Korleis formidle bøker til barn?

Adele I Action
Adele Lærum Duus i gang med å kurse litteraturformidlarar. Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har arrangert kurs for dei som skal formidle til barn. Kursa var ein del av prosjektet Dagsturhytter med nynorske turbibliotek, og det er støtta med midlar frå Nasjonalbiblioteket.

Formidlingskurset var basert på metodikken til Adele Lærum Duus, som er skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar. Ho har gjeve ut ei bok som heiter Modig som Mitwasaman med Tiri Bergesen Schei.

Tipsa som vi viser til i denne ressursen, er henta frå formidlingskurset.  

Tips til dei som vil formidle

  1. Vel ei bok med hjartet når du skal formidle.
  2. Tenk over: Kvifor har du valt akkurat denne boka?
  3. Kva er «greia» med akkurat denne boka?
  4. Skriv ned tre ord som skildrar temaet i boka. Bruk alle sansane:
    1. Kva er fargen på boka di?
    2. Kva er lukta av boka di?
    3. Kva er lyden av boka di?
  5. Idémyldring utan sperre: Korleis kan eg/vi presentere denne boka?
  6. Bygg rammeverk og lag ein køyreplan. Det er lov å lese utdrag, og det er lov å leike med forteljinga og utvide universet til boka.
  7. Kva treng du for å gjennomføre opplegget? (Døme: Rollefigurar, dokker, rekvisittar, kostyme, scenografi, framing, bilete i bakgrunnen, lyd og musikk). Framing tyder at vi viskar vekk scenekanten og tek publikum med oss inn i miljøet der handlinga skjer.
  8. Kvar skal leseøkta gå føre seg? (Dersom ho skal vere på ei dagsturhytte, må du tenkje over at barnehagebarna skal kunne kome seg dit.)
  9. Ta kontroll over rommet! (Rydd vekk moment som stel fokus, bruk evt. lyssetting dersom du har moglegheit til det. Du kan til dømes stenge lyset ute og lage ei hemmeleg hole.)
  10. Handsopprekking kan vere ein fin måte å få med seg heile gruppa på frå start. (Døme: Kor mange har vore hos tannlegen?)
  11. Måten som vi avdukar ting på, er ikkje tilfeldig. (Du kan til dømes leggje boka under eit fint teppe og avduke henne som ein skatt.)
  12. Øv deg på å lese høgt. Måten vi bruker stemma på, er svært viktig! (Vi kan til dømes justere volumet i stemma medan vi les, vi kan leggje trykk på enkelte ord, vi kan variere tempo frå å lese sakte til å lese fort).

(Henta frå formidlingskurset til Adele Lærum Duus, www.lyslevendeadele.no)