Leseaktivitetar

Rammeplan for barnehagen (2017) seier at borna skal møte eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer og at dei skal få oppleve spenning og glede ved høgtlesing.

Språket som borna møter i barnehagen, er viktig for språkutviklinga og identitetsutviklinga. Måten vi brukar skriftleg og munnleg språk på i ulike situasjonar, er med på å definere kven vi er. For barnet i barnehagen er det viktig at dei vaksne er medvitne om det språket som møter borna og om dei vaksne si rolle som språklege modellar.

Konkretar2 kvadrat
Høgtlesing og bruk av konkretar og fokusord

Mange barnehagar har gode erfaringar med å bruke konkretar i samband med eventyr og bøker. Ved å kople nye ord til noko ein kan sjå, ta på og leike med, vert det enklare for borna å forstå ord og omgrep og å kople dei til eigne erfaringar. Det er språkstimulering i praksis.

Leik ei bok ikon
Leik ei bok med dei yngste barna

Her ser du korleis enkle grep til forteljinga kan inspirere til leik blant dei yngste barna.

Frosken er redd ikon
Frosken er redd: Dialogisk lesing og litterær samtale

Slik kan du gjennomføre ei god høgtlesing med lesestopp, litterær samtale og arbeid med ordforråd.

Smugkikk kvadrat
Smugkikk og smakebit

Korleis kan illustrasjonane på innsida av permen nyttast til repetert lesing og utforsking av bøker?

Gjer Boka Levande Med Konkretar
Film: Gjer boka levande med konkretar

Denne filmen frå Skodje barnehage syner korleis dei bruker konkretar når dei les for dei yngste. Boka dei les, er Mopp og Mikko elskar dyr.

Bokstavsommarforventingar
Film: Skape engasjement og bygge forventingar

 Sjå korleis vi med enkle grep kan få borna engasjerte i fabulerande, skapande språkaktivitetar.

Ei Lesestund Med Dei Eldste
Film: Ei lesestund med dei eldste i barnehagen

Ein film om rolla til dei vaksne i samband med høgtlesing for dei eldste i barnehagen.

Kan Vi Lese Den Ein Gong Til
Film: Kan vi lese den ein gong til?

Ein film om høgtlesing for dei minste i barnehagen.

Jakob Og Neikob Ikon
Bok i bruk: Jakob og Neikob

Kari Stai har laga mange fine bøker om Jakob og Neikob. Her finn du idear til korleis du kan arbeide med boka, i tillegg til ein animasjonsfilm basert på ein del av første boka om dei to venene.

Flekkmonsterikon
Bok i bruk: Flekkmonsteret bygger harefelle

Ein dag bestemmer det vesle Flekkmonsteret seg for å byggje ei harefelle. Det går ikkje heilt etter planen.

Animert lydbok og bok-i-bruk-opplegg.

Hoener Hammar
Lesestund med dikt

Gjennom høgtlesing av forteljingar, dikt og regler kan born leike med språket.

Korleis formidle
Korleis formidle bøker til barn?

Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus har nokre tips til dei som skal formidle bøker til barn.

Kulturbarnikon
Kulturbarn

Språk og litteratur, song og dans, kunst og kreativitet har vore satsingsområde i prosjektet Kulturbarn Sunnfjord (2019–2021). At barnehagane ligg i nynorskområde, var ein viktig premiss for val av songar og bøker. Her kan de lese meir om bakgrunnen for prosjektet og korleis dei forankra det fagleg.