Brett ein spå, så skal du sjå!

P1044748 redigert og komprimert

Ein aktivitet som inspirerer til språkleik og skriving i barnehagen.

Tekst: Skrivesenteret, NTNU
Foto: Nynorsksenteret

Å leike med spå er ein aktivitet som både små og store barn set pris på. Denne ressursen skildrar korleis ein barnehage har brukt spå som ein inngang til omgrepstrening. Ifølge Rammeplan for barnehagen skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar omgrepsforståinga si og nyttar eit variert ordforråd. Personalet skal skapa eit variert språkmiljø der barna får oppleva glede ved å bruke språk og kommunisere med andre (KD, 2017). Å brette spå inviterer til leik og sosialt samspel, noko som er eit godt grunnlag for språkarbeidet.

Den vaksne innleier det heile med ei samtale. Kva er ein spå? Kva bruker vi han til? Korleis bruker vi han? Barna får deretter sjå nokre ferdige modellar, slik at dei kan sjå for seg korleis sluttproduktet skal bli. Den vaksne spår barna, og orda som kjem fram under dialogen, blir nedskrivne. Dette kan gjerast på ei tavle eller på eit stort ark som de hengjer opp.

Dette må vera på plass før du startar aktiviteten med barna:

  • Papir i A4-storleik
  • Sakser
  • Fargeblyantar
  • Lappar til å skrive ord på
IMG 1472 til nettside

Fargar, tal og beskrivande ord

I ein slik aktivitet er det relevant å snakke om fargar, gjerne på både nynorsk og engelsk. Fargenamna kan også skrivast på tavla eller på eit stort ark. Det kan også vera aktuelt å finne fargeord på andre språk dersom det er barn med ulike språk i barnehagen. Vidare kan ein snakke om beskrivande ord, som til dømes artig, god, hjelpsam, snill og grei. Ein kan også bruke verb som hoppe, danse, springe, vinke og klappe. Orda ein vel, kan skrivast som ei støtte til det barnet teiknar i spåen sin. Ifølgje rammeplanen for barnehagar (2017, s. 47) skal barna få utforske og utvikle språkforståing og språkkompetanse og møte ulike språk i barnehagen. Gjennom ein slik aktivitet får barna høve til nett dette. Her er det fint å ta i bruk ein bokstavhjelpar, bokstavane i alfabetet med teikning til kvar bokstav, slik at barna sjølve kan leite etter bokstavane. Det er bokstavlyden og ikkje bokstavnamnet som må brukast under samtalen med barna. Tala er også ein del av spåen. Teljeøvingar, gjerne med rytme og klapp, fengjer barna. Teljesongar og teljeregler kan vera artige å bruke til øving av talforståing. Når dei skal skrive tala i spåen, kan barna ha støtte i talhjelparar som viser talet og mengda.

Talhjelpar til nettside

Ferdigheitstrening

Det å spå nokon eller å sjølv bli spådd, er ein artig aktivitet som er prega av leik for barna. Det utviklar også ulike ferdigheiter. Ved å brette og klippe øver ein auge-hand-koordinasjonen. Fargelegging og skriving øver finmotoriske ferdigheiter som mellom anna blyantgrep. I samtaledelen får barnet øvd på å ta ordet, og omgrepsforståinga vert utvida, noko som igjen kan styrke barnets sjølvhevding noko som igjen kan styrke den språklege sjølvtillita til barnet. Når barna tek spåen i bruk, får dei også god trening i å samhandle med andre. Vidare får dei øvd på bokstavlydar og skriving av bokstavar. Kanskje oppdagar dei også at det munnlege språket kan leie til ei skriftleg tekst? Gjennom ein slik aktivitet får barna sjå at skrivinga har eit føremål, og at teikningane og orda bidreg til dialog og kommunikasjon med andre.

IMG 1536 til nettside

Å lytte til innspela frå barna

Vaksenstøtte under heile aktiviteten er viktig for barna. Det er derfor lurt å ikkje ha ei for stor gruppe med barn. Ein må ha tett dialog undervegs og ha god nok tid til å lytte til innspel frå barna. Anerkjenning av det dei seier og gjer, kan vera avgjerande for om barna blir verande i den skapande prosessen over tid. Den vaksne blir da ein viktig faktor for om barna opplever nok motivasjon til å gjera ferdig produktet sitt.

Det er populært å få med seg spåen heim slik at barna kan spå foreldre, sysken og andre kjende. Her får barnet oppleva at det er samanheng mellom barnehage og heim. Barna som er skildra i denne ressursen, vil nok skrive under på at dette er ein aktivitet som det er verd å prøve ut i andre barnehagar også.

Å få spå dei vaksne er stor stas!

Hender som spår til nettside