018, s. 90). I barnehagen handlar det om å syngje, bli lesen for, teikne og leike seg med skriving, ha skrift i det fysiske miljøet, møte rim og regler, og elles sjå at dei vaksne brukar skrift i kvardagen.

Det tekstlege utvalet i barnehagen spelar ei stor rolle. Ved at dei tilsette bevisst nyttar nynorsk i det daglege, er dei med på å bygge eit rikt og variert ordforråd for dei barna som skal ha nynorsk som hovudmål frå 1. klasse. Dette arbeidet bør byrje allereie på småbarnsavdelinga. Barna treng å høyre, syngje og leike skriftspråket nynorsk. Å få slike erfaringar gjer at barna blir vane med nynorske ord som eg, dei, dykk, kven, kvifor, korleis, osb. Nynorsksenteret har nå laga ein større ressurs med barnesongar og regler på nynorsk. Her finn ein filmar med eit knippe songar som garantert vil falle i smak hos både store og små.

«Ved vegen låg eit skomakarhus, skom-skom-skomakarhus, ved vegen låg eit hus» syng 4-åringen av full hals på kav nynorsk. «Dette er nynorsk, ikkje sant?» seier ho ivrig, og teiknar eit stort og fargerikt hus. «Kva er ein skomakar?».

Aktuelle ressursar

Hildegunn2
Barnesongar på nynorsk – småbarnsavdeling

Her finn du to filmar med gode nynorske barnesongar som kan passe på småbarnsavdeling.

Hildegunn1
Barnesongar på nynorsk – storbarnsavdeling

Her finn du to filmar med gode nynorske barnesongar som kan passe på storbarnsavdeling.

Hender som spår til nettside
Brett ein spå, så skal du sjå!

Å lage spå er ein aktivitet som inspirerer til språkleik og skriving i barnehagen.

Konkretar2 kvadrat
Høgtlesing og bruk av konkretar og fokusord

Mange barnehagar har gode erfaringar med å bruke konkretar i samband med eventyr og bøker. Ved å kople nye ord til noko ein kan sjå, ta på og leike med, vert det enklare for borna å forstå ord og omgrep og å kople dei til eigne erfaringar. Det er språkstimulering i praksis.

Frosken er redd ikon
Frosken er redd: Dialogisk lesing og litterær samtale

Slik kan du gjennomføre ei god høgtlesing med lesestopp, litterær samtale og arbeid med ordforråd.

Kjeldeliste:

E. Bjørhusdal & I. B. Budal (red), (2017) Nynorsk med dei minste, Det Norske Samlaget.

Kunnskapsdepartementet. (2009) Temahefte om språkstimulering og språkmiljø i barnehagen. Regjeringen. https://www.regjeringen.no&nbs...;

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Udir. https://www.udir.no ;

A. M. V. Vadstein (2018) Skriftkultur i barnehøgd - en vaksne som tilretteleggar for nynorsk språkstimulering i barnehagen. Masteroppgåve ved Høgskulen i Volda

Langåker, S.O.B (2021, 6.mai) Nynorske barnehagar les og syng framleis mest på bokmål https://lnk.no/nyhende/nynorske-barnehagar-les-og-syng-framleis-mest-pa-bokmal/